Uvdal Fjellhandel.
Uvdal Fjellhandel.

Uvdal: Innbrot i matbutikken

Tjuvar har vore på ferde i ein matbutikk i Uvdal.

Det var klokka 01.24 natt til tysdag at innbrotsalarmen gjekk i ein daglegvarebutikk i Uvdal.

Eigaren reiste sjølv til staden og kunne melde om at ei rute var knust. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet i Sør-Aust melder rett før klokka 14 tysdag at det ikkje ser ut som noko er borte frå butikken. 

Men butikkeigar Halvor Rennehvammen i Uvdal Fjellhandel opplyser at eit tobakksskap er rive opp.

- Det er tydeleg at tjuvane har hatt dårleg tid, seier Rennehvammen, som sjølv var på plass seks minutt etter at alarmen gjekk. 

Halvor Rennehvammen.
Halvor Rennehvammen.

- Hærverket er det verste, tykkjer Rennehvammen. Politiet har sikra spor på staden og vil etterforske innbrotet.

Det var innbrot i butikken også i september 2016. 

Klokka 12.26 melde politiet i Sør-Aust om at det var oppdaga innbrot også på Rødberg kino. Politiet hadde då endå ikkje vore på staden, og visste ikkje kva som eventuelt var stole eller øydelagt.