Mann bortvist frå sentrum

Det var for det meste ein roleg kveld og natt i Hallingdal, natt til laurdag.

Klokka 00:05 melde politiet på Twitter at ein kar i tidleg 20-åra vart sendt vekk frå Gol sentrum, grunna ufin oppførsel på ein uteplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Han var kranglete og ufin og nekta å forlate stedet, seier Jan Kristian Johnsrud ved Sør-Øst politidistrikt.

- Han blei først prata til av ein vekter, men drog ikkje. Politiet vart tilkalla og gav mannen eit pålegg. Om han hadde kome tilbake til sentrum etter pålegget hadde han blitt anmeldt, held Johnsrud fram.

Mannen drog heim frå sentrum for kvelden etter pålegget.

Mannen er busett på Gol.