Politikontakt Pål K. Mikkelrud seier at politiet vil følgje med. (Arkivfoto)

Varsla politiet om festglad ungdom i Ål

Festglad ungdom i Ål gav blaffen i korona-viruset.

Bilar med tilsynelatande rusa ungdom i festhumør vart observert i Ål i helga. Ein bekymra innbyggar som var vitne til det heile varsla politiet.

– Me har varsla politipatruljane at dei må følgje med, seier politikontakt Pål K. Mikkelrud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mikkelrud seier at politiet vart varsla fordi ungdommane openbert berre gav blaffen i dei tilrådingane som er komne om å ta koronaviruset og faren for smittespreiing på alvor.

– Dette er noko alle må ta på alvor og jobbe med, seier Mikkelrud.

– Korleis kan politiet reagere på festing?

– Me vil sjekke kva som skjer. Festing no er ikkje måten å gjere det på. At det blir samla mykje folk på fest, trur eg også folk vil reagere på. Og det var det som skjedde no, seier Pål K. Mikkelrud.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.