Carl Frithjof Tidemand-Johannessen tek i når han skal kaste langt. Bana på Leira har ein del tre, så om den skal meistrast krev det presisjon i kasta. Til høgre sit Sigve Kjønnøy.

Diskkastarane

Ein av dei raskast sportane i verda har eige klubbmiljø i Valdres. Men det finst fleire plassar i Hallingdal du kan prøve deg på diskgolf.

Driver, birdie, putter og bogey er kanskje uttrykk ein knyter til golf. Men det er også kjende omgrep for dei som interesserer seg for sporten diskgolf, eller frisbeegolf. For tida er sporten i sterk medvind her i landet:

— Det er lett å bli hekta, det er det ikkje tvil om. Eg har spelt nesten kvar dag denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Carl Frithjof Tidemand-Johannessen er klar for sundagsgolf. Han er nestleiar i Valdres Frisbeeklubb. Dei var ei gruppe entusiastar som ville få til ein bane. Prosessen starta på hausten 2017. Året etter stod ni korger klare, og no er banen bygd ut til 21 korger i eit stort skogsområde like ved Valdres Storhall på Leira.

Valdres frisbeeklubb møtest fast på Leira kvar sundag. Her siktar Raymond Sundvold seg inn mot korga. Det er gratis å bruke banen.

Ein som er med er leiar i klubben, Gunnar Bratrud:

— Anten blir du skikkeleg hekta, eller så er det ikkje noko for deg. Me har ein teknisk bane her på Leira. Det som er fint med sporten er at du berre konkurrer med deg sjølv, fortel han.

Auka popularitet

Under koronakrisa fekk mange auga opp for frisbeegolf. Lokalaviser har i tida etter meldt om stor pågang og lange køar på frisbeebanar fleire stader i landet.

Leiar i firsbeeklubben, Gunnar Bratrud, puttar seg til i kurven.

Konseptet er likt som i golf, men her er det ikkje hol i graset, men kjettingkorger som er målet. Poengsystemet er likt som i golf og det handlar om å bruke færrast kast. Kvart hol eller korg har eit par som fortel kor mange forsøk ein har på å få skiva i korga. Bruker ein færre eller fleire kast enn normen seier, går ein i minus eller pluss.

Diskane, eller frisbeeane, er også forma ulikt utifrå formål. Ein har for dei korte kasta, for dei litt lengre og for dei verkeleg lange kasta.

I dag finst det ca. 250 baner frisbeegolfbaner i Norge, med frå 6 til 21 korger.

USA dominerer. Her finn ein også profesjonelle frisbeekastarar. Nord-Amerika og Vest-Europa har flest banar.

Blir ein hekta er det lett å la seg rive med når det kjem til diskar. Dei ivrigaste i klubben har dedikerte sekkar med titals diskar i til ein kvar situasjon.

I Valdres peikar pila rett oppover. Ved årsskiftet talde klubben 20 medlemmar. I dag er dei 80:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kø på banen er nok eit byfenomen. Men i juli var det mellom 3000-4000 som spelte på her. Det er rekord, fortel Tidemand-Johannessen.

Det er alltid fare for feilkast, og då må ein på leiteaksjon i buskar og kratt.

Klubben har ein god miks i alder. Blant medlemene er 18 kvinner.

Her finn du frisbeegolf-banar i Hallingdal:

* Hemsedal: Hemsedal høgfjellssenter har ein bane med 12 hol. Frisbeear kan ein leige.

* Geilo: Like ved Vestlia Resort ligg det ein 9 hols bane. Frisbeear kan ein leige ved hotellet.

* Golsfjellet: Sanderstølen har ein 9 hols bane. Blei opna sommaren 2020

* Gol: Det er planlagt 18 hols bane på Hallingmo som kjem truleg er på plassen sommaren 2021.

— Kven er ein typisk diskgolfar?

— Det passar jo for kven som helst eigentleg. Det er ein rimeleg og tilgjengeleg sport. Her deltek folk i alle aldrar. Me har døme her i bygda på at heile familiar spelar, fortel Bratrud.

Raymond Sundvold har berre spelt aktivt i ein månads tid, men er ganske hekta: – Det er kjekt. Handlar det om poeng, blir eg litt galen, fortel han.

I blant arrangerer dei klubbmeisterskap og har også sosiale arrangement. Når snøen kjem, så spelar dei inne i hallen:

— Mykje av arbeidet på banen skjer på dugnad. Om ein ikkje har ein klubb og miljø, så blir det ingen bane, fortel Tidemand-Johannessen

Som for golf er opphavet til diskgolf, eller frisbeegolf, litt uklart. Men pila peikar mot Canada. Alt på 1920-talet skal ein gjeng ungdommar ha utøvd ein variant av golf der dei brukte loket til hermetikkboksar som frisbeear. Men det tok fleire tiår før sporten utvikla seg vidare til ein variant meir lik den me har i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Banen er godt markert og ved kvart hol har eit kart som viser vegen.

På 60-talet like etter den moderne frisbeen (som også er eit eige varemerke) hadde blitt lansert i USA, begynte ulike grupper ungdom å spele golfvariantar fleire stader i landet. Tre, gatelykter eller fontener fungerte som provisoriske mål.

Når runden er ferdig, går ein over dagens resultat. Gunnar Bratrud brukte totalt 69 kast eller fem over par og var den som hadde færrast kast og best score.

Først på midten av 70-talet blei reglane formalisert og den fyrste foreininga stifta. Samtidig fekk sporten definerte mål med kjettingar og korg under. I 1983 blei sjølve frisbeen vidareutvikla slik at han kunne kastast lenger.