Nesbyen sentrum fredag morgon.
Nesbyen sentrum fredag morgon. Foto: Terje Cato Bidne

Vatn heilt inn på butikktrappa – bustadhus er evakuert

Vatnet fløymer innover i Nesbyen sentrum.

Det er ikkje lett å drive butikk for Bård Ragnar Lien i dag. Flaumvatnet står heilt inn på trappa hjå Coop Extra i Nesbyen sentrum. Han er ikkje åleine om å ha problem på grunn av flaumen. Fleire innbyggjarar er alt evakuert frå husa sine, og fleire skal det bli utover dagen.

LES OGSÅ: Rv7 er stengt i Nes

Vatnet fløymer innover Nesflata, og store jordbruksareal er oversvømt. Det er ikkje uvanleg at det er blautt her om våren, men no er det meir vatn enn det har vore på fleire år. Avfallsdunkar og andre ting kjem flytande med vatnet. Det blir jobba på spreng mot vatnet, blant anna av Nes kommune.

Det har ikkje oppstått farlege situasjonar, men det er mykje vatn i Nesbyen no.

.

Nesbyen sentrum fredag morgon, Bård Ragnar Lian på Coop Extra.
Nesbyen sentrum fredag morgon, Bård Ragnar Lian på Coop Extra. Foto: Arne Ole Lindahl
Frå området ved Coop-butikken i Nesbyen sentrum.
Frå området ved Coop-butikken i Nesbyen sentrum. Foto: Arne Ole Lindahl
Nesbyen sentrum fredag morgon. Fleire vegar står under vatn.
Nesbyen sentrum fredag morgon. Fleire vegar står under vatn. Foto: Arne Ole Lindahl
Elva Rukkedøla, tatt frå Hajembrua fredag morgon klokka seks.
Elva Rukkedøla, tatt frå Hajembrua fredag morgon klokka seks. Foto: Terje Cato Bidne
Elva Rukkedøla frå Hajembrua i Nesbyen fredag morgon klokka seks.
Elva Rukkedøla frå Hajembrua i Nesbyen fredag morgon klokka seks. Foto: Terje Cato Bidne
Elva Rukkedøla frå Hajembrua i Nesbyen fredag morgon klokka seks.
Elva Rukkedøla frå Hajembrua i Nesbyen fredag morgon klokka seks. Foto: Terje Cato Bidne
Wakeboard-trafikk på markensplassen i Nesbyen torsdag ettermiddag.
Wakeboard-trafikk på markensplassen i Nesbyen torsdag ettermiddag. Foto: Magnus Lindahl
Rv7 sør for Nesbyen fredag.
Rv7 sør for Nesbyen fredag. Foto: Terje Cato Bidne
Markensområdet i Nesbyen fredag morgon klokka seks.
Markensområdet i Nesbyen fredag morgon klokka seks. Foto: Terje Cato Bidne

Rv7 sør for Nesbyen fredag klokka. 06.30.
Rv7 sør for Nesbyen fredag klokka. 06.30. Foto: Terje Cato Bidne

.

.

.