Debatt: Islamofobi?

Ser i avisa i dag at heller ikkje Einar Brattegard har fått med seg skilnaden mellom muslimar som menneske og islam som politisk system.

Islamistar og deira hjelpesmenn har interesse av det konstruerte ordet islamofobi; når dei kan stemple nokon som islamofob, er det eit ledd i å ville henge ut folk og ufarleggjera kritikken mot islam. Mange går på kroken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunismen, fascismen, nazismen og islamismen har mange fellestrekk. Dei er alle totalitære, militante og livsfarlege for dei som kjem i vegen.

Opplyste demokratar burde sjølvsagt ha fobi mot slike totalitære tankeretningar, men det krev at dei er – ja, nettopp – opplyste.