Kantra båt tatt i land

Politiet melde fredag klokka 09.56 på Twitter at ein kantra båt flaut i Krøderen, i Gulsvik.

Ifølgje Tvitter-meldinga var det ikkje mistanke om at det hadde vore nokon personar i båten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet kom på staden og fekk båten til land.

Seinare skreiv politiet på Twitter at det ikkje har vore mogeleg å finne nokon eigar. Båten vart derfor teke inn som hittegods av Viking.