Kjøkkensjef på Kafe Tid Aza Tsitskieva lagar dei flottaste kaker.

– Ho er ei gåve til kafeen

Aza Tsitskieva er eigentleg utdanna mekanisk ingeniør frå Russland. Men kakene hennar er kjende ut over Ål og Hallingdal.

Det har vore ei lang reise, på mange vis. Aza Tsitskieva er frå Kaukasus i Russland og kom til Norge i kjølvatnet av Tsjetsjenia-krigane som herja 90-talet. Ho mista to brør som følgje av krigen.

Då mannen hennar fekk problem i heimlandet, flykta dei. Aza var gravid med fjerdemann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aza Tsitskieva har full kontroll på kjøkkenet.

Reiste til Norge

– Eg ville ikkje til Tyskland, men me vart nøydd til å flytte til ein stad som var tryggare. Eg las og las, og fann ut at eg ville til Norge, fortel ho.

Dei kom fyst til Kirkenes, deretter Oslo. Etter fleire intervju, enda dei på Tanum asylmottak.

– Alle var snille med oss, men hugsar eg vart veldig redd. Det var fyste gong eg hadde vore i ein slik situasjon, seier ho.

5. september 2007 er blitt ein merkedag for familien. Då fekk dei endeleg norsk statsborgarskap.

– Eg hadde vondt i kroppen heile den dagen. Eg klarte ikkje å snakke og fekk betennelse i kroppen, fortel ho.

Det var tidlegare leiar for flyktningtenesta, Ingvard Solberg Skalle, som busette Aza. Han hjelpte henne på legevakta slik at ho fekk antibiotika.

– Det gjekk heldigvis bra, fordi eg fekk hjelp, fortel ho.

Aza har aldri jobba som mekanisk ingeniør - det fekk ho aldri høve til. Då ho kom til Norge, gjekk det lang, lang tid før ho kom ut i jobb.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg gjekk på vaksenopplæring frå 2008 til 2010 og var veldig flink. Men etter det fekk eg ingen jobb, seier ho.

I om lag sju år søkte ho og fekk avslag på ulike jobbar. Fyst i 2018 fekk ho praksisplass i blomsterbutikken i Ål gjennom NAV. Men Aza hadde mykje vondt i kroppen.

– Kvar dag drog eg heim, tok ein paracet og la meg på sofaen. Eg sto så mykje stille, så eg fekk veldig vondt, forklarar ho.

Ingunn Solberg Skalle blir rørt av å snakke om Aza.

Etter kvart vart ho overført til VINN Hallingdal og vart utplassert på Kafè Tid. Kort tid etter at Aza begynte, fekk Ingunn Solberg Skalle jobben som dagleg leiar i kafeen. Ho minnest ein sjenert tilsett som ikkje ville framheve seg sjølv eller maten ho laga.

– Eg vart veldig redd. Eg har aldri laga mat for andre folk på den måten før. Eg vart så usikker på om dei ville like det. Fleire gonger nekta eg å jobbe då dei spurde, smiler Aza.

Det virkar jo kanskje litt absurd no, i alle fall for dei som har smakt kakene eller maten til Aza.

– Det er fascinerande. Eg har aldri smakt noko som ikkje er godt som ho lager. Det trur eg ikkje eksisterer, ler Ingunn.

Framleis hadde Aza mykje vondt i kroppen. I alle fall fram til dei flytta inn i nye lokale. Ho trur det er fordi ho kan bevege seg mykje meir no.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg blir framleis sliten, eg er ingen robot. Men då eg begynte her, kjende eg meg mykje betre.

– Eg må nesten flire. Den progresjonen Aza har hatt, er heilt ekstrem. Eg har høyrt om andre som har sett forskjell på Aza når ho går til jobb. Ho er så mykje meir rakrygga no. Og det ho lager …

Ingunn stoppar opp. Får litt tårer i auga.

– Det er så sårbart her inne. Me har mykje folk i arbeidstrening og språkpraksis og mange har hatt det tøft og treng å ha det trygt. Eg ser umiddelbart, uansett kven som er her, at Aza har ei utstråling og ro som gjer aller trygge. Det er ikkje noko ho tenker over - ho berre er sånn, samstundes som ho er tydeleg. Ho går ikkje rundt og dillar, seier sjefen.

– Ho er som veslesystera mi, ler Aza. – Eg er heldig som har ein sånn sjef. Når ein jobbar, må ein føle det i hjartet at ein trivest og har det fint på jobb. Sånn er det her, konstaterer ho.

Det er ikkje gitt at Aza jobbar. Det var ei tid ho trudde uføretrygd var einaste utveg.

– Eg vart så dårleg. Kroppen min vart heilt øydelagt, men dei fann ikkje ut kva det var, seier ho.

Men no er ho altså kjøkkensjef på Kafé Tid, og Hallingdølen skal lage ein matreportasje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg blir heilt rørt. Eg kan nesten ikkje prate om det utan å grine, seier Ingunn Solberg Skalle.

Matreportasje, ja. Aza er i gang med ei grøn kake. Den heiter noko så fjongt som «Emerald Velvet cake» med spinat og yoghurtkrem. Du skjønar, Aza likar å eksperimentere litt. Kakene hennar er kjende langt ut over Ål. I sommar opplevde Ingunn at eit par frå Vestlandet kom innom fordi dei «berre måtte smake på napoleonskaka her». Den er også ei av Aza sine spesialitetar.

Aza Tsitskieva lagar dei flottaste kaker. Sjefen Ingunn Skalle Solberg, er evig takksam for Aza.
Aza er i ferd med å lage ei spinatkake.

Som oftast finn ho russiske kakeoppskrifter som ho set sitt eige preg på. Men Aza er nok litt for beskjeden til å innrømme det sjølv, så me let sjefen gjere det:

– Alle kjeks og kaker ho lager, har ho aldri laga før - og det er så godt! Ho er ei gåve til kafeen. Hugsar du då eg spurde deg om du ville ha fast jobb?

Aza lyser opp.

– Det var då me opna etter koronanedstenginga. Eg måtte ta eit djupdykk ned i alt me hadde av personale, og visste ikkje kva eg kunne behalde. Og vart så lukkeleg då eg kunne spørja om ho ville ha fast stilling. Det smilet hennar då … Åh, eg skulle hatt det på boks.

I ein alder av 55 år, kunne Aza slå seg på brystet med sin fyste jobb.

– Det har vore ei tøff reise her inne, me har boksa oss gjennom motgang - somme tider har det vore heilt sinnssjukt. Hadde eg ikkje hatt Aza, veit eg jammen ikkje om eg hadde orka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Honningkake

Kakene Aza lager er ganske så kompliserte for folk flest - men denne honningkaka kan du prøve deg på (eg har smaka, og kan seie at det er min personlege favoritt)

Deig:

* 100 g smør

* 100-150 g sukker

* 2-3 ss honning

* 2 egg

* 1 ts. natron

* 400 g mjøl (pluss minus 50 til)

Krem:

* 350-400 g kremfløyte

* 100 g melis

Sett omnen til 160-170 grader.

Framgangsmåte:

Me lagar deigen i vassbad. Vatnet i kjelen kan ikkje røre bollen og det skal kokast på medium temperatur. I bollen tilset me smør, sukker og honning. Så ventar me til alt er smelta saman. Så vispar me to egg i ein annan bolle og vispar det så forsiktig inn i deigen. Bland det godt saman.

Så tilset me ei ts. natron - hugs å blande godt. Me får sjå korleis honning og natron reagerer med kvarandre - nesten som skum. Du må vente til skummet har trekt seg litt tilbake, omtrent to-tre minutt.

Så tar du bollen av vassbadet og tilset litt og litt mjøl. PS! Deigen skal ikkje vere hard eller klissete, men litt mjuk.

Avhengig av kor stor kake du vil ha, kan du dele deigen i åtte delar (for liten, 20 cm i diameter) eller fire-fem delar (for stor, 28 cm i diameter). Legg delane med bakepapir under i langpanne og lag hol med ein gaffel. Dei skal steike i omnen tre-fem minutt til dei får ein gyllen farge. Medan dei er varme, formar du dei til ein rund sirkel med ei form som er anten 28 eller 20 cm i diameter. Avkjøl.

Visp krem og smør kremen rundt heile kaka. Den deigen som blir att kan du smuldre over kaka.

Honningkake.
Honningkake.
- Denne kaka er veldig populær, fortel Ingunn.
Spinatkake.
Spinatkake med yogurtktem og jordbær.

Her er nokon fleire kaker og kjeks som Aza har laga:

Pinnsvin-kjeks.
Ingunn er alltid spent på kva Aza har diska opp med når ho kjem på jobb.
Aza likar å eksperimentere og å vere kreativ.
Kake med sommarfugler.