Sigve.
Sigve. Foto: Egil Blomsø

Baud Kleven på kaffi

I DENNE SPALTA har me mange gongar vore innom øvrigheita i gamle dagar, altså lensmennene. Dei som sørga for lov og orden i si eiga bygd og i tillegg hadde fleire samfunnsviktige oppgåver.

Den gong lensmannen og hans betjentar eit fast og synleg innslag i bygdebiletet i alle delar av dalføret vårt. Dei er, som kjent, borte no.

Men la no ikkje dette bli eit nytt klagevers i den uendeleg debatten om nærpolitireforma. La oss heller glede oss over at politiet no har fått fine, dyre bilar, og at dei fleste sit på kontor og jaktar på luguber styggedom på PC-ane sine.

GRUNNEN TIL at eg likevel nemner dei gamle lensmennene nok ein gong, er at eg for ikkje lenge sidan snubla over ei bok på det nye, fine biblioteket vårt. «Lensmenn i skjemt og alvor» heiter den, og vart gitt ut for snart 30 år sidan. Men stadig like morosam. Eit lite søk i arkivet viser ein fyldig omtale i Hallingdølen i desember 1991, der det m.a. heiter «Lensmannsyrket har gjennom alle tider vore utgangspunktet for mange historier og anekdotar».

Og eit godt utval historier er altså å finne i denne boka, der lensmenn frå heile landet hadde sendt inn smakebitar på kva dei sjølve og deira forgjengarar hadde opplevd.

FLEIRE AV lensmennene i Hallingdal hadde gitt sine bidrag, m.a. Ingvald Kleven, Bjørn Dymbe, Halvor Bruserud, Ola K. Rygg og Geir Vidme. Og Svein Flatåker ikkje minst. Han fortalde dette:

«I gamle dagar hadde lensmannen i bygda ein svært høg status. Han var kongens mann og var gjenstand for voldsom respekt. Folk gjekk or vegen når lensmannen kom», sa Flatåker i 1991.

Og så saksar me denne historia frå boka:

I skogkanten og langt frå naboar budde ungkaren Hilmar åleine i ei stove. Rykta nede i bygda kunne fortelje at Hilmar var den største krypskyttaren på lang lei. Han skaut både rådyr og elg. Rykta vart etter kvart så sterke at lensmann Ingvald Kleven i Hol fann ut at han ville ta ein tur og kome overraskande på krypskyttaren.

GRYTIDLEG om morgonen drog Kleven opp og la seg i skjul med utsikt til stova. Han hadde ikkje venta lenge før Hilmar kom ut på trammen. Der sto han lenge og såg seg rundt. No er det ikkje lenge før han kjem med børsa, tenkte lensmannen. Men Hilmar berre sto der, og så ropte han:

– No lensmann, må du kome inn og få deg ein kaffikopp!

Artikkelen held fram under annonsen.

Avslørt og lettare slukøyra gav lensmann Kleven seg til kjenne og rusla ned. Det var kaldt og smakte difor godt med kaffi, men han kunne ikkje la vere å undrast over at han var blitt oppdaga.

– NEI, EG SÅG DEG IKKJE. Men eg plar kvar morgon gå ut på trammen og rope for å høyre om du er der. Eg føler meg aldri heilt trygg utan, sa Hilmar.

God helg.

Sigve.