Tomas Carlstrøm er av den gamle skulen. Når han fotograferar tek det tid og konsentrasjon, og det skal helst gjerast med Hasselblad.

Stemningar i fokus

For klatrelegende og fotograf Tomas Carlström handlar begge lidenskapane om det same, djup konsentrasjon og eigne opplevingar. Her viser han sin måte å sjå Hallingdal på.

– Eg fotograferer for meg sjølv. Det har eg alltid gjort. Om eg blir fenga av eit motiv eller ei stemning, så ville Arne Næss kalla det ein autotelisk oppleving. Me ønsker alle erkjenning frå andre for det ein gjer, men mine bilete har eg skapt utifrå eigne opplevingar og for mi eigen skuld. Slik er det.

Motiva som fengar Carlström er stemningar. Det er det nesten alltid, og det er han klar på. Det er det som er motivasjonen, eller den indre motivasjonen som Næss ville ha kalla det. Den motsette motiveringa er konkurranse, noko Carlström kjenner godt til frå klatresporten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jordheimsløene i Hemsedal byr på motiv Tomas Carstrøm kan fordjupe seg i.

– Eg kjenner fleire som «samlar» på toppar over 2000 meter. Det har aldri eg aldri skjønt.

Svensken er ei klatrelegende og ein viktig aktør i utviklinga av fjellsporten. Han står bak mykje av innovasjonen på utstyrsfronten og er særleg kjent som mannen bak forretninga Skandinavisk Høyfjellsutstyr som i si tid var ein institusjon i seg sjølv. I Hemsedal har han budd sidan 1970.

Vanskeleg å kombinere

Konsentrasjonen han kjenner frå klatresporten har han teke med seg inn i fotograferinga. Helst vil han vere heilt åleine utan å bli forstyrra. Å ha folk som ventar på han mens han fotograferer, likar han ikkje.

Isklatring i Hydnefossen i 1989. Carlström har fotografert frå eit helikopter i samband at NRK filma klatreturen.

– Det er klart eg tek bilete som alle andre når eg er i lag med folk. Men då som ei registrering og innsamling av minne. Når eg fotograferer, er det noko anna. Det vil eg kalle bilete eller fotografi. Eg opplever det som ei form som kunst. Det kan eg kalle det og det er det eg søker.

Hallingdalselva ved Ål fotografert i fjor. For Carlström var det viktig å fange frosten på blad og steinar.

Å kombinere fotografering med klatring er ein kunst han ikkje har meistra. Dei fleste bileta frå klatreturane er det han kallar registreringar. Bortsett frå nokon få unntak.

Det finst augeblikk som berre skal nytast og ikkje fotograferast?

– Ja, absolutt. Særleg i all fjellaktivitet eg har drive med. Det er ein sjølvfølgje. Det er så vakkert, men så blir det ikkje vakkert på bilete.

Meir enn før

Det var fyrst i vaksen alder at fotograferinga blei altoppslukande. Carlström fotograferer no meir enn nokon gang. Heime i Hemsedal har han det han treng, eiget studio, mørke- og arbeidsrom. Det skal ikkje stå på utstyret når han jakter på stemningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når eg ser eit bilete framfor meg, ser eg bilete eg vil skape. Då er det masse ting som irrelevant for meg og bilete. Det er det eg ser inni meg som er viktig, fortel Carlström.

Eit eksempel er hans fotografi av Rjukandefoss i Hemsedal.

– Det er veldig lett å berre sjå fossen og ikkje meir. Biletet er mi tolking av fossen. Det er slik eg ser han og tolkar han.

Rjukandfoss i Hemsedal. Tatt med 250 mm frå hengebrua. Carlström likar godt mystikken og djupna i bildet.

Utstilling

I haust hadde Carlström stor utstilling på Vågå og laga eigen fotobok. Det var det den kjente fotografen Morten Krogvold som tok initiativ til. Dei to kjenner kvarandre godt gjennom talrike workshops. Krogvold er Carlströms mentor i fotokunsten.

Kva vil du at folk skal sjå når dei ser bileta dine?

– Eg ønsker at eg klarer å formidle det eg sjølv har sett. Men kvar enkelt må sjå og oppleve bileta på sin eigen måte.

Eldrevann i Hemsedalsfjella.

Det er fleire stader og stemningar han ikkje har klart å fotografere slik han vil. Eit eksempel er Skogshorn.

Hydnefossen i Hemsedal fotografert i 2005.

– Eg har jo sjølvsagt fotografert det. Eit bilete blei til og med brukt som postkort. Men stemning eg har sett på klatreturar, har eg aldri klart å fange.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Skjer det ofte at du ikkje klarer det?

– Svært ofte. Fine stemningar som er gode for augo, men som blir heilt pladask som fotografi.

Hemsil utan særleg mykje vassføre. Fotografert i 1994 frå Grønli bru.

Kva er dei avgjerande faktorane som avgjer at det faktisk fungerer for deg?

– Eg merker det sjølv. Ofte når eg fotograferer. Eg skal helst få same kjensla når eg ser bileta som eg hadde då eg tok det.

«Frå mitt vindauge». Fotografert frå stua heime hos Carlström på Lio. — Då eg såg stemninga laup eg for å hente kamera og stativ. Kona mi skjønte ikkje bæret. Men det var skine i i strukturen på blada kombinert med vatnet på glaset som gjorde at eg måtte fotografere.
«Frå mitt vindauge»
— Eg er absolutt helst åleine når eg fotograferer. For då konsentrerer eg meg. Det forstyrrar meg om eg er med andre, det gjer meg stressa, fortel Tomas Carlstöm.