No har det generelle bålforbodet begynt å gjelde.
No har det generelle bålforbodet begynt å gjelde.

Vinteren er over: Nei til open eld

Frå 15. april til 15. september er det forbode å tenne bål i skog og utmark.

Hovudregelen i «det generelle bålforbodet» er at det ikkje er lov med bruk av open eld i skog og utmark. Det betyr at du ikkje kan tenne bål, eingongsgrill eller bålpanne på skogsturen.

Bakken er oftare tørrare enn du trur, sjølv om snøen framleis ligg overalt elles. Då kan det vere uansvarleg å tenne opp eld. Ein gneiste er alt som skal til i solhellingar med tørt gras og lauv. Blæs det i tillegg, kan situasjonen fort kome ut av kontroll. Ta ingen sjansar om det er den minste fare for brann. Du kan bli halden ansvarleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

LES OGSÅ: Trur eingongsgrill førte til brann i søppelbilen

I samsvar med forskrift om brannforebygging kan ein tenne bål også etter 15. april dersom det openbert ikkje er nokon fare for brann. Men du er ansvarleg.

Det generelle bålforbodet gjeld i skog og utmark. Forbodet gjeld altså ikkje for private hagar, gardsrom og terrassar.