Tordis Gauteplass og kameraet. To gode vener.

TV-Tordis

Ho har gått baklengs med kameraet på skuldra rundt heile Bragernesåsen i Drammen. Det er Tordis Gauteplass åleine om å ha gjort.

Det handla om noko så trivielt som å gå tur. Vanlegvis gjer ein det med ansiktet i fartsretninga. Det gjorde NRK-kollegaen hennar, Caroline Bækkelund Hauge, då ho intervjua artisten og musikaren Jonas Fjeld der dei rusla av garde på tur, mens fotograf Tordis rygga.

Ho humrar godt av denne historia og rasar av garde på brei og ektefødd halling. Fotografen og videojournalisten i NRK Buskerud har fått pris for hallingdialekten sin. Ho er heidra for å prate halling på TV. Beviset på det er Målprisen i Buskerud for 2019.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er stolt av dialekten min, men samanlikna med korleis dei gamle prata, så knotar eg vel.

-- Hm …

-- Ja, når eg pratar, tenker eg ofte at no sit det sikkert nokon og gremmar seg.

– Når eg skal lese inn ein kommentar, tenker eg på det. Ein kommentar skal sitje i munnen. Men det er også noko eg ikkje kan seie. Som køpp, for eksempel, og nøk og mørgon. Då blir eg av og til åling.

-- Åling …?

-- Ja, eg seier å i staden for ø.

– Eg er stolt av dialekten min.

Tordis Gauteplass er fødd og oppvaksen i Skurdalen. Ho er TV-fotograf og videojournalist i NRK Buskerud. Den første kvinnelege TV-fotografen i distriktssendinga, og ho var i si tid på midten av 90-talet ein av få kvinnelege TV-fotografar. Ho som hadde planar om å bli fysioterapeut, trur ho vart kvotert inn i NRK på ein toårig utdanning som programingeniør. Det var 700 søkjarar. Det betyr å kunne handtere alt av teknisk utstyr. Ho fekk jobb i Eng-gruppa, i praksis er det Dagsrevyen, som lydteknikar, men ho søkte og hamna etter kvart på meir heimelege traktar, i NRK Buskerud som radioteknikar. Og då det kom spørsmål om kven som hadde lyst til å arbeide med fjernsyn, var det berre å rekke opp handa. Ho har ikkje angra. Ho er stadig på farten med den store kameraet på skuldra og mange kilo med utstyr å dra på. Ikkje noko for ei gardjente som la grunnlaget for fotojobbinga på stølen. Ein blir sterk av å mjlke og dra separatoren.

- Eg brukar framleis det tunge utstyret, det gir tyngde i dobbelt forstand. Det gir nok meir respekt. Det er min beste venn. Det toler alt, regn og kulde og me går i krigen saman. Me er eit bra team. Men …

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kom igjen?

- No må eg nok mot min vilje orientere meg mot eit mindre kamera som gir betre biletekvalitet.

- Kva er forskjellen?

- Ein må vere fotointeressert for å sjå det.

Tordis Gauteplass

* Fødd og oppvaksen i Skurdalen

* Ho er 52 år, gift og har to ungar

* Jobbar som fotograf og videojournalist i NRK Buskerud

* Bur i Mjøndalen

* Ho fekk Målprisen til Buskerud Mållag for 2019.

Ho er ei kjend stemme i eteren. For fotografen og klipparen er også vorten videojournalist. Og derfor er ho å høyre i eteren. Stemma til Tordis er ikkje til å ta feil av. Ei som har brote veg for andre kvinner som drøymer om å jobbe med eit TV-kamera på skuldra. Hyggeleg og blid. Det er aldri ein kjedeleg dag med henne på jobb, seier dei som opplever ho på nært hald. Ho har ein aura rundt seg som gjer folk trygge. Ein meister til å få intervjuobjektet til å føle seg trygg. Ho er som valium på dei, ifølgje ein skarp iakttakar. Det er iallfall godt sagt.

– Eg pratar for mykje, og så hender det at eg pratar meg bort.

-- Er det ein fordel å vere kvinneleg TV-fotograf?

- Det er irrelevant. Det viktigaste er å oppføre seg. Men det var mange som ville hjelpe meg å bere utstyret. Det er opplese og vedteke at reporteren ber stativet. Men eg ber som oftast sjølv. Eg likar det. Eg har ingen fysiske plagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du har visst store og sterke overarmar?

- Jaså, kor har du det ifrå? Ho ler.

- Nei, dei er ikkje så sterke. Men eg trenar eit par dagar i veka, lett styrke og lett kondisjon. Mage og rygg. Eg tenker på jobben,

- Folk føler seg trygge i dine hender!

– Eg er glad i folk. Eg pratar for mykje og så hender det at eg pratar meg bort, ler ho.

Tordis Gauteplass i kjent stil ute i felten.

Men ho er ingen nyheitsjeger, seier ho. Ho er ikkje av dei som går gjennom eld og vatn. Men ho står i storm og vassar i djup snø på jakt etter ei god historie.

- Eg synest ofte synd på folk. Når me lagar ei sak på folk som har opplevd noko vondt, kan eg tenke at «stakkar, la han få vere i fred». Det er dokumentarist eg er.

Tordis hadde altså andre planar enn å bli TV-fotograf. Ho pratar i veg om då ho kom til gymnaset frå «verdas beste skule» i Skurdalen med berre 14 elevar, 1.-6. klasse, via Hol ungdomsskule på Geilo der dei knapt visste kor Skurdalen var og til Gol altså, der det opna seg ei ny verd. På Gol budde på hybel i tre år. Og for ein gjeng! Ho blir nærmast himmelfallen då ho fortel om den tida, om året som russeformann i 1987 - og ikkje president- for med kjeftamentet i orden er ikkje vegen lang til eit slikt tillitsverv. Ho fortel om tomheita som følgde etter gymnastida og trongen til å reise ut i verda, og om korleis ho og ei venninne hamna i Troms der dei fekk lærarjobb i Gratangen av alle stader. Ho vart klasseforstandar for 2. og 3. klasse.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det måtte ha vore grusomt for stakkarane, seier ho. Men dei lærte mange songar …

Seinare var ho lærar på TV-lina på Danvik Folkehøgskule i Drammen i eitt år. Då forstod ho kor godt ho hadde det i NRK-jobben med kameraet på skuldra..

Det er aldri kjedeleg der Tordis Gauteplass er.

Tordis Gauteplass stråler ut mykje positiv energi, for å seie det litt høgtideleg. For å seie det enklare: Ho er seg sjølv. Ho kan få det til å bli moro å lage ei dritkjedeleg sak. Eg trur knapt nokon kan seie nei til å bli filma av Tordis, tenker eg, der ho sender ei kaskade av ord og latter av garde. Då skal ein ha gode kort på handa iallfall. Ei som sannsynlegvis ikkje har det med å bli skikkeleg forbanna heller. Det vil seie: Ikkje kødd med hallingdialekten hennar.

-- Då eg jobba i Dagsrevyen, var eg «ho som prata rart». Det irriterte. Då kan eg bli litt forbanna, og så pratar eg berre breiare og breiare.

-- Har du fått denne: «Kva sa du no»?

-- Jada, men me kan ikkje forvente at alle i Norge forstår kva me seier. Eg får enorm respons på dialekten min. Eg seier til folk: «Du har ein dialekt, ta vare på den». Å få Målprisen var stor stas. Den var ei anerkjenning, og at det eg gjer faktisk betyr noko for folk.

Ein utslitt TV-fotograf etter ein heftig helikoptertur over Drammen som enda i lungebetennelse og sjukemelding.

Då ho tok fotoutdanning i NRK, var eksamen å lage eit videoinnslag. Ho valde Hallingdølen og overgangen til tabloidformat midt på 90-talet.

-- Det var min første video, og eg fekk god respons. Men det vart nok nokre rare utsnitt av Tormodsgard'n, ler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

For uinnvigde er Tormodsgard'n med fornamn Bjarne han som seinare vart mangeårig og entusiastisk – og meiningssterk - redaktør i avisa.

- Korleis er dette livet, forresten?

- Du, eg har frose mykje, skoggler ho.

- Som då ho laga dokumentaren «Buddha på brett».

- Me skulle filme Jørgen Nøvik som køyrde brett i laussnø. Me overnatta i ei jakthytte pokker så langt inni Tyinfjella. Det var 20 kuldegrader og hytta hadde føyka full av snø. Me måtte make fram sofaen, og Jørgen som var buddhist, tente røykelse og sat og mediterte i ein krok medan me sprengfyra. Men det vart fine bilete og eit bra program.

Jøss, ein tepose i skoen.

Men sjølv om ho ikkje ser på seg sjølv som ein typisk nyheitsjeger, har gjort «stunt» for å fange det optimale bilete. Som då ho vart surra fast med ein borrelås i døra i eit helikopter for å ta ei oversiktsbilete under skisprinten i Drammen i 2007, dette var før dronebileta sin tid. I selen hadde ho ein kniv, og fekk beskjed om at den skulle ho skjere seg laus med viss dei styrta i elva. Det vart ein luftig tur, for å seie det slik. Og fotografen var ikkje høg i hatten. Men ho festa blikket i søkjaren, det var trikset for å unngå å spy, og kom seg for så vidt heilskinna frå det – med lungebetennelse og ei fem vekers sjukemelding.

Då det small på Bandidostomta i Drammen i 1997, var Tordis den første som fekk sendt ut levande bilete av brannen. Det var glasskår over alt og det brann i bygningar. Ho var gravid i tredje månad og livredd for at røyken skulle skade ungen. Og ho som ikkje var nokon nyheitsfotograf …

Men det er dokumentaren som triggar henne. Som då ho og NRK-kollega Caroline Bækkelund Hauge fortalde historia om kjærleiksflyktningane Zawar og Ashi Kahn i Ål.

Artikkelen held fram under annonsen.

-- Eg synest det er viktig å fortelje historier og opplyse folk. Det er problemet med TV-nyheitene, synest eg. Det er korte og komprimerte innslag som gjer det vanskeleg å gå i djupna. Det er frustrerande i blant.

Stor stemning på 17. mai-reportasje på garden Veslegard i Ål i lånt fjøsdress..

Frustrerande kan det også vere å kappspringe med ein ektemann som i si tid var godt over gjennomsnittet god til å springe langt på friidrettsbanen. Det krev kondis og jernvilje for å matche han. Men Tordis prøver. Ho har litt av kvart innanbords – og i føtene, hallingjenta. Som å legge ein tepose i skoen for å døyve tåfisen.

-- Det gjorde eg ein gong. Eg hadde lest at det var lurt. Men det er ikkje noko eg driv med til dagleg, ler ho.

Ikkje berre er ho ein draum å jobbe med, ifølgje gode kollegaer, men ho er heil ved. Ei heilt vanleg bygdejente.

Ho humrar, og ser for første gong litt brydd ut.

-- Eg ser på meg sjølv som ganske vanleg, ja.

-- Det gode liv?

-- Åh, å vere i Skurdalen eller på hytta i Trøndelag. Då er eg glad. Vekk frå kjas og mas, berre sitje på trappa, drikke kaffi og sjå utover. Trøppekaffi, kallar me det.

På jobb saman med kollega Caroline Utti på NRK-kontoret i Ål.
«Det var 20 kuldegrader og hytta hadde føyka full av snø. Me måtte make fram sofaen»
«Då eg jobba i Dagsrevyen var eg ho som prata så rart. Då kan eg bli forbanna»