Slik såg det ut ved Dyranut på Hardangervidda i 10.30-tida sundag føremiddag. Det er kvitt i terrenget og ligg snøslaps i vegbanen.
Slik såg det ut ved Dyranut på Hardangervidda i 10.30-tida sundag føremiddag. Det er kvitt i terrenget og ligg snøslaps i vegbanen.

Vanskelege køyreforhold - Fv50 open att

Fjellovergangane er opne, men det er dårlege køyreforhold. Fv50 er open att etter eit steinras ved Vassbygditunnelen i Aurland.

Vinteren bankar på døra. Folk som skal mellom aust og vest bør skifte til vinterdekk.

– Snøgrensa er synkande

Fv 55 over Sognefjellet vart stengd laurdag kveld og kjem neppe til å bli opna sundag. Her har snøen lagt seg både i terrenget og i vegbana. Like vinterleg er det ikkje på fjellovergangane i vårt distrikt. Men også her er det meldt om utfordrande forhold sundag. Det er ikkje tilrådeleg å krysse fjellet på sommardekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Snøgrensa er synkande og i kveld kjem den til å ligge på 900 – 1200 moh., seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg til NRK.

Temperaturen synk

Ved Dyranut på Hardangervidda var det kvitt alt sundag morgon. Utover dagen varslar yr.no både kraftig vind og mykje nedbør. Temperaturen på fjellet er 1–2 plussgrader. Utover dagen kjem nedbøren som regn, men i kveld og natt synk temperaturen og frå klokka 20 sundag kveld går nedbøren over til snø, melder Yr.

Måndag blir det kuldegrader, snø og frisk bris på dei som skal over Hardangervidda på Rv7.

Stiv kuling og sludd

På Hemsedalsfjellet blir dagtemperaturen 5–6 plussgrader. Det blir sterk kuling og enkelte byger. I kveld synk temperaturen og eventuell nedbør vil kome som snø.

På Fv50 Hol–Aurland blir det null grader og sludd utover sundagen. Yr.no melder om liten til stiv kuling over fjellet. Frå klokka 19 kjem nedbøren som snø og temperaturen synk til 3 kuldegrader i løpet av natta. 

Vinden skal auke til sterk kuling eller liten storm utover kvelden.

Steinras i Aurland

Ved 13-tida sundag melde Statens vegvesen at Rv50 var stengt ved Vassbygditunnelen i Aurland på grunn av steinras.

Litt etter klokka 16 sundag var det rydda opp. Fylkesvegen er no open att.