Til lukke!

Det er seinsommars ettermiddag. Eg er på veg frå jobb. Går av t-banen på Blindern.

Stoppestaden ved hovudbølet for Universitetet i Oslo. Staden eg sjølv kom til som bortkomen bygdegut i storbyen tidleg på 90-talet. Det same nabolaget kor eg seinare har enda med å stifte familie.

Sjølv om eg har fem minutt å gå til universitetet, og sjølv om kona mi jobbar her, reflekterer eg altfor lite over kva universitetet har å seie for byen og landet. Slik er det for mange i Oslo. Ein tek alle desse nasjonale institusjonane for gitt. Me hentar for lite nytte av dei. Og dei på si side kan leve litt i si eiga boble. Men akkurat no, ved studiestart, blir eg minna på kva for kraftfull og viktig stad som ligg rett oppi bakken her. Tusentals nyfikne ungdomar invaderer stroket. Eg nyt lyden av fest og oppstartsmoro til langt på natt. «Fadderveke». Dette er lyden av dei som skal forske fram ny kunnskap og nye vinningar. Eller dei som berre skal ha ein vanleg jobb, fordi heilt vanlege jobbar krev høgre utdanning framover. Lyden av fest og moro er lyden av framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samstundes, ein stad der heime. På Gol. Her er det også markering av studiestart. Ulikt Oslo, er det bunadskledde ordførarar som tek imot studentane. Vertskapet har tårer i augo. Det skulle berre mangle. Eg gler meg også vilt over det som skjer. For her har Hallingdal fått ein sjanse, som er utruleg verdifull. Dei siste åra, med vekslande regjeringar, har det vore ein klar strategi at høgskular, fagskular og universitet skal utvikle studietilbod og campusar – ja, me treng eit norsk ord her folkens – utover alle delar av landet. Sjølv om mindre høgskular, som tidlegare Høgskulen i Buskerud, vart slått saman i større einingar som til Universitetet i Søraust-Noreg, skulle ikkje alle tilbod sentraliserast. Dei skulle like gjerne distribuerast. Og Hallingdal har gripe sjansen. De har vist at når de står saman, bestemmer dykk for å lukkast, har eit tydeleg og godt prosjekt – då vinn de fram. Den noverande regjeringa har prisverdig «kjøpt pakka» dykkar. Med etableringa av Campus Hallingdal, har Hallingdal greidd å setje foten innafor døra til Universitets-Noreg.

Å stå med ein fot i døra er bra. Men det er ingen stad å bli verande. Eller - de er vel forresten kome godt innom døra. Men me er ikkje heilt i mål. Jobben er ikkje ferdig, sjølv om dei fyrste studentane er på plass. Det må jobbast for nye studentkull og for kvart nytt studietilbod. Dagens studentar kan velje mellom studiestader i heile verda. Konkurransen er hard, sjølv om mange fleire også skal ta høgre utdanning framover. Det er heller ikkje alle studiestader som greier å mobilisere heile lokalsamfunnet. Det er ikkje alle som står med tårer i augo når nye studentar kjem til byen. Her kan Hallingdal lukkast. Kommunar og andre offentlege verksemder, alt næringsliv og frivilligheita må jobbe i lag. Eg veit at de er på dette sporet. Ein må spørje både kva ein kan bidra med- og kva ein kan gjere for å få mest mogleg ut av denne satsinga. Og universitetet må ha vidopne dører for samfunnet rundt seg. Då blir gjerne Gol alternativet for både innabygds og utabygds; unge som skal i gang med studiar og vaksne som skal ha vidareutdanning.

Frå før har Hallingdal lukkast med å skipe til den verdifulle fagskulen for reiseliv på Geilo. Også her fordi mange har jobba hardt og godt i lag. Det har vore desentraliserte tilbod i sjukepleiarutdanning og annan opplæring på Torpomoen. No er høgre utdanning etablert i Hallingdal for alvor. Det har enorm verdi for at dalen skal vere ein distriktsregion med vekst og optimisme. Til lukke!