Også på Rv7 er det behov for vinterdekk i dag. Biletet er frå Ål tysdag føremiddag.
Også på Rv7 er det behov for vinterdekk i dag. Biletet er frå Ål tysdag føremiddag. Foto: Elias Dahlen

Vinterføret er her

Slik ser det ut på vegane i dag.

Alle fjellovergangane i regionen er opne, men det er vinterføre. Legg derfor ikkje ut på biltur på sommardekk i dag.

Sjå nettkamera frå fjellovergangane her.

Dette melder Statens vegvesen:

Rv7 Hardangervidda

Stort sett snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det -3 grader, lett bris og lett snø.

Rv52 Hemsedalsfjellet

Slik var Fv40 over Dagalifjell ved Vasstulan før  snøfallet natt til tysdag. I løpet avnatta var fjellovergangane forvandla frå tørr vegbane til snødekt sørpeføre.
Slik var Fv40 over Dagalifjell ved Vasstulan før snøfallet natt til tysdag. I løpet avnatta var fjellovergangane forvandla frå tørr vegbane til snødekt sørpeføre. Foto: Torbjørn Gunhildgard
Slik såg det ut på Rv7 ved Dyranut på Hardangervidda klokka ni.
Slik såg det ut på Rv7 ved Dyranut på Hardangervidda klokka ni. Foto: Nettkamera, Statens vegvesen
Sko deg for vinterføre på fjellovergangane.
Sko deg for vinterføre på fjellovergangane. Foto: Skjermdump av nettkamera, Statens vegvesen

Snø- og isdekke og. Klokka 06:02 var det -4 grader, svak vind og lette snøbyger. Klokka 13:30 var det -2 grader, lett bris og lett regn.

Fv40 Dagalifjell

Bart. Klokka 05:32 var det -6 grader, svak vind, skya og lett snø.

Fv50 Hol - Aurland

Snø- og isdekke. Klokka 05:48 var det -1 grad, laber bris og snø. Klokka 13:30 var det 0 grader, lett bris og opphaldsvêr.

FEM TIPS FOR TRYGGARE VINTERKJØRING:

Meir snø

Det vil koma snø og regn både tysdag og onsdag.

Meteorologisk institutt melder om snø over 200-500 meter tysdag og over 500-600 meter onsdag.

Sjå alle nettkamera her.