Vegvesenet planlegg ikkje trafikkfeller, sa prosjektleiar Sigurd Velken.
Vegvesenet planlegg ikkje trafikkfeller, sa prosjektleiar Sigurd Velken.

Varslar millionkrav mot Nes etter utsetjinga av Essoplass-sikring

Nes kommune kan få eit krav i millionklassen etter at utbyggingsplanane på Essoplassen i Nesbyen vart stoppa. – Uforståeleg, seier ordførar Tore Haraldset.

I junimøtet fekk Nes kommunestyre presentert ei skisse utarbeidd av Statens vegvesen til trafikksikring av Essoplassen i Nesbyen. Dette var ei prosjekt som ikkje kom med i investeringsbudsjettet i år, men Buskerud fylkeskommune var ein pådrivar for å få sikra plassen og ville ta rekninga på fire millionar, vart det opplyst, og ikkje ei 50/50-deling slik det opprinneleg var meininga.

Samtidig vart det kjent at vegvesenet alt hadde inngått avtale med ein entreprenør som var klar til å setje i gang. Viss ikkje kunne kommunen bli stilt økonomisk ansvarleg. Politikarane reagerte sterkt på denne trusselen, og eit fleirtal i kommunestyret vedtok å utsetje saka i påvente av ei heilskapleg skisse for sentrum. Dessutan var dei ikkje fornøgde med løysinga til sikring av plassen, som vegvesenet hadde utarbeidd. Dermed stoppa heile prosessen. Men no blir han sett i gang igjen. Kommunestyret slutta seg samrøystes til eit forslag frå Knut Jakob Larsen (Ap) om å inngå avtale med fylkeskommunen om trafikksikring av Essoplassen med utgangspunkt i vegvesenets skisse med gjennomføring i 2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

Får krav

Men det viser seg altså at det ikkje var tomme truslar som kommunestyret fekk presentert.

Vegvesenet og entreprenøren er no i dialog om eit oppgjer etter at det ikkje blir sett i gang noko arbeid på Essoplassen i år. I kommunestyret torsdag, der to representantar frå Statens vegvesen orienterte om prosjektet, vart det opplyst at det kan dreie seg om 1,9 millionar eksklusiv moms, trass i at det ikkje var gjort noko politisk vedtak i Nes om å gjennomføre skissa til vegvesenet, og at kommunen ikkje har skrive under nokon utbyggingsavtale.

– Kommunen er ikkje involvert i nokon avtale. Då er det vanskeleg å forstå at kommunen må ta rekninga, sa Haraldset.

Prosjektleiar Sigurd Velken og byggeleiar Victor Jolsvay i Statens vegvesen følgde debatten i kommunestyret.
Prosjektleiar Sigurd Velken og byggeleiar Victor Jolsvay i Statens vegvesen følgde debatten i kommunestyret.
– Vegvesenet planlegg ikkje trafikkfeller, sa prosjektleiar Sigurd Velken.
– Vegvesenet planlegg ikkje trafikkfeller, sa prosjektleiar Sigurd Velken.

På toppen av dette kjem at kontrakten med entreprenøren var på 5,5 millionar, altså halvannan million meir enn fylkeskommunen dekker.

– Kven dekker denne differansen, spurte Bård Heio (H).

– Det har ikkje vore nokon dialog mellom kommunen og fylkeskommunen om det, svara rådmann Henrik Skovly.

Delikat

Men denne saka har også ei annan delikat side. For fekk kommunestyret korrekte opplysingar i junimøtet?

Frode Aaslid (Ap), som var til stades på møtet mellom kommunen, vegvesenet og fylkesordføraren sist fredag der Essoplassen, var tema sa i kommunestyret at fylkeskommunen ikkje hadde løyvd fire millionar slik heile kommunestyret fekk opplyst, men at dei siste to millionane i realiteten vart lagt på bordet på møtet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det stadfestar fylkesdirektør for samferdsel, Gro Solberg, overfor Hallingdølen.

– Opprinneleg skulle fylkeskommunen dekke to millionar og kommunen det same. Men når me vart kjent med at Nes ikkje budsjetterte med desse to millionane i år, heiv med oss rundt og forskotterte dei to millionane som Nes skulle betale. Dei skulle tilbakebetalast tilbake i 2020.

– Var det på dette møtet dei fire millionane vart lagt på bordet?

– Ja, i møtet konkluderte me med at Nes ikkje skal betale dei to millionane som var deira finansiering.

– Tryggleiken viktigast

– Fekk ikkje kommunestyret korrekte opplysningar, ordførar Haraldset?

– Me må halde oss til utgreiingane me får. Me gjekk ut ifrå at prosjektet var fullfinansiert. Men for oss i Bygdelista var det tryggleiken for ungane som var viktigast då me gjekk inn for skissa til vegvesenet.

– Men kva hadde skjedd dersom kommunestyret visste at fylkeskommunen berre forskotterte to millionar?

– Det burde ikkje ha vore avgjerande. Trafikktryggleiken er det viktigaste, seier Haraldset, konfrontert med uttalen frå Gro Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Haraldset viste også i kommunestyret til at Solberg har gjort det klart at viss anbodet er høgare enn 5,5 millionar må fylkeskommunen gjere ei vurdering av prosjektet.

Solberg stadfestar at det kjem eit erstatningskrav mot kommunen. Det blir trekt frå det fylkeskommunale tilskotet.

– Har kommunen akseptert det?

– Det var konklusjonen i møtet, seier Gro Solberg.

...

– Viktig å kome i gang

Statens vegvesen jobba tett med Nes kommune for å utarbeide ei løysing for å trafikksikre Essoplassen.

– Me samarbeidde på administrativt nivå, svara prosjektleiar Sigurd Velken på spørsmål frå Bård Heio (H).

Statens vegvesen orienterte om prosessen og skissa som er lagt fram i kommunestyret torsdag. Sigurd Velken sa at vegvesenet var klar over at utbygginga skulle politisk behandlast i junimøtet, men at arbeidet var så samordna med kommunen at ein sette i gang, også fordi det var viktig å kome i gang før fellesferien. Han orienterte også om løysinga, og slo fast at vegvesenet ikkje planlegg trafikkfeller. Det viktige har vore at ein slik plan er ryddig oversiktleg for bilistane. Skissa omfattar korttidsparkering, busshaldeplassar, gangfelt og parkering til kyrkja. Ei trapp opp til kyrkja vart også teikna inn, den låg ikkje i mandatet, sa Velken.

Artikkelen held fram under annonsen.

...

– Flott!

Fylkesdirektør for samferdsel, Gro Solberg, er fornøgd med vedtaket i Nes kommunestyre.

– Det synest eg er flott. No er eg mest oppteken av at me legg heile historia bak oss og finn løysingar, slik at me kan kome i gang med arbeidet. Og dei fire millionane står ved lag, seier Gro Solberg.

 

«Kvifor vart det inngått kontrakt fire dagar før kommunestyrets behandling?»

Rune Ihle (H)

«Me ville kome i gang før fellesferien. Me har hamna i ein spesiell situasjon.»

Sigurd Velken, Statens vegvesen

«Statens vegvesen arbeider for fylkeskommunen og har inngått kontrakt med ein entreprenør. Kommunen har ikkje signert nokon kontrakt.»

Rådmann Henrik Skovly

«Hadde me ikkje utsett saka i juni, måtte kommunen betale to millionar.»

Frode Aaslid (Ap)

«Me har fått to millionar meir i tilskot.»

Endre Storhaug (H)

«Dette er toppen av rot.»

Bård Heio (H)

«Eg har tillit til at vegvesenet og administrasjonen i kommunen kjem fram til ei løysing som sikrar ungane. Me må halde oss til fagfolka.»

Nils Rodegård (Bygdelista)