Forsvarssjefen

Jesper Taaje har ruva i Hallingdal FKs midtforsvar i tre sesongar. Sundag ettermiddag tek han på seg HFK-drakta for siste gong.

Då leier 18-åringen frå Hemsedal juniorlaget ut på Hallingmo i kampen mot Lillestrøm i fjerde runde i Norgesmeisterskapet.

Fjerde runde er ny rekord for HFK. Berre 16 lag er att i kampen om å bli Norges beste juniorlag. Den 192 cm høge lagkapteinen og forsvarssjefen lovar å gi alt for å føre HFK til kvartfinale. Samstundes er det hans siste kamp for klubben – i denne omgang iallfall.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir litt rart. Og eg har tenkt litt på det. Men fyrst skal me vinne den kampen. Det som kjem etterpå, kjem etterpå.

Det som kjem etterpå er folkehøgskule i Oslo og ein overgang frå HFK til Kjelsås.

Kjelsås spelar i 2. divisjon, men kjempar for å halde seg i divisjonen før seriesystemet blir lagt om. Akkurat som HFK må vere topp fem i sin avdeling i 3. divisjon for å behalde plassen, må Kjelsås over midten på tabellen for å vere på sikker plass. Haustsesongen avgjer om Jesper Taaje får prøve seg i 2. eller 3. divisjon neste sesong.

– Eit rett val, trur Taaje om overgangen.

– Eg har trena med klubben eit par gonger. Den liknar litt på HFK. Treningane er ganske like. 2. divisjon kan passe meg bra no. Det er ingen vits å prøve seg høgare. Då får eg heller spele meg oppover seinare.

– Kor langt vil du nå?

– Eg håpar å ta eitt eller to steg til. Speler eg meg inn i 2. divisjon, er mykje mogleg. Det er gjerne steget frå 3. til 2. som er verkeleg hardt.

Kjelsås var for ein del år tilbake kjend som klubben som tok fotballfilosofien til Egil Drillo Olsen lengst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med trenar Stig Mathisen såg klubben mot toppen av norsk fotball med stram defensiv organisering og ekstrem bruk av langballar. Faktisk spelte klubben om opprykk til eliteserien i 1998. Slik fekk klubben eit namn i norsk fotball. No er både klubblegenda Mathisen og «Drillo-fotballen» borte. Spel på tredje nivå verkar som det mest realistiske per i dag for Oslo-laget. Det kan passe Jesper Taaje godt. Men han er førebudd på tøffare konkurranse. For der han har vore ei viktig brikke i HFK-trenar Jan-Eirik «Jansen» Thorbergs forsvarslinje, førebur han seg på å bruke tid på å spela seg opp på eit høgare nivå, sjølv om HFK-trenaren er overbevist om at Jesper kan spela seg inn på laget raskt.

– Det blir mykje tøffare konkurranse om plassane. Eg må jobbe hardt for å komme med i troppen. For meg blir det fyrste målet å spela meg inn i kamptroppen. Det blir ei ny utfordring. Lista ligg høgare. Difor forventar eg ikkje at eg går rett inn i startellevaren.

I Kjelsås blir han klubbkamerat med nesningen Espen Bjørnsen Garnås.

Som Taaje var han ein av HFKs gode juniorspelarar som prøvde seg eit steg vidare. Og Garnås, som er hallingen som spelar høgast opp i divisjonssystemet, har lukkast bra etter eit par sesongar i klubben. Han spelar fast i midtforsvaret.

– Får me sjå eit midtstopparpar med to hallingar neste sesong?

– Det hadde sjølvsagt vore artig. Espen er ein av grunnane til at eg valde Kjelsås. Det hjelper at han er der.

Samstundes trur han steget frå vidaregåande skule til folkehøgskule også er rett.

– Det er eit greitt steg. Å gå fotballinja på Rønningen kan vere ein fordel det fyrste året i Kjelsås også. Og så treng eg eit friår frå skulen no.

Artikkelen held fram under annonsen.

18-åringen har passert 80 A-kampar for HFK pluss ein drøss med juniorkampar.

Frå midtstopparplass har han også vore målfarleg. Sesongen HFK rykte opp til 3. divisjon, scora han 11 mål. Det er alltid farleg når han luntar opp på hjørnespark eller lange innkast. Det viste seg sist i Norway Cup denne sommaren også. Men for andre året på rad tapte HFK finalen i verdas største fotballturnering. Då hjelpte det ikkje mykje for kapteinen å bli kåra til lagets beste i turneringa.

– Det var veldig surt å tape. Eg kløna det til med eit straffespark. Då utlikna brasilianarane, og me tapte på straffespark seinare. I fjor følte eg me vann eit sølv. I år tapte me gullet.

To strake finalar i Norway Cup er likevel bevis godt nok på at juniorfotballen i Hallingdal driv godt. Taaje trur det blir drive godt nok til at det stadig kjem nye som kan fylleplassane til dei som reiser ut etter vidaregåande skule.

Saman med jamgamle Markus Thorberg frå Nes har Taaje vore toneangivande på eit HFK i framgang.

I mange år var den store HFK-draumen å klare opprykket frå 4. til 3. divisjon. I 2012 hadde HFK ein alle tiders sjanse. Laget, med fleire sentrale spelarar fødde i 1994, låg på klar opprykksplass fram til haustsesongen starta. Men ei rad svake kampar, med berre ein siger på dei fyrste sju kampane etter sommarpausen, øydela. Ein god sluttspurt i serien held ikkje. I den avgjerande kampen mot Jevnaker tapte HFK. I 2013 var ikkje laget i nærleiken av å rykke opp, og når fleire av dei unge spelarane flytta på grunn av utdanning, frykta nok mange at det kunne ta tid å bygge opp at eit slagkraftig lag med unge spelarar.

Men inn kom 97-årgangane Taaje og Thorberg som representantar for den nye generasjonen. Dei tok nivået raskt og debuterte begge på A-laget som 15-åringar i 2012. To sesongar seinare var dei avgjerande då HFK sikra eit etterlengta opprykk til 3. divisjon.

– Det var kanskje nokon som trudde me ikkje skulle ta steget me tok. Men det var artig å endeleg rykke opp til 3. divisjon, seier Taaje, og hugsar tilbake til hausten 2014.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skjedde noko med fotballinteressa i Hallingdal då. Det var som om fleire samla seg om klubben då det igjen låg an til opprykk. Det kom fleire tilskodarar på heimekampane, og på nett-TV sende Hallingdølen to av heimekampane denne hausten. Fyrst 0-1-tapet mot Strømsgodset 3, så den historiske opprykkskampen mot Konnerud. Med fleire hundre tilskodarar på Hallingmo vann HFK 5–2 etter ein spennande kamp.

– Plutseleg var det meir interesse. Det vart heilt annleis, med fleire folk på kampane og TV-kampar. Det var artig.

No har Taaje fått prøve seg i 3. divisjon i to sesongar.

Nivået skremmer ikkje.

– Men i 4. divisjon kunne me vinne sjølv om me ikkje var på topp. Det går ikkje no. Då tapar me. Og då kan det bli stygt.

– Kva skil deg frå å bli ein god 2. divisjonsspelar?

– Eg er litt temposvak på dei fyrste metrane. Der må eg bli betre, det er heilt sikkert.

– Kva for styrkjer har du?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er duellsterk. Og så scorar eg mål. Det kan eg dra fordel av.

– Du blir omtala som seriøs og ein det er lite tull med..?

- Hehe, det kan stemme. Men eg har kanskje vore litt for lat med eigentrening. Den biten må opp. Der må eg bli betre.

Jesper Taaje ser utover kunstgraset på Hallingmo. I morgon set han eit førebels punktum for HFK-karrieren. NM-kamp blir hans siste. Men kapteinen er klar for eitt siste slag.

– Me har ein god sjanse mot LSK. Det blir tøft, men det er ikkje umogleg.

– Ser me deg i HFK-drakt att nokon gong, då?

– Ja, det skal ein nok ikkje sjå bort ifrå. Eg trivst i Hallingdal og kjem nok tilbake, men no blir det artig å prøve noko nytt.

18 år. Frå Hemsedal. Kaptein på Hallingdal FKs juniorlag som møter Lillestrøm i morgon. Går frå HFK til Kjelsås denne hausten.

Fem kjappe

Siste lesne bok?

Jeg er Zlatan.

Favorittprogram?

Two and a Half Men.

Favorittmusikk?

Ingen spesielle favorittar. Eg likar mykje forskjellig.

Favorittmat?

Ein god pizza.

Perle i Hallingdal?

Rjukandefoss i Hemsedal.