Berre glede: Ingar Dalen viser stolt fram fangsten i Halnefjorden, ein ørret på 2,3 kilo.

Bakteriedrama på liv og død

Her dreg Ingar Dalen opp ein storrugg på 2,3 kilo i Halnefjorden. Få dagar etterpå svevar han mellom liv og død på grunn av ein dukkert i det friske fjellvatnet.

Kven skulle tru at ei lita rift under foten kan få store følgjer? At kjøtetande bakteriar kan slå ein sprek og friluftsglad 60-åring i senk i løpet av timar og dagar? På det mest dramatiske var sjansane for å døy større enn å overleve.

For dei nærmaste var det ei sjokkerande melding å få. Sjølv låg han i koma og ante ingenting om bakteriane som herja i kroppen. Ein kamp på liv og død.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men Ingar stod han av.

– Eg har vore grådig heldig. Eg overlevde, eg redda foten og eg har hatt så mange venner som har støtta meg og gitt meg energi, seier han tre månader etter dramaet.

Ingar Dalen syner beinet som vart angripe av bakteriar. Han reknar seks til ni månader til før han er tilbake for fullt.

Ein herleg dukkert

Det er august og strålande vêr. Ingar Dalen og kameratane Kjel Magne og Jostein Hornet er klar for sin årlege helgetur til fjells. Dei dreg til Halne på Hardangervidda og brukar stong og oter som fiskereiskap i Halnefjorden.

Årets august er strålande - kokande varmt, stille og vakkert. Ingar Dalen er ikkje typen som likar å bade, men etter dagens fisketur som til og med gir storfangs i form av ein fjellørret på 2,3 kilo, blir fristelsen for stor. Ein god dukkert kjøler ned ein sommarheit skrott.

– Det var nok då det skjedde, konstaterer han.

Iallfall får han ei lita rift under eine foten. Men han merkar ingenting. Han går berrføtt på land - grus og fjellflora er jo ikkje farlege saker ... Sundag rundar dei tilfreds av ei flott fiskehelg og dreg heim.

Det var herleg med ein dukkert i Halnefjorden. Ingen tenker på kjøtetande bakteriar når dei går her.
Fiskehelg og sommaridyll på Skaupa på Hardangervidda.

Mistar hukommelsen

Dagen etter, måndag, er Ingar på veg til fjells att, no på motorsykkel. Han irriterer seg over det som kjennest ut som ein stein i eine skoen. Han kjenner det godt når han girar. Framme på Halne tek han av skoen og sokken, men finn ingen stein.

Tilbake att, heime på Ål, legg arkitekten og forretningsmannen merke til eit ørlite sår under venstre foten. Men tenkjer ikkje meir på det. Han dreg på jobb tysdag, men kjenner framleis at det gjer vondt når han trør på foten. Han blir meir slapp, og reiser heim og oppsøkjer legevakt. Der trur dei det kan vera podagra, og gir medisin for det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I løpet av tysdag ettermiddag begynte eg å miste hukommelsen. Frå dette tidspunktet hugsar eg berre brotstykke når eg blir mint på det av andre, fortel han.

Det blir ikkje betre onsdag, og når det lir mot kveld tek sambuar Rigmor affære og får han på legevakta att. Der går alarmen. Legen har mistanke om at han er angripen av nekrotiserande fasciit, meir kjent som kjøtetande bakterie. Han blir sendt til Ringerike sjukehus i full fart.

Nekrotiserende fasciitt

Også kalla «kjøttetande sjukdom». Ein livstrugande og svært dødeleg blautvevsinfeksjon. Bakteriane «et seg inn i» bindevevet, som på mindre enn ein dag kan føre til at offeret døyr. For at den personen skal overleve, må alt infisert vev fjernast umiddelbart. Kjelde: Wikipedia

Der er derimot ikkje legane så overtydd om diagnosen. Tvert om; dei seier det ikkje er kjøtetande bakteriar og ikkje blodforgifting. Sjølv er pasienten lite til stades.

– Eg hugsar ikkje noko til dette, men eg sende bilete av foten som begynte å bli svartflammete til Vegard, yngste sonen min. Det har eg fått sett i ettertid, fortel han.

Ingar Dalen tek bilete av ein svartflamma fot til sonen sin, Vegard. Sjølv hugsar han ingenting.

Multiorgansvikt

Alvoret blir berre større. I løpet av fredagen forverrar det seg kraftig. CRP-prøven viser ufattelege 400, det normale er 20-30. 400 er livskritisk, fleire organ er i ferd med å svikte. Det blir bestemt å overføre han til Drammen sjukehus.

– Då eg kom dit hadde eg multirogansvikt, og vart sendt rett på operasjonsbordet. Dei kopla til dialyse, respirator og alt som trongst for å få kroppen til å fungere. Eg har blitt fortalt at det på dette tidspunktet berre var flaks at eg var i live.

Sjølv er han i koma og blir det i fem dagar framover. Legane gjennomfører den eine operasjonen etter den andre - fem i talet.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Ingar er, akkurat som legen på Ål fyrst antyda, angripen av kjøtetande bakteriar. Dei angreip i fotsåret etter dukkerten i Halnefjorden. Bakteriane går under huda, spreier seg i stor hastigheit og fordervar underhudsfeittet. Etter ei stund går det over i blodforgifting.

Dette er situasjonen når legane startar på fyrste operasjonen. Dei fastslår raskt at dei må amputere vesletåa. Så begynner dei å fjerne hud under foten, oppover leggen, bit for bit. Dei fjernar alle tre hudlaga og feittet under; jobbar seg ned på muskelen. Dilemmaet deira er kor langt oppover dei må skjera i ein person som er i fysisk god form. Får dei ikkje raskt kontroll, er amputasjon siste moglegheit.

Dei jobbar på spreng, og får kontroll. Då har dei fjerna huda på eine beinet frå tå til og med hofte og eine seteballen. Han har att litt hud på innsida av beinet, kneet og tåballen.

– Eg har vore grådig heldig. Dei har ikkje tatt nervar og musklar. Bakteriane kan angripe desse og, men det skjedde ikkje med meg. Og det er ei guds lykke; - det var så vidt dei ikkje måtte ta heile foten.

Og viktigast av alt; han overlevde.

- Eg overlevde, eg redda foten. Eg har hatt flaks, seier Ingar Dalen.

Kyrkjeklokker

Heldigvis, får ein seie, var Ingar lykkeleg uvitande om dramaet som gjekk føre seg. Dei nærmaste derimot, kjende på både drama og usikkerheit.

– På det verste fekk Rigmor og sønene mine beskjed om at det var 40 prosent sjanse for at eg overlevde. Det er andre som hadde det verre enn meg i den situasjonen. Rigmor og ungane visste kva som skjedde, det gjorde ikkje eg.

Rigmor har sjølv fortald om dei tøffe dagane, som då ho gjekk over Bragernes torg på veg til sjukehuset i det kyrkjeklokkene slo. «Neste gong eg høyrer klokkene, vil dei ringe for Ingar», tenkte ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er dei nærmaste som hadde det tøffast, fastslår Ingar.

– Eg hadde tre jævlige dagar etter at eg vakna opp av koma, dagar med forferdelege mareritt og nesten ikkje søvn. Men laurdagen etter kom eg til meg sjølv att og fekk i meg mat. Eg har nesten ikkje hatt smerter, dei har balansert smertestillande medisinar på ein svært god måte.

Og alt her merka han støtta han har hatt under vegs, frå vener og familie.

– Eg prata med vener på Facetime og har blitt støtta heile vegen. Det er i ein slik situasjon ein ser kva gode vener betyr. Folk har støtta meg kvar einaste dag, og det har gjeve meg energi. Det er eg utruleg takksam for. Det har hatt så mykje å seie å ha ein heiagjeng med seg.

480 stiftar i kroppen

Jobben var likevel ikkje over. Etter to veker på Drammen sjukehus, vart Ingar overført til Rikshospitalet og ekspertar i hudtransplantasjon. For beinet som var angripe måtte få ny hud - frå andre delar av kroppen.

– Dei tok hud frå andre foten og eine sida i ryggen, rett og slett høvla av det ytste hudlaget. Så køyrde dei det gjennom ei perforeringsmaskin som gjorde huda dobbelt så stor, før dei la ho over på foten.

Dette skjedde i ein operasjon som tok sju timar. Huda vart stifta fast. Ingar hadde 480 stiftar i kroppen!

– Det er utruleg kva dei får til. Heilt fantastisk, fastslår han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etter operasjonen på Rikshospitalet vart eg lagt i ei seng som det finst to av i Norge, og som kostar over 1 million kroner. Madrassen er fylt av luft og sand som blir blåst opp i toppen av madrassen. Det som skjer er at sanden trekkjer til seg væske frå såra. Eg låg i denne senga i ni dagar og var tørr og fine heilt tida. Eg er imponert over både helsepersonell, hjelpemiddel og teknikkar, og over å få ei behandling der det ikkje var snakk om å tenke økonomi.

I tillegg merka han yrkesstoltheita hjå dei som jobba der.

– Det er to guruar innan hudtransplantasjon, og den eine av dei var med og overvaka behandlinga mi. Det var heller aldri snakk om å sleppe meg frå sjukehuset for tidleg. Det bestemte kirurgane, dei visst kva dei ville, og sa klart ifrå.

Etter dagar og veker i sjukehusseng er det godt å utfordre hjernen med lego-bygging.
Attende på Ål, på Hallingdal sjukestugu. Her begynner Ingar Dalen å hente krefter att.

Som å kome heim

Det skjer noko med ein kropp som har ligge seks-sju veker i ei seng. Det merka Ingar då han på slutten av opphalde på Rikshospitalet skulle prøve å reise seg og støtte seg på ein preikestol. Fyrste gongen han prøvde, greidde han stå i eitt minutt før han måtte setja seg att for ikkje å svime av. Siste dagen strekte han det til to minutt.

– Eg vart overført til Hallingdal sjukestugu. Det må vera noko med hallinglufta, for etter ein dag der greidde eg gå på badet med preikestol og ordne meg sjølv heilt aleine.

Sjukestugu er ny og flott, og det er nesten som å kome heim. Dei som jobbar der er flinke - som på sjukehusa.

Tre månader etter dramaet er Ingar Dalen på føtene att. Han kjem seg rundt, men har ein lang veg å gå før han er heilt tilbake.

Etter tre veker kjende han seg for frisk til å vera der; no bur han heime i Gamlevegen og går på fysikalsk behandling tre dagar i veka. Ein dag i veka er han på Rikshospitalet og skiftar bandasje.

– Eg går greitt på flatt underlag, men det er for tidleg å vera ute i terreng. Det er særleg ankelen eg må trene opp att. Akillesen trekkjer seg saman når han ikkje blir brukt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han må rekne med seks til ni månader til før han er tilbake for fullt. Det skal ikkje berre gro der bakterien angreip, men også områda som gav hud til beinet.

– Heilt som før blir eg nok ikkje. Det blir truleg ein uføredel. Eg må blant anna vera forsiktig med å utsetje meg for både sol og kulde. Den nye huda har ikkje nervar og seier ikkje frå om ein blir utsett for høg eller låg temperatur.

Ingar Dalen har likevel ambisjonar om å kome seg i skibakken att, som han alltid har likt. Men det blir nok på ein annan måte enn før.

Du gjer deg dine tankar når ein kjem i ein slik situasjon, seier Ingar Dalen.

Får ein til å tenke

Han har vore gjennom ei helsereise av dei sjeldne, ei reise som er lærerik på fleire vis.

– Ein reflekterer over ein del ting når slikt skjer. Eg kan ikkje få understreka nok kor viktig det er å ha gode venner som bryr seg. Eg er også ein type som har ofra mykje tid til arbeid opp gjennom alle år. Du får deg ein tankevekkar når slikt skjer; du ser at det er andre ting som er viktig å ta vare på.

Ingar Dalen er arkitekt og hytteutviklar. Han er mannen bak Skarvhytta og er med i mange utbyggingar, blant anna nye leilegheitsbygg i Gol sentrum. Kontrasten er stor frå hektisk arbeidsliv til rekonvalesent etter å vore døden nær.

– Det har gått utruleg bra takka vere flinke folk. Roland Slåtto er prosjektleiar for Skarvhytta og har gjort ein kjempejobb. Leilegheitene på Gol har andre teke seg av. Eg har ikkje bekymra meg for jobbting i det heile.

Ingar Dalen er godt i gang med opptrening. Gå trapper er ei øving.

Han har brukt kreftene på å bli bra att.

– Heile rehabiliteringa har gått unormalt raskt; det har grodd fort. Det er nok mykje fordi eg fekk i meg mat alt dei fyrste dagane og har ete godt heile tida. Og så er eg ein person som tenkjer løysingar. Eg er positiv i tankesettet mitt, og har ikkje brukt tid på å vera sint på ting som har skjedd. Ok, slik er situasjonen, har eg tenkt, då må ein berre gjera det beste ut av det.

Rett nok leita det på på sjukehuset. Då henta han fram utsegn frå den kjente franske skiskyttaren Raphaël Poirée som Ingar var kollega med tidlegare.

– Han fortalde at han alltid berre tenkte ein kilometer om gongen då han gjekk renn. Slik tenkte eg og; eg tok ein dag om gongen.

– Og det greidde du?

– Ja, eg gjorde det. Hadde eg tenkt at her blir eg liggande veker eller månader, hadde eg blitt sprø!

Ingar Dalen er imponert over helsevesenet og all hjelp han har fått. Og ikkje minst all støtte frå gode vener.

Ser berre framover

Sjølv hadde Ingar Dalen aldri høyrt om kjøtetande bakteriar, og at dei til og med kan finnast i den reinaste naturen - høgt til fjells. Så skjer slike tilfelle også sjeldan. Kirurgen som opererte hadde jobba i 10 år og opplevd ni tilfelle til saman. Og for fyrste gong skjedde det med ein som ikkje hadde ein underliggande sjukdom.

Kanskje er det noko av grunnen til han kom seg gjennom dramaet?

No trenar Ingar Dalen seg tilbake til eit normalt liv.

– Eg tenker berre framover, og har det veldig bra. Bortsett frå tre dagar med mareritt, der eg både slo til kirurgen og kjempa med jævlar av mange slag, har det gått fint. Akkurat no har eg faktisk begynt å bli litt utolmodig; eg må ta meg saman. Eg veit det vil ta tid, det handlar om å få kroppen til å fungere att. Men fyrst og fremst er eg utruleg glad - eg har vore heldig!