Hallingskarvet på langs med ski på beina er som ein klassikar å rekne. Om ein vil gå heile turen på ein dag utan telt bør ein vente til lysare vinterdagar.

Når fjellheimen blir for seig

Truleg braut eg ein fjellvettregel sist vår. For om ein overvurderer eigne evner, kan skiklassikaren «Skarvet på langs» bli i tøffaste laget.

– For mange turar har blitt gått med håp om at ei vêrmelding som ikkje er ideell skal snu.

Eivind var sikker i si sak. Skulle me gå denne turen, måtte forholda vere gode. Ideen hadde dukka opp for nokre månader sidan. Skituren frå Finse til Geilo over Hallingskarvet er ein klassikar, seier dei. Men det er fyrst i april eller mai ein kan gjera turen. Distansen er lang. Spesielt når ein går og stangar tett oppunder 2000 meter, krev distansen lange lyse dagar. Etter fleire dagar i april med strålande vêr, dukka den ideelle helga opp, både vêr og tidsmessig. Eigentleg var me tre som skulle gå. Tredjemann var usikker på om han hadde det i seg. Sjølv hadde eg aldri gått ein så lang tur på ski før. Men eg manna meg opp: Det er jo berre å setje ein fot framfor den andre, til ein er i mål, eller?

Artikkelen held fram under annonsen.

Då turen nærma seg, var samfunnet snudd på hovudet. Er det forsvarleg å ta seg ein slik tur midt i ein pandemi? Ein argumenterte mot, og no var det berre var to som skulle møtast på Finse stasjon.

Tidvis kjenst det som eit månelandskap. Det er panoramautsikt stort sett heile vegen.

Det var fleire som hadde tenkt seg med toget den dagen. På Geilo stasjon stod dei fleste klar med ski og sekk, høgfjellet var helgedestinasjonen. Eit grått skydekke hang over Finse. Min rutinerte turkamerat Eivind som kom vestfrå, hadde alt venta nokre timar. Dei hadde han brukt til å teste både føre og ski på Vetle Finsenuten.

– Dei er ekstremt lette, så eg har det betre på dei enn fjellskia, sa han.

Eivind hadde utstyrt seg med moderne randonee-ski, eller toppturski som det også kallast.

– Og det går unna i nedoverbakkane, gliste han.

Sjølv stilte eg med dei norske klassikarane fjellski med stålkant. Og med polfarar Roald Amundsens alvorlege oppsyn på skituppane, kunne del vel ikkje bli betre. Nasjonalhelten minte meg på oppgåva, som ein inspirasjon for å nå målet, tenkte eg for meg sjølv. Trass alt var det jo i desse områda han trente for på bli fyrstemann til Sørpolen.

Grå var framleis himmelfargen då me sette oss sjølv i rørsle. Solkremen var blaut i fjeset, og sekken tung. Men det var godt å kome i gang. Godvêret som yr.no hadde meldt, kunne me skimte austover, over fjella. Turopplevinga låg no framfor oss. Og klokka var to.

Randonee-ski og fjellski har begge sine fordelar og ulemper. Men det viktigaste er vel å ha både god form og teknikk.

Folardskardnuten på 1933 meter over havet, turens høgaste punkt, var dagens mål. Men fyrst skulle me opp til Kyrkjedørsnuten nordaust for Finse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt i dei fyrste bakkane såg ein forskjellen. Med breie ski og fellar kunne han nesten gå rett opp mot toppen. Eg vart overlaten til ein sikksakk-variant. Mine fellar gav ikkje same grep. Med om lag 15 kg på ryggen (kanskje meir) auka avstanden brått.

Ei natt i fjellet

Etter den fyrste rasten var kropp og sinn kome inn i siget. Sekken kjendest ikkje like tung og det begynte å letne på himmelen.

Når snøen er hard er det lett å spa ut store snøstykke. På den måten kjem ein i le for vinden.

Dei neste kilometrane gjekk framover, men det var mykje opp og ned og mykje å stå i med. Å ta av og på fellar tek tid. Og så skal me nyte utsikta. Dessutan: Bratte nedfartar på isete snø med tung sekk, gav meg ei utfordring.

Då klokka nærma seg halv ni, begynte sola å takke for seg. Me innsåg at Folardskardnuten blei for langt unna. Det var på tide å finne eit stad me kunne slå opp telt.

Ein natt med ein slik stjernehimmel kan ingen klage på.

Vinden begynte verkeleg å ta tak då me skulle få opp teltet. Pluggane blei røska opp, men skistavane gjorde susen. Då var gleda stor. Men i vindkulene såg me oss nøydde til å lage ein mur av snø for å skape le frå vinden. Etter kvart når muren var stor nok, var me nøgde og kunne krype inn i teltet.

Etter ei særs uhyggeleg påske i 1967 då 18 menneske omkom i fjellet, utarbeidde Den Norske Turistforening i lag med Norges Røde Kors dei velkjende fjellvettreglane. Gjennom rikskringkastinga har det norske folk sidan den gong fått friska opp råda regelmessig. Sjølv voks eg opp med Severin Suveren som på tv-skjermen rundt påsketider gav «uflaks» skulda for dårlege turopplevingar, framfor eigne evner.

Fjellvettreglane

– Planlegg turen og meld frå kvar du går.

– Tilpass turen etter evne og forhold.

– Ta omsyn til vær- og skredvarsel.

– Vær førebudd på uvêr og kulde, sjølv på korte turar.

– Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre.

– Ta trygge vegval. Kjenn att skredfarleg terreng og usikker is.

– Vend i tide, det er inga skam å snu.

– Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er.

– Spar på kreftene og søk ly om naudsynt.

Sola hadde stått opp med stor «S» då me vakna. Eg kjende meg sliten, men kroppen var overraskande pigg, og klar for andre og siste etappe. Morgonstunda var så herleg at me slappa av litt for lenge i vår nye provisoriske heim. Klokka var nærare elleve før strabasane heldt fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nedfarten frå Folarskardnuten byr på utfordringar for dei fleste uansett kva for ski ein har på beina.

Nokre timar seinare nådde me høgaste punktet, og målet frå dagen før, Folarskardnuten. Etter «Nuten» kjem Folarskaret. Nedfarten frå toppen har eit fall på rundt 300 meter og er ekstremt bratt. Om sola ikkje har fått tak, må ein bruke stegjern. Men sjølv om sola hadde gjort sitt, var det for bratt for meg. Skia hamna bak på sekken. Eg måtte ta beina fatt. Men for Eivind og hans randonee-ski, var det berre å setje utfor.

Vegen ned frå Folarskardnuten er bratt, og dei fleste må belage seg på å feste skia til sekken. I bakgrunnen er Gareth Joseph Lister frå New Zealand på sin fyrste tur på fjellski. Framfor står Ingebjørg Isungset.

I botnen av Folarskaret møtte me fleire folk. Dei fleste på dagstur frå Ustaoset eller Haugastøl.

– Oi, de skal heilt til Geilo, ja. Då er det berre å få opp farta, sa ein av dei.

Klokka nærma seg tre på ettermiddagen. Framfor oss venta ein nesten like stor stigning opp til neste nut, Storeskuta. Så kom Prestholtskarvet og til slutt skulle me forsere Havsdalshovda før nedfarten på rundt tusen høgdemeter via alpinbakkane og ned til Geilo.

Tidvis på denne strekninga var det parti der det gjekk unna. Med slakke lange nedoverbakkar var det berre å flyte og nyte. Og for fyrste gong under turen var det eg som låg fyrst! På slike parti er det fjellski som gjeld.

Men gleda var kortvarig. Nye nedfartar på skaresnø provoserte fram mykje knall og fall. Ein stadig meir sliten kropp gjorde øvinga verre.

Å gå i lag med ein som sette utfor utan større problem, gjorde at motivasjonen sokk like raskt som tala på fall steig. Eg sjekka om Amundsen kunne gi håp og nytt mot. Han svara med eit kaldt blikk. Her var det berre å bite tennene saman.

Å gå i lag med ein som susar nedover bakkane mens ein sjølv slit med å halde seg på beina er umotiverande i lengda.

Då den siste store nedfarten frå Skarvet var unnagjort og me nærma oss Havsdalen, takka sola for seg. Eg hadde vondt både her og der då eg fiska fram hovudlykta. Eg må ærleg innrømme at eg var ein glad mann då me eit par timar seinare kom inn i skiløypene. Men det var så vidt puddingbeina klarte å ploge seg nedover mot Geilo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då me endeleg var framme, var klokka ikkje langt frå midnatt. Ein slik tur tærer godt på kreftene med mykje opp og ned. Totalt gjekk me 45 km. Eg har sjeldan vore så sliten som eg var då eg endeleg var heime den kvelden.

Den siste pausen før sola forsvinn. Det var også det siste bilete frå turen.

Eg er ingen Severin Suverens. At me ikkje hadde tilpassa turen etter mine evner, var tydleg. Slikt sett var ein fjellvettregel broten med solid margin. Men turen ville eg ikkje vore utan, det var ei oppleving på godt vondt. Hallingskarvet og utsikta det byr på er umåteleg vakkert. Nedfartane, som tidvis er bratte og har variert type snø, blir nok ei betre oppleving med breiare ski, eller betre teknikk og erfaring.

No ventar ein ny sesong med ski på beina. Men unngå Severin Suveren-fella, skyld ikkje på uflaks. God tur!