Ein gjeng frå Geilo skulle sist helg delta i NM i «The 9th Age», på Osøyro i Hordaland. Meisterskapet vart dessverre koronaavlyst. Dette er konseptet : - Det som å spele dataspel i verkelegheita. Det er ei blanding mellom sjakk, risk og alle andre brettspel du kan tenke deg, seier lagkaptein Kristian Lerberg.

Vekequiz

Kva hugsar du frå nyheitsbiletet?

1. Bedrifta Defa vil utvide fabrikken i Nesbyen. Kva skal dei produsere no?

2. ... og kor mange nye stillingar vil det føre med seg?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kven fekk nyleg årets ærespris tildelt av Akevittklubben Fjellvitt?

4. Kven er Staffan Landsmann-Wiwe?

5. Kva hallingdalskommune toppar lista over korleis småkommunar tilpassar seg ekstremvêr og klimaendringar?

6. I ein kommune i Hallingdal handlar innbyggjarane 40 prosent meir på nett samanlikna med landsgjennomsnittet. Kva kommune?

7. Kva to politiske parti i Hol tek til orde for å legge ned skulen for Dagali og Skurdalen?

8. Kva må du betale i bot om du bryt karantenen du har som følgje av at du har vore nær ein koronasmitta?

9. Industrieventyret er over for Unni og Arild Meskestad. Kva tradisjonsrik bedrift er til sals?

10. Kvifor vil Ål kommune gje dagbøter til Actif hotell i Votndalen?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Ein ny generasjon ladekablar for el- og hybridbilar.

2. 50-100 nye stillingar.

3. Gunn og Lars Egedahl i Nore og Uvdal, også kalla «navet i Norefjord» der dei driv butikk.

4. Næringskonsulent i Ål kommune.

5. Gol.

6. Hemsedal, der innbyggjarane i tillegg handlar for det nest-høgaste beløpet i landet for kvar bestilling.

7. Høgre og Arbeiderpartiet.

8. 20.000 kroner.

9. Tunhovd Mekaniske.

10. Kommunen meiner hotellet ikkje følgje utleigeplikta, og at 20 seksjonar skal leigast ut som hotellrom og ikkje brukast som vanlege fritidsleilegheiter.

3.