Dette biletet er frå koronatesting i Flå i fjor, ved Siv Støen og Sigrid Ingeborg Gislerud.

Vart smitta etter påskebesøk: – Krevjande smittesporing

Ein person i 20-åra er bekrefta smitta av koronaviruset etter å ha vore på påskebesøk i Flå.

Vedkommande har bustadadresse i Flå, men bur ikkje i kommunen til dagleg. Likevel var personen på besøk i bygda i påska.

– Fem personar er framleis i karantene. Smittekjelda er usikker, så det er dermed krevjande sporing, seier ordførar Merete Gandrud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Slutt på dei strenge tiltaka i Hallingdal - her er dei nye reglane

Kommunen fekk beskjed om den positive prøva laurdag. Sporing vart sett i verk, og mange vart kalla inn til testing.

Det har blitt tatt 21 hurtigtestar, alle var negative. Etter vanleg prosedyre vart det også tatt ordinær test. Også desse kom att negative.

Les også
Slår full smittealarm: Sju smitta etter store festar i påska - ber folk teste seg

Sjølv om tilfellet er ramma inn, ber kommunen folk om å ha låg terskel for å teste seg.

– Alle som får luftveginfeksjon med feber, blir tungpust, mistar smak- eller luktesans, får sår hals eller kjenner seg sjuke må ta kontakt med kommunen for å ta ei prøve, seier Gandrud.

– Kommunen følgjer situasjonen tett, seier ordføraren.