Tord Albrigtsen: N/A

I prøve-NM hamna han som nummer ni

I ei stove i Hemsedal er det ein krok. Mange husstandar ville ha utstyrt dette rommet med spisebord- og stoler. Det har ikkje familien Albrigtsen gjort. Her står det eit stort sjakkbrett. Det er digitalt og kopla mot ein datamaskin. Heile familien er sjakkinteresserte.

Hallingdølens utsende set seg i den eine av to sofaer. Framfor seg har han kvite brikker og ein gut som har ei mykje betre rating på Chess.com.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tord Albrigtsen går i sjuande klasse og har alt spelt sjakk i tre år. Han har ikkje fått si offisielle rating enno, men pappa Tor Albrigtsen har sett han slå konkurrentar som har opp mot 2300. I prøve-NM hamna han som nummer ni. Prestasjonen frå den turneringa var på 1919.

– Eg ligg i området 2000 pluss. Men det veit me ikkje før me kjem oss ut på brettet igjen, fortel sjakktalentet.

Familien Albrigtsen; veslebror Torjan Albrigtsen til venstre, pappa Tor Albrigtsen bak, mamma Janet Albrigtsen til høgre og Tord Albrigsten i midten.

Han er med i Hemsedal Sjakklubb, som mamma Janet og Pappa Tor starta.

– Nærmaste sjakklubben er i Hønefoss, så då starta eg og Janet sjakklubb i Hemsedal, som einaste klubb i Hallingdal. Då me starta, var me heilt opp i 30 deltakarar. Det var fram til koronaen kom, fortel Tor Albrigtsen.

– Me hadde nokon få kveldar mellom smittebølge ein og to. Då var me åtte-ti deltakarar. Koronaen kom veldig uheldig for oss som nystarta klubb. Det blir jo alltid mindre folk etter at nyheita er over, men det blei nok litt ekstra på grunn av korona, fortel han.

Favorittopninga er dronning gambit

Sjakkinteressa vakna hjå Tord når storebror utfordra han.

– Eg dreiv og tapte mot bror min. Han fann eit sjakkbrett i skuffen, og utfordra meg. Eg tapte, og blei lei. Då tenkte eg at «Dette skal eg lære av», og «No skal eg ta han», fortel Tord Albrigtsen.

No har han begynt å få meir taket på broren, og slår han ofte. Pappa Tor legg til at broren er ganske god.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det skal godt gjerast å slå han, fortel senior.

På skulen spelar han med ein kamerat. Kameraten har ofte lyst å spele, men blir stadig slått.

Ein av dei mest populære seriane på Netflix denne hausten har vore «Queens gambit». Det er også namnet på favoritt-opninga til Tord Albrigtsen.

– Eg kan rundt 11 opningar. Eg kan ikkje alle, men eg veit korleis ein kjem inn i dei. Det kjem an på kva motstandaren gjer. Eg likar å spele aggressivt. Då går eg heile tida til angrep, og trugar motstandaren.

Han har spelt mot Aryan Tari, som vart første nordmann som blei juniorverdsmeister i sjakk. Då vann Tord. Rett nok i simultansjakk. Tari spelte mot 20 andre med tid. Albrigtsen vann i det han sjølv kallar ei dritstilling på tid.

Kva er målet?

– Å bli stormeister.

Tord Albrigtsen svarar kort, men vegen dit er lang. Først må han få rating, så må han bli internasjonal meister. Så må han oppnå tre stormeisternormer og minst ha hatt ein rating over 2500.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva tenker du når sit overfor ein motstandar?

– Eg tenker «Han skal eg gruse» eller «Han tek eg uansett kva» og «Eg skal slå han», svarer Albrigtsen.

Tord Albrigtsen: N/A

Løyser sjakkoppgåver før skulen.

Tord Albrigtsen har dysleksi. Det gjør det vanskeleg å lese teori, og teori er viktig for den vil bli god i sjakk, så Tord brukar andre måtar å lære seg teorien på.

– Kvar morgon før skule, frå klokka til sju til kvart på åtte, sit eg med sjakkoppgåver. Det er ein del av morgonrutinen. Frukosten et eg undervegs, og når oppgåvene er løyste, går til på skulen, fortel sjuandeklassingen.

Han har også begynt på sjakkskule. Kjetil Lie og Torbjørn Ringdal Hansen driv eit talentprogram. Det fungerer på lik linje som vanleg skule med vekeplan og lekser.

– Den eine veka får han lange videoar med teori, forklaring og flytting av brikker. For Tord som er dyslektikar er det gull verdt, fortel Janet Albrigtsen.

Den andre veka er det tre kvarter med undervisning.

Tord Albrigtsen: N/A

På kveldane sit familien å ser på sjakkturneringar, og da er det Magnus Carlsen dei i hovudsak følger med på. Carlsen er favoritten til Tord. Ved juletider har dei også familieturnering. Då knivar dei om ei sjokoladeplate.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då er det skikkeleg konkurranse. Alle vi ha den sjokoladen, fortel Tord Albrigtsen

Hallingdølens utsende tek sjansen på eit slag mot talentet. Eg har jo trass alt spelt mykje sjakk den siste tida.

Det er lenge ein jamspelt. Men så har Tord lurt meg. Eg mistar den eine løparen. Då tek det ikkje lang tid før den kvite kongen min måtte gi tapt.

Med ein fri bonde er det ikkje mykje å gjere for Hallingdølen.