Utanlandsstudentar råka av historisk svak krone

Rekordsvak krone kan ha enorme konsekvensar for utanlandsstudentar. Dei håpar på betring til hausten.

Onsdag 19. mars melde E24 om den verste kronekollapsen i moderne tid. Organisasjonen for norske studentar i utlandet (ANSA) er sterkt uroa for at fleire må pakke sakene og avbryte studiet. Hallingdølen har vore i kontakt med studentar som tek graden sin utanlands. Dei merkar endringane, men har enno ikkje panikk.

165 norske kroner for 100 danske

Sigrid Ransedokken frå Gol studerer til å bli sjukepleiar i København. På sitt aller verste var 100 danske kroner verdt nesten 165 norske. Det tilsvara eit byks på meir enn 10 kroner i løpet av to døgn. Sjølv har Ransedokken vore i Norge dei siste månadene, og har ikkje direkte kjent på effekten av svak krone. Men ho håpar ikkje den dårlege kursen varar ved.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Veit ikkje når ho kan ta eksamen

– Det skremmer meg om krona held fram med å vere så dårleg, og om utbetalinga frå Lånekassen ikkje blir regulert nok etter valutaen. Då vil me sitje att med for lite pengar til alminnelege forbruksutgifter som mat, bu, skule og fritid, fortel ho.

Ragnhild Fuglesteg Luksengard (f.v), Torunn Jegleim og Hanne Vedvik framfor katedralen i Bristol. Torunn studerer internasjonal politikk og statistikk, og er ferdig i 2021.

Lånekassen skal justere støtta

I utgangspunktet skal Lånekassen justere støtta viss valutaen har endra seg med meir enn eitt prosentpoeng på utbetalingstidspunktet, jamstilt med det fastsette kursen for året. Likevel er det ikkje sikkert at dette kan kompensere for auka kostnader.

– Viss det held fram slik så går det ikkje lang tid før ein når det punktet kor Lånekassen ikkje strekker til. Då er ein avhengig av oppsparte midlar, seier Torunn Jegleim frå Gol. Ho studerer ved University of Bristol i England.

Les også
Bachelorgrad, Boris og Brexit

– Håpar me ser toppen no

Jegleim meiner ho slapp unna dei verste konsekvensane fordi ho førte over pengane frå Lånekassen til engelsk konto i januar. Etter kollapsen i mars var pundet på godt over 13 kroner.

– Eg har ein del norske vener som bruker norsk bankkonto. Dei kjenner på svingingane frå dag til dag, så det kan nok vere ein fordel å ha engelsk konto, seier ho. Det betyr likevel at ho er veldig avhengig av korleis kursen er i det augneblikket pengane frå Lånekassen skal gjerast om til pund.

– Kva tenkjer du om økonomien til hausten?

– Eg er ikkje så veldig uroa enno. Eg håpar me ser toppen no og at det ikkje blir så mykje verre, svarar Jegleim.

Les også
Starta hjelpearbeid for unge i Kenya

Feriejobb er redninga

Joakim Moen frå Nesbyen er på femte og neste siste året av medisinstudiet i Krakow i Polen. Han rakk å betale skulepengane på vel 100.000 kroner før kursen vart rekordsvak i mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Joakim Moen frå Nesbyen studerer medisin ved Jagiellonian University i Krakow. I ferien jobbar han på Akershus universitetssykehus.

– Er du uroa for siste skuleåret?

– Personleg må eg seie at eg ikkje er så bekymra. Det vil vere litt tungt å betale meir enn eg er vane med, men eg er greitt økonomisk skodd på grunn av jobb, fortel han. Situasjonen er meir prekær for dei som kanskje går ein sommar i møte utan arbeid. Moen har ikkje høyrt om nokon som har vurdert å avbryte studiet på grunn av den svake krona.

Les også
Tjuvstartar reiselivsfagskulen i juni

– Det er vel heller omvendt. At folk føler dei ikkje har råd til å slutte no som me har blitt gjeldsslavar, ler han.

– Det kan jo også tenkast at nokon studentar kjem betre ut av denne sommaren økonomisk. Trass i den dårlege kronekursen har mange reist heim tidlegare enn planlagt. For dei som har sikra seg ein jobb betyr det fleire månader med inntekt enn normalt, forklarar han og siktar til koronastengde universitet.

Les også
Kvammen ute med singel - starten på nytt album
Les også
Ei annleis skuleavslutning
Les også
Ny sommar - nye sykkelstigar