Ein yngre åling var svært oppteken av handhygiene. Handvask var sterkt i vinden.

Men såpa var turr!

EG HAR PRØVD så godt eg kan, å halde meg oppdatert i tida. Då tenkjer eg ikkje så mykje på Trump, som er ille nok. Men meir på koronaen, som heng mest over oss no.

Det svirrar rundt oss med råd, tilrådingar, formaningar og påbod. Om kva me kan og ikkje kan gjere. Kulturlivet er stengt ned, nattelivet også. Idretten. Flyselskapa og hurtigruta humpar på så vidt. Toga går halvtomme. Bussane med. Unntatt skulebussane. Folk blir oppmoda om ikkje å ta kollektiv transport. No tek dei til å lure på om det blir jul i år, også.

Artikkelen held fram under annonsen.

I heimen her oppunder berget står korona-TV-en på heile dagen. Og når den er slutt, er det forsyne meg meir korona på PC-en.

MEN NOKO av det som blir sagt, er ganske interessant. Eg har lese mykje om ulike smitteverntiltak. I ein artikkel frå Folkehelseinstituttet vart det sterkt understreka, at både spriting, munnbind, avstand og plexiglas er vel og bra.

Men det viktigaste smitteverntiltaket kvar enkelt kan gjere, er dette: Vask hendene. Grundig. Kvar gong du kjem inn att frå butikken, frå byen, har vore på kafe – eller kvar du no har vore.

Ein overlege og forskar, som hadde leia eit forskingsprosjekt, vart intervjua på korona-TV og understreka det same: Vask hendene.

Og så sa han noko underleg:

– DETTE VISER at Semmelweiss sin innsats på 1800-talet var langt framfor si tid. Han var framsynt og kan ikkje takkast nok. Eller noko i den dur.

Heisann: Semmelweiss. Kven er Semmelweiss? Og kva gjorde han på midten av 1800-talet som me burde vere flinkare til å følgje no, 170 år seinare?

Her kjem det difor litt vaksenopplæring: Ignaz Semmelweiss var ein ungarsk-austerriksk lege som arbeidde ved fødselsklinikken på eit sjukehus i Wien. Dette var før omgrepet hygiene var kjent, også på sjukehus. Semmelweiss reagerte på at legar og legestudentar gjekk rett frå obduksjonen av døde til behandling av fødande og fødslar – utan å vaske seg på hendene. Dei kom blodige og fæle som dei var. Resultatet var barselfeber, infeksjonar og mange dødsfall både hjå spedbarn og mødrer.

Artikkelen held fram under annonsen.

HAN BESTEMTE difor at alle legar på hans klinikk skulle vaske seg grundig på hendene før dei gjekk inn i fødestovene. Særleg viss dei kom frå likhuset. Seinare stramma han det inn til grundig vask mellom kvar pasientbehandling.

Dette høyrest opplagt ut i dag, men var det ikkje då. Semmelweiss vart latterleggjort, baksnakka og motarbeidd. Han vart til og med omtala som «brønnpissar» - tenk å meir enn antyde at hans legekollegaer førte smitte med seg til pasientane! At dødsraten sank frå 12 % til 2 %, og seinare til 1,2 %, imponerte ikkje kritikarane hans. Han vart utsett for intrigar og tvungen til å forlate sjukehuset i 1849. Han braut seinare saman av påkjenningane og døydde på sinnssjukehus i 1865. Seinare tok den skotske kirurgen Joseph Lister fatt i Semmelweiss sitt arbeid og innførte hans hygieneprinsipp i sjukebehandlinga generelt. I dag er dette elementært.

ME HADDE nok ikkje visst mykje om dette hadde det ikkje vore for Jens Bjørneboe. Forteljinga om Semmelweiss passa som hand i hans hanske, og han skreiv eit antiautoritært skodespel om dette i 1968.

Moralen blir difor: Vask deg på hendene og hald deg frisk. Så blir det kan hende både jul og nyttår i år og!

Ha ein god, smittefri vinter!

PS: Ei hygienisk etterskrift:

EIN YNGRE åling var svært oppteken av handhygiene. Handvask var sterkt i vinden. Så hende det at faren måtte på do. Då ha kom att, spurde sonen straks: - Vaska du deg på hendene? - Jadå, svara faren utolmodig. Då gjekk sonen på badet for å sjekke. Han kom inn att i stova og erklærte høgt: - Men såpa var turr!