Kine Pedersen Aamodt (28) frå Nesbyen har valt å vere open om det å bli utsett for vald og overgrep i nære relasjonar. I dag tek folk kontakt med ho for å få hjelp og støtte til å kome seg i tryggleik.

Kines kamp

Kine Pedersen Aamodt kom seg vekk frå ein valdeleg sambuar. Han vart dømt, og ho fekk rettferd. No kjempar ho for at rettferd skal bli hovudregelen i slike saker - og ikkje eit unntak.

Sjå for deg at du går heim frå byen ein sein kveld. Det er mørkt, du ser deg over skuldra, og ringer ein ven for å ha selskap på spaserturen. Kanskje har du også nøkkelknippet i neven. Men så fort du kjem heim og lukkar døra bak deg, så kan du puste letta ut. Du vrir om låsen og er trygg.

For Kine Pedersen Aamodt var det her, bak lukka og låste dører, at ho frykta aller mest for sitt eige liv. 28-åringen frå Nesbyen levde i over eit år med grov vald og overgrep i eigen heim. Eks-sambuaren sonar i dag ein sjeldan streng dom etter at Kine valde å kjempe for rettferd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det første faresignalet

Då Kine i starten av 20-åra flytta til Oslo, hadde ho alt kontakt med mannen som ein dag skulle bli sambuaren hennar. Ho kjende til han frå oppveksten. Når begge var på plass i same by, skulle venskapen utvikle seg til noko meir. «Han hadde blitt meir mogen med åra», tenkte ho.

Det skulle likevel ikkje ta langt tid før varsellampene tok til å lyse. Han vart pågåande, og ville vere saman heile tida. Kine hadde ei rar kjensle, men han skulda på at han var så forelska. Etter kort tid tok forholdet ein ny retning.

– Mamma og søstera mi skulle besøke meg i Oslo, og han ville gjerne møte dei. Eg syntest det var for tidleg. Det gjorde han veldig sint, fortel Kine. Den dagen kom den første episoden som fekk det til å gå kaldt nedover ryggen hennar.

– Han meinte at eg ikkje fortente å sitje i sofaen, og bad meg sitje på golvet. Så løfta han meg opp etter beina og «vaska golvet» med hovudet og ansiktet mitt, fortel Kine. «No må eg avslutte dette», tenkte ho, i fullstendig sjokk. Nokre dagar seinare endar det i ein krangel der ho får det første slaget i ansiktet. Det skulle bli ei helg med mykje vald.

– Då var det på ein måte gjort. Han sa at han aldri kunne la meg gå, no som eg hadde så mykje på han, seier Kine. I oktober same året flyttar han inn i leilegheita til Kine, trass i at ho protesterte. Dette markerte starten på eit sambuarskap prega av torturliknande vald, slik dommen beskriv det.

Les også
Mann dømt til ni års fengsel for familievald

Ofte plasserte han slaga over hårfestet slik at blåmerka ikkje skulle synast. Eit spark mot overkroppen resulterte i ribbeinsbrot. Det smertefulle området vart målskiva for nye slag viss Kine trassa dei rigide reglane i heimen. Brotet grodde ikkje på fleire månader. Ved måltida måtte ho sitje rakrygga og tygge pent. Gjorde ho noko feil, vart ho beden om å knyte hendene bak ryggen medan han slo henne i magen. Gav ho teikn til smerte, fekk ho fleire slag. Skulle ho på butikken, tok han tida på henne. Kvitteringar for alle kjøp måtte leggjast fram for kontroll. Hadde Kine kjøpt noko «unødvendig», fekk ho juling. Statsadvokaten la til grunn at Kine vart valdteken om lag 300 gonger i løpet av sambuarskapet. Ei av valdtektene fann stad medan ho var innlagt på sjukehuset med sterke magesmerter.

Når ein les historia til Kine, kan ein spørje seg om korleis ho klarar å dele desse detaljane opent. Men når ein pratar med henne, forstår ein raskt kvifor det er viktig.

– Når målet er å treffe dei som blir utsett for dette, kan ein ikkje sensurere innhaldet. Eg skjønar at det er både vondt, kvalmt og ubehageleg å høyre på, og kanskje særleg for dei som ikkje har vore borti noko liknande før. Men det er ikkje det me skal ta omsyn til, seier Kine. Sjølv har ho akseptert at dette er historia hennar. Burde ein ikkje kunne forvente at andre gjer det same?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss ein heile tida skal skåne folk frå ubehaget av slike historier blir det vanskelegare å forstå alvoret. Dette er viktig for å endre haldningane i samfunnet rundt vald og overgrep, seier ho.

Kine Pedersen Aamodt vil bruke historia si til å hjelpe andre. Ho vier fritida til å jobbe med vald og overgrep, og oppfordrar folk til å ta kontakt dersom dei trenger ein å prate med.
Les også
Set fokus på #metoo i folkemusikken og folkedansen

Kvifor bli verande?

Tvil og dømmande spørsmål er ikkje framand for dei som har blitt utsett for vald og overgrep. «Du burde vel ha sett nokre teikn?». «Kvifor forlét du han berre ikkje?». I Kine sitt tilfelle vart ho verande fordi ho frykta for livet til sine nærmaste.

– Han fortalde kva han ville gjere med familien min dersom nokon fekk vite kva som gjekk føre seg. Eg var livredd, for eg såg jo kva han var i stand til, fortel Kine. Slik blir ein etter kvart god på å lyge og bortforklare når folk spør om noko er gale.

– Eg laug på livet deira, seier Kine. Likevel prøvde ho heile tida å planleggje ein flukt som ikkje ville setje dei andre i fare. Det var som å kartleggje ein heil operasjon.

– Kven seier du det til først? Kor skal du få hjelp frå? Viss eg går til politiet, må eg vite kor mine nærmaste er, og finne ut korleis dei kan kome seg i sikkerheit raskt, fortel Kine.

Alle detaljar måtte vere kartlagt. Det hendte at ho fortalde vener og kollegaer at «når eg kjem heim i dag, så skal eg slå opp». Ho ville forsikre seg om at nokon kom til å leite dersom ho forsvann. Ofte måtte ho avblåse planane om å flykte, og vente på ei ny mogelegheit.

Flukta

Rundt juletider i 2016 er Kine nok ein gong innlagt på sjukehuset, og eks-partnaren er på veg for å hente henne heim att. Kine har panikk, og ringer ein ven.

«Eg kan ikkje dra heim. Då tek han livet av meg», seier ho, og kameraten på telefonen tek grep. Han ringer sjukehuset og avdelinga blir stengt for besøk. For første gong fortel Kine om valden til ein tilsett ved sjukehuset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når eg sa det høgt, vart det plutseleg veldig ekte. Det var både godt og skummelt. Godt å ikkje vere aleine om det, men skummelt fordi eg visste at eg måtte handle raskt, seier Kine. Ho hadde lagt ein plan om å reise heim for å hente nokre av tinga sine. Kine torde ikkje ta med seg kofferten, men pakka sakene sine i plastposar medan sambuaren var på jobb.

– Så drog eg heim til pappa.

Kine forstod at ho hadde dårleg tid. Før han reiste på jobb morgonen etterpå, måtte ho fortelje far sin kva som hadde hendt. Men orda sat fast i halsen. Løysinga vart å skrive eit brev som ho la på badet. Ved sida av plasserte ho journalen frå sjukehuset. I ei tekstmelding bad ho faren om å ikkje lese det aleine.

«Eg har noko eg vil at de skal vite. Unnskyld for at eg har halde det skjult for dykk så lenge, men eg har vore for redd og for flau», opnar ho med. I brevet forklarar Kine at ho har prøvd å fortelje det før, men at ho ikkje har greidd det.

«Håpar ikkje de blir sinte på meg. Og ver så snill, ikkje si det til nokon. Eg orkar ikkje at det skal bli verre».

Dette brevet skreiv Kine Pedersen Aamodt til far sin då ho skulle fortelje om valden og overgrepa ho vart utsett for av sambuaren sin.
Trenger du nokon å snakke med?

* Vold- og overgrepslinjen (116 006), gratis og døgnopen

* Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte (800 57 000), gratis og døgnopen

* Nettsida «dueiermegikke.no» (Epost: kine@dueiermegikke.no)

Les også
Etterforskande og samfunnsengasjert

– Dei vil berre leggje bort saka

Familien til Kine vart ikkje sint. Inst inne visste ho heile vegen at dei ville gjere alt dei kunne for å halde henne trygg. Men røysta i brevet var ei annan enn den ho har i dag. Den var sped, usikker og nedbroten.

– Når dei rundt meg fortel om korleis eg var, så hugsar eg lite, fortel Kine. Men ho minnest at ho var hysterisk då familien ville ta henne med på politistasjonen for å melde mishandlinga. «Er dei galne?», tenkte Kine. Ho hadde ikkje tru på at det fanst hjelp i rettsvesenet, noko ekspartnaren stadig hadde mint henne på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han sa alltid at viss eg gjekk til politiet, så ville dei berre leggje bort saka, fortel ho. Kine går til slutt med på å reise til politistasjonen for å få informasjon om mogelegheitene ho hadde. Der møter ho ein politibetjent som gir henne kjensla av å bli teken på alvor. Ho går med på å forklare seg i avhøyr.

Ikkje lenge etterpå blir mannen etterlyst via Interpol. Politiet spanar på leilegheita til Kine, men ser ingen aktivitet. Til slutt gir etterlysinga resultat, og han blir arrestert.

– Då dei sette i gang alt dette, fekk eg eigentleg litt sjokk. For eg trudde verkeleg ikkje dei kunne gjere noko, fortel Kine.

Kine Pedersen Aamodt frå Nesbyen jobbar for å endre haldningane rundt vald og overgrep. Historia hennar fortel kvifor det kan vere vanskeleg å bryte ut av ein valdeleg relasjon.

Dommen

I to år er Kine og familien inn og ut av rettssalar. Mannen blir også sikta for vald og overgrep mot ein tidlegare sambuar. Kine vitnar i rettssaka hennar, og motsett.

– Det var veldig stressande. Eg lurte heile tida på når han skulle sleppe ut, og følte at eg såg han overalt, fortel Kine. Men ho kjende seg teken vare på av politiet og rettsvesenet. Dei gjorde alt dei kunne for å trygge henne.

Rettssaka til Kine var ein av dei siste før juryordninga vart fjerna. Ho hadde høyrt mykje negativt om utfallet i slike saker. Kor høg er terskelen for å finne nokon skuldig i vald og overgrep i nære relasjonar? Dette handla ikkje berre om tekniske bevis. Ho var spent på om folk ville tru på henne som valdsoffer. Ord mot ord. Neve mot ansikt? Kva er bevis viss ikkje ei historie er nok? Ho prøvde å lese ansikta i juryen. «Trur dei at eg lyg? Meiner dei eg overdriv?».

Då dommen skulle falle, sat Kine på eit eige rom saman med to venninner. Dei følgde med på ei videooverføring frå rettssalen. Juryleiaren fekk spørsmål om dei hadde funne den tiltalte skuldig. «Han blir ikkje dømt», gjentok Kine i sitt eiget hovud. Men juryleiaren svarte med eit raskt og overbevisande «Ja».

– Eg fekk det ikkje med meg. Men venninnene mine hoppa opp av sofaen og hylte. Då skjønte eg det, og stelte meg inntil veggen og gret. Advokaten min storma ut av rettssalen, inn til rommet vårt og klemte meg. «No er du fri, Kine», sa ho. Eg trudde eg skulle svime av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen vart dømt på alle punkt, og fekk ein samla straff på heile 13 år. Begge kvinnene var trudd.

Les også
Retten trudde på jenta

Vil spreie håp

Det tok tid før Kine innsåg at ho hadde fått livet sitt tilbake. Dei siste åra hadde ho levd i fangenskap, først hjå han - så i påvente av rettssak og dom. Ho hadde ikkje hatt tid til å jobbe med trauma, eller tenkje på kva ho ville gjere i livet.

Kva var det som fekk deg ut i kvardagen att?

– Kjensla av alt han hadde teke frå meg, og alt som skulle til for å kome dit me er i dag. Han vart faktisk dømt, og fekk ein streng dom. Då kunne eg ikkje berre ligge i senga, men eg måtte ut og leve. Elles hadde han vunne uansett, seier Kine.

Kine har valt å vere open om si historie for å vise at det finst håp. Då ho sjølv levde i marerittet, vart ho motlaus av å søkje etter informasjon på internett. «Over halvparten av anmeldelser om mishandling i nære relasjoner henlagt». «Henlagt på grunn av manglende bevis». «For få ressursar i politiet». Sjølv skulle ho få oppleve det motsette. Håpet er at nokon som sit i ein liknande situasjon i dag, skal lese historia hennar og sjå at det er mogeleg.

Kine Pedersen Aamodt har stilt opp som støtte for fleire vald- og overgrepsutsette, og har vore med i andre sine avhøyr og rettssaker.

Nye avhøyr, nye rettssaker

I dag jobbar Kine i «Du eier meg ikke»-stiftinga som ho sjølv har starta. Ho snakkar med personar som har vore ute for overfallsvaldtekt eller mishandling frå ein av sine næraste - eller med personar som akkurat no står midt oppe i det. Kine gir råd til folk som lurer på om dei skal melde saka til politiet, og er med som støtte gjennom heile prosessen. Fleire gonger har ho bidrege til at dei som tek kontakt vel å gå til politiet med saka.

– Det er så mange ein skal møte undervegs, og ein blir etter kvart litt kasteball i systemet. Det eg tilbyr er å vere den trygge handa heile vegen, fortel Kine. Mange ynskjer å ha med seg ein som har opplevd det sjølv, i både avhøyr og rettssak. Då stiller Kine opp.

Korleis får du styrke til å gå gjennom alt dette på nytt?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit at det som skjedde kjem til å vere med meg resten av livet, uansett. Eg må gjere det til noko positivt, og heller bruke det som ein styrke til å gjere noko bra for andre.

Vart nominert til «Jenteprisen»

Kine har halde fleire foredrag om vald i nære relasjonar, og har mellom anna tala for helsepersonell, politifolk og juristar under ein konferanse i regi av FN. Ved Haukeland sjukehus i Bergen brukar dei historia hennar i prosessgruppene til Kvinneteamet og på fødeavdelinga. Kjensla av at det å dele si historie, faktisk gir resultat, kallar ho uverkeleg.

– Det har vore mykje fokus på gravide kvinner og vald den siste tida. Det blir sagt at fødeavdelingane rundt om i landet ikkje alltid er gode nok til å stille spørsmål. Særleg skjer det på små plassar, kor dei ofte kjenner både kvinna og mannen, seier Kine.

Kine vart også nominert til Plan Norge sin «Jentepris» i 2020. Gjennom fleire kanalar på sosiale medier deler ho informasjon og oppfordrar folk til å ta kontakt dersom dei vil snakke med henne. Og folk tek henne på ordet. Alt dette gjer Kine frivillig ved sida av ein annan dagjobb. Men så lenge ho ser at det er bruk for henne, vil ho halde fram. Draumen er å jobbe med dette på heiltid.

Les også
Krisesesong for krisesenteret

Kan ein førebyggje vald og overgrep?

Det å bidra til at personar som lever med truslar, vald og overgrep vel å melde saka til politiet, er uvurderleg. Men går det an å førebygge vald og overgrep? Kine ynskjer spørsmålet velkome, og ein kan sjå at ho leitar etter dei rette orda.

– Me må jobbe med haldningar først og fremst. Det er viktig å starte tidleg med å snakke om kva vald og overgrep er. Kva inneber det, og kva for konsekvensar har det for deg og den du utsett det for? Mange er ikkje ein gong klar over at mishandling ikkje treng å vere fysisk, seier Kine. Tankane går tilbake til vidaregåande og den dagen politiet besøkte skulen for å snakke om «trygg russetid». Jentene sat lydig og noterte seg råda: «Ikkje drikk for mykje. Ikkje gå aleine. Ta på deg ein sykkelshorts under russedressen, så er det vanskelegare å kle av deg». Ikkje eit ord vart sagt om at det å forgripe seg på andre er eit alvorleg lovbrot.

– Frå jenter er små er det mykje fokus på kva ein ikkje må gjere, og kva du må passe på for å vere trygg. Me må også prate om kva vald og overgrep er, og om korleis ein unngår å bli ein overgripar, seier Kine. Vald og overgrep rammar ikkje berre kvinner, og skuldast ikkje berre menn. Likevel fortel statistikken oss noko om kor hovudtyngda av problemet ligg. Kine Pedersen Aamodt vart ein del av statistikken som fekk rettferd. Ho har ikkje tenkt å slappe av før det er regelen, og ikkje eit unntak.

Det gjev inntrykk å sitje så tett på eit menneske som ser deg rett inn i auga og fortel om dei såraste og mest intime trauma i livet. Med sjølvtillit og ro i stemma. Like opent som ho deler det vondaste av sine eigne erfaringar, er Kine ein lyttar. Ein person du kan kontakte viss du treng hjelp ut av eit valdeleg forhold. Ein støtte for dei som fryktar for sine nære, men ikkje veit korleis dei skal gå fram. Og ein aktivist som utrøytteleg gjentek dei viktigaste orda folk i hennar situasjon kan få høyre.

«Eg høyrer deg. Eg ser deg. Eg trur deg. Og du er ikkje aleine».

Kine Pedersen Aamodt frå Nesbyen kom seg vekk frå ein valdeleg sambuar, og fekk rettferd. I dag sonar eks-partnaren ein dom på 13 år for grov vald og valdtekt av to kvinner.
Les også
Stille før stormen på krisesenteret
Han sa at han aldri kunne la meg gå, no som eg hadde så mykje på han.
Når målet er å treffe dei som blir utsett for dette, kan ein ikkje sensurere innhaldet.
Eg må gjere det til noko positivt, og heller bruke det som ein styrke til å gjere noko bra for andre.
Eg måtte ut og leve. Elles hadde han vunne uansett.