Erna Solberg på luftambulansebasen i Ål. (Foto: Caroline Utti)

Påskeqviss

Lokalmix

1. Kva heiter ny dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal?

2. Kvar blei dei siste låtane til Hellbillies spelt inn?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva heiter utestaden i Nesbyen som nyleg er lagt ned?

4. Kva heiter ho som dreiv det no nedlagde hundepensjonatet på Gol?

5. Kva heiter avtroppande rektor ved Gol skule?

6. Kva heiter jenta frå Hallingdal som er med i ungdommens distriktspanel?

7. Då Marit Løyte frå Ål skulle sende eit brev frå Ål til Nesbyen, gjekk det uvanleg lang tid før brevet kom fram. Kor lang tid?

8. Kvar ligg det største treningssenteret i Hallingdal?

9. Kva hending føregjekk på Geilo siste helga i januar? Hint: kostyme og noko som glir.

Svar

1. Jan Olav Helling

2. På Sundreball

3. På hjørnet

4. Monica Bråthen

5. Ellen Wang Fredriksen

6. Cecilie Skrindo

7. Over tre veker

8. Gol

9. Spark VM på Geilo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rikspolitikk

1. Arbeidet med å grave ny tunnel og eit nytt postmottak på Stortinget blei mykje dyrare enn antatt. Kven måtte gå?

2. Kven kom med følgjande utsegn: - Norsk politikk har blitt ein barnehage

3. Kva for ein politikar sa i ein tale at Carl I. Hagen trengde «ein ny hjerne» og åtvara KrF «om eit sant helvete», med referanse til den mykje omtalte abortlova?

4. Kva for år blei Norge medlem i NATO?

5. Den 01.01.2020 blei alle fylke i Norge slått saman. Kva er namnet på det gamle Hordaland og Sogn og Fjordane?

6. Kva for ein politikar er kjend for følgjande utsegn: - Eg ville ikkje brukt akkurat dei orda?

7. Kven er fylkesråd for det nye storfylket Viken?

8. Kva for ein politikar har fått tilnamnet «tåkefyrste»?

Artikkelen held fram under annonsen.

9. Kjell Magne Bondevik vart statsminister frå 1997-2000, så måtte han gå. Kvifor?

10. «Norske vegar må bli så gode at det blir risikofritt å køyre i ruspåverka tilstand». Kven sa det?

Svar

1. Olemic Thommessen

2. Sylvi Listhaug

3. Bjørnar Moxnes

4. 1949

5. Vestland

6. Erna Solberg

7. Tonje Brenna

8. Jonas Gahr Støre

9. Han tapte ei avstemming i Stortinget om bygging av gasskraftverk

10. Per Sandberg

Nes-quiss:

1. Kva er namnet på nybygget som skal huse det nye rettssenteret i Hallingdal?

2. Kva plassering fekk Pål Gunnar Mikkelsplass på 15 km i VM i Lathi i 1989?

3. Ordførar Tore Haraldset (Bygdelista) har tidlegare sete 12 år i kommunestyret. For kva parti?

4. Nesbyen Hornmusikklag er blant dei eldste amatørkorpsa i landet. Når vart det stifta?

5. Ein stortingsrepresentant frå Nes var saksordførar for hovudflyplassen under behandlinga i Stortinget i 1988? Kva heitte han?

Artikkelen held fram under annonsen.

6. Kva blir Nes kyrkje kalla?

Svar

1. Embetsgarden

2. Sølvmedalje

3. Ap

4. 1891

5. Olaf Øen

6. Hallingdomen

Flå-kviss

1. Kor mange barn vart fødde i Flå i 2019?

2. Når vart Flå kyrkje innvigd?

3. Kva er den sivile jobben til den nye ordføraren, Merete H. Gandrud?

4. Kva heiter det nyaste hytteområdet i Flå, der fjorårets Farmen-vinnar ville bygge hytte?

5. Kor mange innbyggarar hadde Flå pr. 1. juli 2019?

Svar

1. Fem

2. 1858

3. Jordmor

4. Turufjell

5. 1057

Artikkelen held fram under annonsen.

Hårek den Hardbalne har offisielt ei dotter. Namnet?

Supermiks:

1. Kven var norsk statsminister under den fyrste månelandinga?

2. I kva for land var Boris 3. konge fram til 1943?

3. Kva heiter den einaste kvinna som har vore regjerande

monark i Norge?

4. Kven har skrive boka «Når landet mørknar»?

5. Kva heiter dottera til Hårek?

6. I kva for musikal møter me dei sju borna til von Trapp?

7. Kven spelar i bandet The Highwaymen? i

Artikkelen held fram under annonsen.

8. Kva er USAs nest mest folkerike stat?

9. Kva heiter platået som ligg i området mellom Israel, Libanon, Syria og Jordan?

10. Kva heiter det høgste fjellet i Rondane?

11. Kven er den einaste som har vunne den tysk-austerrikske hoppveka fem gonger?

12. Når deltok Norge sist i EM-sluttspelet i fotball for herrar?

13. Kva kallast slumområda i Brasil?

14. I kva for by har Europarådet hovudkvarter?

15. Kven var stortingspresident i perioden 2009 til 2013?

16. Kva slags dyr er ein dvergvedder?

17. Kva er forkortinga for den europeiske romfartsorganisasjonen?

18. Kva for element har det kjemiske symbolet Hg?

Svar

1. Per Borten

2. Bulgaria

3. Margrete

4. Tore Kvæven

5. Møyfrid

6. Sound of Music

7. Johnny Cash, Willie Nelson, Waylon Jennings og Kris Kristofferson

8. Texas

9. Golanhøgda

10. Rondeslottet

11. Janne Ahonen

12. 2000

13. Favela

14. Strasbourg

15. Dag Terje Andersen

16. Kanin

17. ESA

18. Kvikksølv

Hol

1. Hol skal samarbeide med ein annan kommune i Viken. Kva heiter kommunen?

2. Kva heiter dei to største eigarane av SkiGeilo?

3. Eit bustadfelt i Skurdalen har same namn som ei avis på Røros. Kva er namnet?

4. Kva heiter dei to skiskyttarane frå Geilo som var tekne ut til VM i Anterselva?

5. Kong Olav feira jamleg påske i Hol. Kor?

Svar

1. Hvaler

2. Arne Pålgardhaugen og Ivar Tollefsen

3. Fjelljom.

4. Vetle Sjåstad Christiansen og Aleksander Fjeld Andersen.

5. Haugastøl.

Nore og Uvdal

1. Dei måtte legge ned verksemda på nyåret. Kva er namnet på garnbedrifta, som og dreiv med integrering av innvandrarkvinner?

2. Kvifor er det så mykje styr kring vegen over Imingfjell?

3. Kvar blir det planlagt hyttefelt og alpinanlegg for barnefamiliar?

4. Kraftverket Nore 1 på Rødberg var det største kraftverket i Nord-Europa då det stod ferdig. Kva år starta produksjonen av straum?

5. Kva er kommunens høgaste punkt?

6. Kva år gjekk Dagali over frå Nore og Uvdal til Hol kommune?

7. Kva betyr «kan», «gap» og «senjehus»?

8. Han er manusforfattar, og dei siste titlane han står bak er «Kaptein Sabeltann og den magiske diamant» og «Fjols til fjells»?.

9. Ho er best med ball og spelar no for Lyn, på det høgste nivået innan damefotball. Kva heiter ho?

Svar

1. Garnsurr i Nore AS.

2. Vegen er vinterstengt av omsyn til villrein. Bygdefolk på begge sider av fylkesgrensa kjempar for at vegen skal bli vinteropen.

3. Åsen Fjellgrend i Tunhovd.

4. 1928.

5. Borgsjåbrotet (1485 moh.) mellom Tessungdalen og Uvdal, på grensa til Tinn kommune.

6. 1944.

7. Oss, tosk/narr, soverom

8. Karsten Fullu

9. Emilie Bølviken

Ål-kviss

1. Kor stor prosent av Ål kommune ligg høgare enn 900 meter over havet?

2. Kor mange Arbeiderparti-ordførarar har Ål hatt etter andre verdskrig?

3. Hellbillies rundar 30 år på vegen i 2020. Kva heitte forløparen til bandet, der både Sando, Moslåtten, Sandum og båe Haugen-brørne var med?

4. Kor mange snippar er det i ein eske lefsekling frå Leveld lefsebakeri?

5. Kva år vart Sundre lagt i oske etter ein veldig brann?

Svar

1. Om lag 80 prosent.

2. Ein. I 2015 vart Solveig Vestenfor valt inn som fyrste Ap-ordførar etter krigen.

3. Kådnbandet.

4. 10.

5. 1931.

Gol

1. Kven er sokneprest i Gol?

2. Kva er tittelen på den siste boka til forfattar Guro Hoftun?

3. Kva parti representerer ordførar Heidi Granli?

4. Kva heiter familien som driv Storefjell Resort. Nibstad, representert ved brørne Knut, Hans, Arne og Lars.

5. Kva heiter skøytearenaen i Gol?

Svar

1. Arnstein Bleiktvedt

2. Eldreliv

3. Ap

4. Nibstad, representert ved brørne Knut, Hans, Arne og Lars.

5. Glitre stadion

Hemsedal

1. Kva parti har ordføraren? Senterpartiet

2. Kva heiter høgste fjellet i kommunen? Høgeloft (1921)

3. Kva for eit av desse slektsnamna er heilt sikkert av hemsedølsk opphav? Sundre, Opheim, Skaret, Halbjørhus?

4. Kva heiter dei tre bygdesentera i kommunen? Tuv, Trøym, Ulsåk

5. Kva for kjend skiløpar frå Hemsedal blir det no arbeidd med å reise ein statue av?

Svar

1. Senterpartiet

2. Høgeloft (1921 moh.)

3. Halbjørhus

4. Tuv, Trøym, Ulsåk

5. Ingrid Wigernæs.