1.

Vekequiz

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. Kven er tilsett som rektor ved Hallingdal folkehøgskule?

2. Kva annan bank har Skue Sparebank slått seg saman med?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva er den økonomiske ramma for masterplanen for sykkelutbygging som er vedteken i Hemsedal?

4. Kva verv kjempar Sigrid Lien Sagabråten frå Nesbyen om?

5. Kor mange personar er det no lov til å samla til gudsteneste?

6. Kva heiter landsdelsscena for dans som opna i Ål sist helg?

7. Kva to kommunar i Hallingdal hadde nedgang i folketalet frå januar til april?

8. ... Og kor mange var folkeregistrert i Hallingdal og Nore og Uvdal per 1. april

9. Kor stort vart det økonomiske overskotet i Hallingdal kraftnett i fjor?

10. Kven er Torill Beate Nilsen?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Janne Merete Sukka (noverande sokneprest i Nesbyen).

2. Hønefoss Sparebank.

3. 30 millionar kroner.

4. Ho er ein av tre ungdomskandidatar til stortingsplass for Senterpartiet.

5. Maksimalt 50, på grunn av smittevernreglar.

6. Sprang.

7. Flå og Nesbyen.

8. 22.971 personar.

9. 10,5 millionar kroner etter skatt.

10. Musikar frå Flå som no har tonesett dikt av Hans Børli.

Barnehagebarna ved ei avdeling i Nesbyen er heldige. På grunn av smittevernreglar får dei ha utebarnehage kvar dag. I idylliske omgjevnader ved Trytetjern.