Stor varebil av vegen på Rv52

Ein større varebil køyrde av vegen på Rv52 på Hemsedalsfjellet måndag morgon.

Utforkøyringa skjedde litt før klokka åtte, ved Slettevatnet aust for Eldrevatnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet opplyser på Twitter at det ikkje er snakk om personskader.

Føraren forklarte at dei var tre personar i bilen og på veg til Flåm. Dei to andre sov, og ein av dei "velta" over sjåføren i ein sving. Den kvinnelege sjåføren dytta personen tilbake, men dette førte til at ho mista kontroll på bilen og køyrde i grøfta. 

Litt over klokka ni var bilbergar på veg til ulykkespunktet.