Helle Maria Wolstad mista begge foreldra under brannen på Scandinavian Star i 1990.

Natta då tida stod stille

- Morfar ringde og sa «no trur eg det har skjedd ein tragedie i familien». Då me skrudde på radioen høyrde me om Scandinavian Star.

Tekst og foto: Mona N. Stensvold og privat

Det er natt til 7. april 1990. Om bord på passasjerskipet Scandinavian Star søv dei aller fleste passasjerane då dei fyrste flammane får tak fleire stader om bord. Klokka er då like over to på natta. I løpet av få timar døyr 159 personar ute på havet. Branntragedien er eit faktum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har gått 30 år, men for meg så er det ikkje så lenge. Eg tenker ofte på foreldra mine, seier Helle Maria Wolstad. Soknepresten på Geilo veit betre enn dei fleste kva tragedie er, og kva det gjer med menneske.

I 1990 var foreldra hennar, Brit og Bjørn Wolstad, lærarar. Bjørn var undervisningsinspektør på Ski videregående, etter fleire år som rektor på Oppegård videregående. Brit var undervisningsinspektør på Ingieråsen ungdomsskole. Begge var aktive i ein liten metodistkyrkjelyd på Kolbotn.

- Dei var veldig fine folk, og veldig gode foreldre. Og dei hadde eit spesielt og godt ekteskap. Mor og far var godt likt i menigheten og i jobben som lærarar. Mor underviste i fransk, samfunnsfag og religion. Ein av elevane hennar fortalde meg i ettertid at ho i ein religionstime hadde fått spørsmål om døden. Då hadde ho svara at ho håpte ho og far min fekk døy samtidig. Det har eg tenkt på mange gonger.

qql9Puam72Q: Minnehøgtid i København ved den utbrende ferja Scandinavian Star. Datoen er 27. mai 1990. Under brannen 7. april 1990 omkom 158 menneske. Tragedien Scandinavian Star er ei felles nordisk samtidshistorie som strekker seg over tre tiår. (Foto: Nils Meilvang/Scanpix 2018)
Scandinavian Star

MS Scandinavian Star var ei havgåande bilferje. Ferja vart bygd i Frankrike i 1971, og segla under fleire namn på fleire hav. Ho fekk namnet Scandinavian Star i 1984.

I mars 1990 blei skipet seld til det Bahamas-registrerte rederiet Vognmandsruten KS AS, og sett inn i DA-NO Linjen mellom Oslo og Frederikshavn i Danmark.

Natt til 7. april brann det fleire stader om bord på Scandinavian Star. Skipet var undervegs mellom Oslo og Fredrikshamn. Av dei 383 passasjerane om bord og 99 i staben mista 159 livet. 136 av desse var norske.

Danske Erik Mørk Larsen vart utpeikt som brannstiftar kort tid etter. Dansken hadde fleire dommar for brannstifting på seg frå tidlegare, og omkom om bord. I seinare tid har mange teke til orde for at han var uskuldig, og at brannen ikkje vart etterforska fullt ut.

Brannen og etterforskinga har vore vurdert fleire gonger i løpet av dei 30 åra som har gått. I 2015 vart det vedteke ny gransking av ein norsk komite. Dei la fram rapport i juni 2017, utan å ha funne nye avgjerande bevis for sabotasje. Dei konkluderte med at dei overlevande og etterlatne hadde fått for dårlege tilbod om langsiktig helsehjelp.

Kommisjonen kritiserer også norske styresmakter for å ha tilbode for dårleg langsiktig helsehjelp til overlevande og etterlatne.

I 2006 vart det reist minnesmerke etter dei omkomne ved Akershus festningsmur.

*Partnairulykka: I september 1989 styrta eit fly frå selskapet Partnair utanfor kysten av Danmark. Med på flyet var det 50 passasjerar frå selskapet Wilhelmsen Lines, i tillegg til fem tilsette i flyselskapet. Alle 55 omkom i styrten, som er den største ulykka innan sivil luftfart med eit norskeigd selskap.

Dei var ein tett familie. Foreldra, Helle Maria og broren Jakob. Syskena voks opp i ein god heim. I feriar var dei mykje på Golsfjellet, der dei hadde hytte. Dit skulle Helle Maria med mann og born ha reist laurdag i palmehelga 1990.

Brit Wolstad i lag med eit av barnebarna. (Foto: privat)

Foreldra hennar skulle på påskeferie til utlandet. I lag med venneparet Randi og Ola Loe reiste Brit og Bjørn Wolstad fredag 6. april til Oslo for å ta båten over til Danmark. Derfrå skulle dei reise vidare til Tyskland der dei skulle besøke og feire ein ven som nyleg hadde vorte kreftfri.

- Det er eit paradoks. Dei var på veg for å feire livet, då dei sjølv møtte døden, seier Wolstad.

Brit og Bjørn Wolstad omkom i brannen på Scandinavian Star i 1990. Foto: Privat

Sjølv var ho uvitande om kva som gjekk føre seg ute på havet. Om morgonen 7. april vakna ho til telefon frå morfaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Han sa at «no trur eg det har skjedd ein tragedie til i familien». Sju månader før hadde kusina mi mista mannen sin i Partnair-ulykka, så me var framleis ganske skaka som familie. No sa han at ein danskebåt hadde brunne. For meg er det berre 30 år sidan, men det var ei heilt anna tid. Me fekk jo ikkje tak i dei på telefon, ingen hadde mobiltelefonar den gongen, så me skrudde på radioen. Me visste så lite, til å begynne med visste me ikkje ein gong om det var den båten mor og far reiste med.

DEI RINGDE REISESELSKAPET Dano-linjen, og fekk beskjed om at dei ville samle alle pårørande til passasjerane på Scandinavian Star på Royal Christiania Hotel i Oslo. Der skulle dei få meir informasjon.

- Då visste me ikkje så mykje, anna enn at kapteinen hadde kome seg frå borde. Og han hadde sagt at alt var under kontroll og i orden. Men på veg innover til Oslo fekk me greie på at det var fire døde, og så steig dødstala utover dagen.

- Eg vil alltid minnast foreldra mine som friske, sterke og livskraftige menneske, seier Helle Maria Wolstad.

Dei pårørande vart samla i ein stor sal på hotellet. Representantar frå selskapet kom med namnelister. Dei som hadde overlevd vart lesne opp. Fleire og fleire forsvann frå storsalen etter kvart som dei høyrde namna på sine folk.

Det vart ein lang dag og kveld for dei pårørande. I 1990 var ikkje informasjon like lett tilgjengeleg som i dag. Det var mange spørsmål og mange menneske samla i ein sal. I baren på det same hotellet sat overlevande frå mannskapet og feira at dei hadde kome seg trygt i land. Vegg i vegg med dei som utover kvelden vart klar over at dei hadde mista sine.

- Det var mykje rart som skjedde, mykje som aldri hadde skjedd i dag. Det har skjedd mykje med krisehandteringa sidan då, seier Wolstad.

- Kva fekk de vite undervegs?

- Me fekk vite at det var ein brann, at det var fleire døde og at brannenhadde blussa opp att. Ut på dagen fekk me vite at båten skulle inn til Lysekil i Sverige. Det var eit enormt behov for informasjon. Når det kom nokon frå Dano-linjen innom, vart han nesten jaga ut fordi folk var så sinte og opprørte. Og kvar gong nokon frå politiet eller etatar kom innom, så sat me ytst på stolen for å få tak i informasjon. Utover kvelden vart det klart at me som sat att også var blant dei som hadde mista nokon. Det var veldig dramatisk, og veldig tungt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I DAGANE SOM FØLGDE var familien i unntakstilstand.

- Eg hadde tre små ungar då det skjedde, og den dåverande mannen min jobba mykje utanlands. Minstemann var for liten til å forstå, men dei to eldste skjønte at det hadde skjedd noko. Mellomste guten gjekk rundt og ropte «Morfar, morfar, kor er du hen?», minst ho.

Det gjekk ti dagar før foreldra hennar vart identifiserte og dei kunne begynne å planlegge gravferda. Ho skildrar dagane frå ulukka til gravferda som ei «limbotid». Tida stod på eit vis stille, medan ho på andre måtar absolutt ikkje gjorde det.

- Det gjekk lang tid, og eg drøymde om dei sat på eit skjer i sjøen. Eg såg nyheitssendingar og håpa kanskje ubevisst på at dei i den neste sendinga skulle si at det ikkje var sant. Det er ein sånn ting ein ikkje trur at ein overlever. Det var så smertefullt og forferdeleg at eg tenkte fleire gonger at «eg trur ikkje eg overlever dette». Eg kjende sorga både fysisk og psykisk. Me mista mor og far, og tante Randi og onkel Ola, som var dei me kanskje hadde lent oss på. Du føler du ser på verda gjennom ein glasvegg. At det er heilt utruleg at folk smiler og ler der ute når ditt liv har rasa heilt saman.

Ho såg nyheiter, høyrde radio og las aviser. Og ho uttala seg i media. På starten av ein prestekarriere stod ho fram og fortalde korleis Gud hjelpte henne i sorga. Ei avgjerd ho seinare angra mykje på. Tida bestod mest av å kome seg gjennom dagane på best mogleg vis, om å prøve å sove om nettene og ta seg av ungane, og etter kvart førebu gravferda.

- Det var ungar, telefonar, medier, besøk, blomar på døra kvar dag, brev i postkassa, nyheiter på tv og radio. Når me gjekk ut, kom nokon løpande til. Andre kryssa vegen fordi dei ikkje orka å prate. Det var litt sirkus. Og så kom gravferda, der eg heldt tale. Eg skjønar ikkje at eg klarte det når eg tenker på det i dag.

Ho prøvde også å finne mest mogleg ut om kva foreldra hadde opplevd dei siste timane på Scandinavian Star.

- Eg veit at dei vart funne i lag, ein meter forbi nødutgangen. Dei hadde sprunge rett forbi fordi han ikkje var merkt. Det er bittert å tenke på. Kanskje kunne dei overlevd om det hadde vore merking.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterforskinga har i ettertid viste at det var meir enn berre manglande merking som var feil på skipet.

- Det var så mykje feil og manglar på den båten, meir enn berre beskjedar som ikkje vart gitt. Det gjorde at folk ikkje kom seg ut. No er det lysande midtstriper i eit fly, men det ikkje var påbode på ein slik båt. Det burde aldri ha segla den dagen. Det skulle kapteinen ha sagt ifrå om, men eg tenker storkapitalen hadde sitt dei skulle seie, seier Wolstad.

Ho har tenkt mykje på den siste telefonsamtalen ho hadde med mora, Brit.

- Mor mi ringde meg frå kaia. Då sa ho at dei hadde fått «an hour of grace», seglasen hadde vorte utsett fordi det ikkje var klart om bord. Eit spesielt ordval, når ein ser i ettertid.

I denne perioden var det også minnegudsteneste for dei omkomne i Oslo Domkirke. Det var ei enorm påkjenning for mange av dei pårørande.

- Eg låg på golvet og hylgret under den gudstenesta, eg var heilt knust, minnest ho.

På radioen innover til byen erklærte statsminister Gro Harlem Brundtland landesorg, og sa «no sørger me med dykk».

- Eg vart så sint. Dette er ikkje din sorg, tenkte eg. Du kan si at du har medkjensle, kjenner på sorgkjensler fordi det minner deg om eigne opplevingar, eller at du står der med oss, men du som ikkje har mista nokon kan ikkje seie at du sørger. Det er det me som gjer. Det er våre kjensler. Noko anna trur eg me skal vere forsiktig med å si, alle saman. Me kan vere medlidarar og stå rundt, men det er ikkje vår sorg, den er personleg for kvar og ein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helle Maria Wolstad meiner det viktigaste 30 år etter er å få rettferd for dei uskuldige, ikkje jakta på den eller dei skuldige.

Ho kom seg gjennom dei fyrste vekene godt hjelpt av professorar på teologisk fakultet og gode vener. Men ho seier at den tyngste tida kom etterpå, då «alt var over», og alle skulle tilbake til kvardagen. Då blomane og kondolansebreva slutta å kome, og den siste vasen var vaska og sett på hylla.

- Den store stilla. Det nemner eg ofte for folk i sorgsamtaler at det ikkje alltid er dei fyrste vekene etter eit dødsfall som er dei tøffaste. At folk gløymer at sorg tek lang tid og er hardt arbeid. Det trur eg mange opplever. Dei som du håpa aller mest skulle ringe, ringde ikkje. Og når du ser at livet for alle andre går tilbake til normalen, det kan vere ei tøff periode. Det var den verste tida. Mange torde ikkje spørje. Dei hadde høyrt at me hadde fått så mykje hjelp. Om det blir ein myte, så blir det til at den vanlege naboen sluttar å spørje. Og det er det som er den beste hjelpa vanlegvis. Dei aller fleste gongene held det å vere eit godt medmenneske. Dei beste råda kjem frå familie, gode vener og naboar som veit kven du eigentleg er, som kjenner historia og kanskje den du har mista.

I JUNI SAME ÅRET VART HO ORDINERT TIL PREST på metodistkirkens årskonferanse, og utnemnd til presteteneste der foreldra og veneparet som omkom alle var aktive medlemmer. Ho fann seg i ein absurd situasjon, der ho som hadde sorga tettast på kroppen skulle trøyste dei andre som sørga. Det vara berre ein kort periode før det vart ei for tung bør å bere.

- Eg måtte overleve for mine gamle besteforeldre og mine ungar. Mormor og morfar tok det hardt, og mormor hardast. Ho gjekk inn i ein djup depresjon der ho eigentleg bestemte seg for å døy. Men etter kvart hadde ho og morfar hadde ein prat om at eg og bror min hadde mista nok, og ho kom seg ut av det heile på kort tid.

Sjølv kjende Wolstad på smerte i dei fyrste vekene, før ho tok på seg «stålrustninga». I to år tok ho seg saman. Så krasjlanda ho og var langt nede.

- Då var det ingen som forstod nokon ting, for det hadde gått to år og eg hadde jo klart meg fint. Men fyrst då kunne eg bearbeide alt saman. Eg har lært konsekvensen av å ikkje ta tak i det ein står oppi, og skuve det framfor seg. Eg fekk profesjonell hjelp, men den beste hjelpa fekk eg av vener og kollegaer. Nokre prestar fekk eg veldig god hjelp og støtte av. Og det er viktig å ha gode vener og jobbe seg gjennom det sjølv. Då kunne eg verkeleg jobbe med det og utdanne meg vidare innan krise og sorg.

Ho meiner det var viktig for ho å kome fram til at nokon ting er meiningslaust, både for å kome vidare og å halde på trua.

- Det var så brutalt og meiningslaust det som skjedde. Så gudsforlate meiningslaust. Gud hadde ingenting med dette å gjere. Om eg hadde pålagt meg sjølv å finne ei meining med det, då hadde eg mista trua mi. Det var ei viktig læring for meg, at nokre gonger i livet er ting så botnlaust meiningslaust. Gud hadde ikkje noko med dette å gjere. Men han var der, han var til stades med dei som var om bord og kjempa i Skagerak. Det trur eg. Men det var ikkje Guds vilje. Kva slags Gud hadde det vore?

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har gjort seg mange tankar om det som skjedde både i forkant og sjølve brannatta. Og om det som vart gjort i ettertid.

- Det var mykje rart som skjedde. Eg tenkjer at her har folk lagt på lok for kvarandre og dekt spor og unnskyldt kvarandre. Det skjedde mange feil den gongen. Det seier mange innan brann og politi som var med desse dagane, men oppfølging har det vore lite av. Det kjennest veldig lite rettferdig at eit massemord ikkje har vorte oppklart. For det var det det var, det var så mange menneske.

Danske Eirik Mørk Andersen som var dømt for fleire brannstiftingar var om bord den natta. Han vart tidleg peikt ut som sannsynleg gjerningsmann. I ettertid had den konklusjonen vore omdiskutert. Sist i ein NRK-dokumentar sendt på tv i vår.

- Konklusjonen var altfor enkel. Fyrst lenge etterpå oppdaga dei at han dansken var død når nokre av brannane oppstod. Berre noko så enkelt som det, som dei burde funne ut med ein gong. Og at reiar og eigar ikkje vart stilt skikkeleg til ansvar. Det var mykje kapital bak som ikkje vart straffa. Men det viktigaste er dei som er uskuldige. Og eg skjønar godt dei pårørande som ikkje klarer å få ro fordi dei ikkje veit.

Sjølv har ho prøvd å setje den delen til side, og ikkje gå for djupt inn i det.

- Eg er ikkje så oppteken av å peike ut skuldige. Eg ynskjer berre rettferd og at dei som er uskuldige skal gå fri. Eg trur ikkje det var han dansken som dei fyrst peikte ut, og håpar familien hans får fred for alle spekulasjonane ein gong. Men det er klart det kjem opp att innimellom, når det er markeringar eller i media. Eg har spurt tv-selskapa fleire gonger om dei ikkje kan la vere å vise bilete av båten som brenn. For det dei ikkje tenkjer på, men som me pårørande kjenner, er at akkurat då ligg våre framleis om bord i båten. Det gjer vondt å sjå.

DET HAR GÅTT 30 ÅR, men framleis er det dagar der ho kjenner på dei same kjenslene som i dei tøffe aprildagane, og gret litt eller ler av gode minne. Minna om foreldra er med henne i kvardagen. Hytta på Golsfjellet vart seld nokre år etter brannen. Men ho kjøpte seg tomt og sette opp ei hytte som ho bur i dag.

- Mor og far elska fjellet. Så når eg er på Nystølsfjellet kjenner eg på at det er nokre band der, at eg er nærare dei der enn nokon annan stad. Det var forferdeleg å miste begge to på ein gong. Men når det fyrst skulle vere så gale, så var det det einaste rette. Det hadde vore grufullt å sjå den eine sørge over den andre. For oss så vart det ein dobbelt sorg, men det var det einaste rette.

Bjørn Wolstad med barnebarnet Kristina.

Som prest har ho mange møte med menneske i sorg. Ho har utdanna seg innan sorg og krise, og veit kva det vil si å kjenne det på kroppen.

- Sorga blir ein del av livet, same korleis du har mista nokon. Den tomme kjensla er der. Det å prate om å kome over sorg er feil, eg har heller lært meg å leve med det. Ting som ikkje er i livet er ikkje der, og det er lov å si at det er trist eller tomt. Du manglar ein relasjon og det vil ingen andre kunne erstatte, og det tek tid å lære seg å leve med det.

Tida etter brannen har endra henne, både som menneske og i jobben som prest.

- Eg har lært kor sårbart livet er, at ting kan skje når som helst. Det har gjort meg meir redd og meir takksam. Eg har lært meg å møte menneske der dei er. Og livet har vorte skumlare, men også meir nyansert og rikare.

Les også
Karantene i Staveloftet redda jenta frå svartedauden
Les også
Den rare kvardagen
Les også
Polio skapte unntakstilstand og enorm frykt i bygdene
Les også
Polioepidemien råka Hol hardt: — Sjukebilen gjekk 40 turar til Drammen på ein månad