Politi.
Politi.

Utforkøyring på riksveg 7

Ein bil køyrde av vegen ved Gulsvik i morgontimane sundag.

Nødetatane rykka ut til staden klokka 08.45. Uhellet hadde skjedd på riksveg 7 i Flå, i nærleiken av Gulsvik. Politiet melder at det er snakk om ein einsleg bil som har køyrt av vegen. 

Det sat ein person i bilen, men denne skal ikkje vere alvorleg skadd. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet melde først om at det eine feltet ville bli sperra i forbindelse med bilberging, men rett etterpå vart det klart at trafikken flyt som normalt på staden. Vegen vil derimot bli heilt sperra i ein kort periode når bilen skal bergast.