Utbrotet i Hol held fram å auke: 32 personar er no smitta

Rundt 100 personar har blitt koronatesta i Hol dei to siste dagane. Det kjem stadig fleire positive prøver.

Tre nye vart bekrefta smitta onsdag formiddag, og kommunen venta endå fleire prøvesvar utover ettermiddagen og kvelden.

Talet på smittetilfelle er oppe i 32 sidan torsdag. På seks dagar har altså koronaviruset tatt godt for seg i Hol.

Les også
Hol tek grep: Ber folk bruke munnbind og halde avstand

Som følgje av dette har kommunen kome med ei rekke sterke anbefalingar til korleis innbyggarane kan hjelpe til med å avgrense utbrotet, mellom anna ved å bruke munnbind og ha få nærkontaktar.

– Me har god nok kapasitet til å få gjort det nødvendige arbeidet med testing og smittesporing. Men det er sjølvsagt mykje jobb som blir gjort no, sa kommuneoverlege Silje Koldal etter testinga onsdag formiddag.

Stammar frå arrangement

Dei smitta er i hovudsak lokale. Fellesnemnaren i det pågåande utbrotet er eit sosialt arrangement for halvanna veke sidan.

– Me snakkar her om vaksne smitta, og ein type arrangement med høg sosial faktor og mykje alkohol involvert, sa Koldal måndag.

Les også
Over 40 smitta i Hallingdal så langt i oktober: Sjå heile oversikta her

Dei fleste som har blitt smitta er folk som ikkje er vaksinert. Men ifølgje kommuneoverlegen er det både fullvaksinerte og delvaksinerte blant dei som har testa positivt.

– Fleire av desse har blitt markant sjuke, fortel ho.

Nøye med smittevernet

At det stadig dukkar opp fleire smitta, underbyggjer at det er villsmitte laus i Hol. Kommuneoverlege Koldal har på det sterkaste oppmoda sine sambygdingar til å vere varsame dei kommande vekene.

– Hald deg til generelle smittevernreglar. Sjølv om meteren og oppmodinga om bruk av munnbind er borte, er det ikkje ulovleg å tenke sikkerheit. Det vil vere fornuftig å legge inn ein ekstra sikkerheitsmargin dei neste vekene, til dette er avklart. Ver gjerrig på nærkontaktane dine. Særleg om du ikkje er vaksinert, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Var i karantene - rulla med russebil