Ådne Søndrål tok OL-gull i Nagano 1998. Det var første gong ein halling vart olympisk meister.

Klappskøytene revolusjonerte idretten: – I starten var det mange som trudde dette berre fungerte på jenter og langdistanse

Ådne Søndrål vart den siste verdsmeisteren på gamle skøyter. Men skulle han ta OL-gull i Nagano i 1998, måtte han bytte til klappskøyter. Søndrål hadde dårleg tid.

Mars 1997: Endeleg kunne Ådne Søndrål frå Hol feire eit etterlengta gull. «Den evige toar» vart verdsmeister på 1000 meter under VM i Polen. No var OL i Nagano neste store mål. Etter sølv på 1500 meter i Albertville i 1992 og ein bitter fjerdeplass på heimebane i 1994, var gull det soleklare målet.

Men ein skøyterevolusjon var i emning. Faktisk var den alt i gang då Søndrål vann i Polen. For løpar etter løpar har denne vinteren skifta til klappskøyter. Og framgangen var merkbar. Derfor seier Søndrål etter verdsmeisterskapen:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er nøydd til å skaffe meg klappskøyter for å ha ein sjanse, sa han etter løpet.

Les også
Synest du det «alltid er ein halling i OL»? Slik har det vore i over 40 år

Gjennombrotet

Det er 25 år sidan klappskøytene revolusjonerte skøytesporten. Klappskøytene fekk gjennombrotet med det nederlandske kvinnelandslaget i 1996/97-sesongen. Gjennom 1997-sesongen skrota løpar etter løpar dei gamle skøytene. Framgangen var merkbar. Ein ny skøyterevolusjon stod for døra. Eit kvart hundreår seinare, seier Søndrål:

– Fleire og fleire begynte å gå på klappskøytene. Eg vart vel den siste verdsmeisteren på dei gamle skøytene.

Men klappskøyter var ikkje noko nytt.

– Forløparen var utvikla av forskarar ved eit universitet i Nederland. Slik eg vart fortalt det, gav dei skøytene til dei to beste nederlendarane. Dei gjekk to rundar og meinte det var det dummaste dei hadde sett.

Ådne Søndrål frå Norgescup-opninga på Geithus i 1995.

I ti år låg klappskøytene på hylla før nye forskarar slo fast at det gjekk mykje raskare.

– Dei gav skøytene til juniorjenter. Plutseleg gjekk dei fort. Så starta dei nederlandske damene å bruke dei, og dei gjekk fort, minnest Søndrål.

– Kva skil klappskøyta frå den gamle?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Enkelt forklart kan du prøve å skøyte med ski med alpinbinding og langrennsbinding. Hælen er laus, du er friare i rørslene og arbeidsvegen er lenger.

Berre for jenter?

Med lengre og friare rørsler gjekk farten opp, noko fleire og fleire fann ut.

– I starten var det mange som trudde dette berre fungerte på jenter og langdistanse. Så såg alle at dette gjekk mykje fortare, minnest Søndrål.

I august 1997 gjekk Søndrål på klappskøyter for første gong. Men usikkerheita var stor før OL-sesongen. Kven ville takle overgangen best?

– Det var opplagt at det ikkje var mogleg å henge med utan. Ein heil generasjon skøyteløparar måtte på same tid omstille seg, seier Søndrål.

Les også
Dykk i arkivet fra 1995: Kjenner du att desse to sjarmørane?

I sesongopninga i Berlin vart det klart at klappskøytene var starten på ei ny tidsrekning. Verdsrekorden på 1500 meter vart senka til 1,49-talet. Først Ids Potsma frå Nederland, så canadiske Kevin Overland. Det vart eit rekordras denne hausten. På alle distansar vart gamle rekordar knust.

– Ved inngangen til julemånaden kan ein slå fast at klappskøytene fører til ein skøyterevolusjon ingen anar omfanget av enno, kommenterte journalist Torbjørn Gunhildgard i Hallingdølen.

Søndrål peikar på to faktorar:

Artikkelen held fram under annonsen.

– På 1500 meter skjedde det to ting samtidig. Det vart ei spesialisering med løparar som vart mellomdistansespesialistar. Det gjorde at det gjekk fortare på 1000 og 1500. Med klappskøytene var tommelfingerregelen at det gjekk eitt sekund fortare per runde med. Det var det me sa i starten.

– Men du klarte overgangen raskt?

– Det gjekk ganske fort. Men det var løparar som aldri vart like gode med klappskøyter. Alle var gjennom dette, og ikkje alle takla overgangen.

Skøyterevolusjonar

Skøytesporten har gjennom historia vore gjennom fleire avgjerande endringar som har ført idretten framover og ikkje minst verdsrekordane nedover.

Her er nokre av dei:

* Overgang frå natur-is til kunstis.

* Innandørshallar.

* Klappskøyter.

* Drakter. I 1963 kom nylontrikoten i staden for ulldrakt. Men den store revolusjonen var det den sveitsiske arkitekten Franz Krienbühl som stod for. På 1970-talet utvikla han den aerodynamiske trikoten som alle etter kvart skifta til. Krienbühl eksperimenterte også med skøytestål av gull.

Den gamle meister og talenta. Ådne Søndrål ønskjer Håvard Bøkko (t.v.)og Christoffer Fagerli Rukke lykke til som arvtakarar.

Lettare løparar

Søndrål seier dei gamle skøytene favoriserte tunge løparar. Han var sjølv ein av dei. Ein annan var Johann Olav Koss, som la opp tre år før klappskøytene kom.

– Med klappskøyter kunne løparane vere lettare. Neste generasjon var lettare og vog mindre enn oss og har andre kvalitetar. Den nye generasjonen som voks opp med klappskøyter, vart endå betre enn oss att, seier Søndrål, og trekkjer fram klubbkameraten Håvard Bøkko.

Les også
Her er skattetoppen for kjendisane frå Hallingdal

Ved årsskiftet 1997/98 og fram mot OL i japanske Nagano, var det klart at Søndrål hadde klart overgangen. Han var ein av favorittane på 1500 meter.

Og då han kasta skøyta fram over målstreken etter ein episk duell mot nederlendaren Ids Postma, stod det 1,47,87 på tavla. Verdsrekord og gull.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinare i sesongen senka han verdsrekorden på nytt, til 1.46,43 i Calgary. Slik vart Søndrål ein av dei som var med på å bringe idretten til neste nivå.

Stor ståhei på Fornebu då Ådne Søndrål kom heim frå OL i Nagano.

Nye drakter

Den personlege rekorden hans vart sett under OL i Salt Lake City i USA fire år seinare. 1,45,26 gav bronse, men då var det ein ny revolusjon i skøytesporten Norge ikkje var med på. Og det fekk konsekvensar.

– Då kom Nike med heilt nye drakter. Berre Nederland og USA hadde draktene, og dei dominerte OL. Drakta var mykje raskare enn den me hadde, fortel Søndrål, og forklarar kva det betydde:

– For ein skøyteløpar er 80 prosent av kreftene du kjempar mot, luftmotstand. I 50 km/t kan du prøve å stikke handa ut av bilglaset, så kjenner du det. Viss resultatet i vindtunnel er lik den verkelege verda, var skilnaden mellom vår drakt og deira drakt større i tid enn resultatlista tilsa.

Ådne Søndrål under trening i Vikingskipet i 2002.

Bronse var uansett bra, særleg etter ei oppkøyring med skader. Det gjorde også medaljesamlinga frå OL komplett og sikra Søndrål tittelen (enn så lenge) tidenes idrettsmann i Hallingdal. Gull, sølv, bronse og fjerdeplass på 1500 meter i fire OL på rad i tillegg til VM-titlar kan ingen måle seg mot.

Les også
Her kjem den nye sportsbutikken: – Utruleg artig at me endeleg kjem i gang
Les også
Håvard (32) landa draumejobben: - Gler meg til å utvikle dei beste i Norge
Les også
Full jubel for stor julegåve: – Fekk pengar til alt me søkte om