Kristiane Bekkestad.
Kristiane Bekkestad.

Mellom portane

– Mamma, sånn der skal eg bli, det er draumen, sa ei tre-fire år gammal Kristiane og peika på alpinistane som trena på portar i bakken på Geilo. I dag er ho klar for ungdoms-OL på Lillehammer.

– Det er ein draum. Tenk å få representere Norge i eit OL, også på heimebane! Det blir ei utruleg oppleving.

Heilt sidan det vart kjend at meisterskapen skulle gå på Lillehammer, har det vore ein draum for 17-åringen frå Ål.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då trenaren min sa det til meg, måtte eg spørje fleire gonger; er du sikker? Heilt sikker? Berre to norske alpinjenter får stille på start på Lillehammer. Det er eit privilegium å få delta, det må ein ikkje gløyme. Eg har høge forventingar til opplevinga, men tør ikkje tenkje resultat. Ein har jo lyst til å gjere det bra, men det er vanskeleg å si noko om korleis nivået er.

I deltakarlandsbyen skal ho dele rom med tre andre jenter.

– Det blir veldig kjekt. Men det kan bli mykje utstyr og bagasje. Eg håpar me klarar å halde oversikta.

– Er du ryddig til vanleg?

– Åh, nei. Veit du, det er eg ikkje, eg må innrømme det. Eg har hatt mange draumar natta før renn, der eg har drøymt at eg gløymde ski og stavar, og kome på start med langrennsski. Eg er litt gløymsk og usystematisk. Men eg har vorte betre etter at eg flytta heimanfrå. Du lærer fort at trenarane ikkje likar å måtte snu fordi du har gløymt ein vott eller ein stav.

Det var ikkje sjølvsagt at ho skulle til OL.

Sommaren og hausten brukte ho på å trene seg opp att etter ein kneskade. 1. april gjekk det skikkeleg gale. Under ei storslalåmtrening når ho var heime på påskeferie skulle ho ta ein siste tur. På veg over ein kant kjende ho at skia forsvann lenger enn ho var førebudd på. Skia losna og ho sjølv rulla nedover. Ho skjønte med ein gong at det hadde gått gale med kneet. På legevakta fekk ho slått fast at skaden var slutten på skisesongen.

– Det var fleire som ikkje trudde på meg då eg sa eg var skadd. Eg hadde jo lurt venninnene mine med andre ting tidlegare på dagen, så dei lo og sa dei ikkje gjekk på to spøkar på ein dag. Det skjønar eg jo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skadeperioden gjorde ho sterkare, både mentalt og fysisk.

– Eg fekk kjenne på kor glad eg er i å køyre på ski. Etter kneskaden har eg vore veldig motivert for å kome tilbake og bli ein del av gruppa igjen. I haust sette eg og trenaren min mål for sesongen. Eitt av dei var å vinne FIS-renn, men det trudde eg mest ikkje på. No har eg vunne tre, det er heilt utruleg.

Tidlegare var ho best i slalåm, men i vinter har ho også to sigrar i fartsrenn. Dei kom i utfor i Ål skisenter, like før jul.

Då familien flytta til Hallingdal frå Røa var det eit mål å vere mykje ute med ungane. Oppveksten på ein gard langs Strandafjorden gjorde ho glad i å vere ute.

– Me er tre systrer med eitt år mellom kvar, så me har alltid hatt nokon å leike med. Det var mange moglegheiter heime og me har laga hopp, aka og me starta jo på ski samtidig. Eg hadde alltid nokon å sjå opp til og måle meg mot.

Biletet av den fyrste hjelmen sit godt i minnet.

– Den var rosa, og det såg ut som eg skulle køyre cross. Men eg var så stolt.

Som yngstemann i syskenflokken såg ho opp til dei eldre syskena. Ein gong dei var i bakken skulle storesystrene køyre bratthenget på Ål i lag med faren. Kristiane torde ikkje, og vart att i kafeen. Men då dei gjekk, ombestemte ho seg. På veg mot heisen såg ho dei andre reise oppover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg gav meg ikkje. Eg tok heisen opp og stod ned, heilt aleine. Eg gret medan eg køyrde, for eg var så redd. Men eg kom ned. Eg trur eigentleg pappa var meir stolt enn overraska då han såg meg, seier ho og ler.

Ho takkar lagkameratane og trenarane på Ål for at ho valde å satse på alpint. I fem år var ho også ein del av privatlaget Alex Hosp, som har betydd mykje for utviklinga hennar.

I fjor haust flytta ho til Oppdal for å gå på skigymnas. Miljøet og treningsmoglegheitene der har ført ho eit steg vidare. Der har ho fokus på å ikkje bli ein solskinnsløpar.

– Me skal tole å køyre på ski i dårlegare vêr òg, ikkje berre prestere når det er sol. Eg trur eg klarar det, sjølv om trenaren min seier han ser på meg at eg trivst litt ekstra når det er sol. Då smiler eg endå litt meir, og seier at livet er fantastisk. Og kor heldige me er.

Ho voks opp i ein kristen familie. Trua har alltid vore viktig for ho, men særleg vart det viktig då ho flytta til Oppdal.

– Tru har betydd mykje for meg. Men då eg flytta, vart det ikkje mamma og pappa sine tradisjonar, og det var ingen menigheit. Det var meir mi eiga tru, og ikkje berre følge familien sine tradisjonar med å gå i kyrkja kvar sundag. Eg har ikkje hatt éi bestemt oppleving der eg kjende at eg var kristen, men det har kome meir gradvis. Bibelen ligg på nattbordet, den les eg i kvar kveld.

Ho finn trøyst i trua. Og alt som liten var ho oppteken av dei store spørsmåla.

– Når pappa var ferdig med å synge nattasang for meg, kunne eg stille spørsmål som «Kvar kjem me frå?» eller «Kvifor er me her?». Eg trur ikkje han var heilt førebudd på at eg skulle spørje om sånt, eg var berre fire-fem år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framleis er ho undrande rundt det ho ser på som dei viktige spørsmåla. Det hender ofte at ho utfordrar folk ho kjenner.

– Eg likar å utfordre folk til å tenkje på meir enn idrett, og stille litt større spørsmål. Eg meiner jo me burde prata meir om det største spørsmålet: kvifor er me eigentleg her? Det er det kanskje ikkje så mange 17-åringar som er oppteken av.

Ho er førebudd på reaksjonar når ho er open om trua si.

– Respekterer dei meg for det eg trur på, så gjer eg det same. Eg prakkar ikkje kristendom på nokon, men er open for å diskutere og prate om det.

Ho har klare meiningar om mykje. Siste året på ungdomsskulen tok ho og to venninner initiativ til ein avslutningsfest for tiandeklassingane.

– Eg er veldig glad i å ha det gøy og finne på ting. Men eg syns det er så synd at det er ein kultur der ein må feste så mykje. Eg meiner det går fint an å ha det moro utan rus, og det var nok derfor me arrangerte den avslutningsfesten. Eg syns det er greitt at andre drikk og festar, men eg er også tydeleg på kva eg meiner og har valt.

Trua hennar har også vore viktig i idretten.

– Ein får med seg mange haldningar og verdiar som er fine å ha med i sporten. Eg har lært at eg har ein verdi som meg, uansett kva eg presterer på ski. Det er ikkje slik at eg er eit dårleg menneske om det går dårleg i bakken. Det syns eg er godt å kome tilbake til, for då betyr ikkje det FIS-rennet alt i verda, og det bestemmer ikkje min verdi. Det trur eg mange kunne hatt nytte av å ha med seg. Det er altfor mange som lar idretten vere alt, og nokre kjenner kanskje at foreldra ikkje er like glad i dei om dei ikkje presterer, og det syns eg er feil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv fekk ho sin fyrste fartsdress då ho var tolv. Det var julaftan og bursdag på ein gong heime i stova.

– Plutseleg drog mamma opp eit filmkamera, og eg skjønte at no skjer det noko. Eg var så glad! Eg kjenner enno den kjensla når eg tenker på det. Han var fire størrelsar for stor, hang litt over alt. Lilla, med spindelvevmønster over det heile. Du kunne nesten fått to av meg inni han. Men den kjensla av å ha ein fartsdress, eg tenkte at no, no, liksom, no er eg proff. Eg var så stolt. Mamma og pappa var aldri veldig tidleg ute med å skaffe bra utstyr. Du ser mange ungar i dag har nesten proft utstyr før dei klarar å stå. Eg meiner at utstyret ikkje skal hindre ein frå å trivast på ski. Det skal vere rom for å møte opp i den jakka og skibuksa, og ha det moro.

Fem kjappe:

Siste lesne bok?

- Eg les gjerne fleire bøker samtidig. På nattbordet ligg Bibelen og noko av Jostein Gaarder, og After you av Jojo Moyes.

FAVORITTPROGRAM?

– Eg ser lite på tv, men likar godt program som Best av de beste.

FAVORITTMUSIKK?

– Kygo.

FAVORITTMAT?

– Det er sikkert feil svar, men det er pannekaker med bacon.

PERLE I HALLINGDAL?

– Ål skisenter. Det er lite som slår å stå på toppen der og sjå bakken bade i sol.