Ingen personar vart skadde i ei ulykke på Rv7 ved Gulsvik sundag.
Ingen personar vart skadde i ei ulykke på Rv7 ved Gulsvik sundag.

Uskadde etter påkøyrsel

To bilar kolliderte på Rv7 ved Gulsvik sundag føremiddag.

Bilane var på veg oppover Hallingdal då ulykka skjedde.

Den fremste bilen skulle svinge av vegen og inn på ei busslomme på motsett side av vegen. Bilen bak oppdaga ikkje dette. Dermed vart det ein samanstøyt. Politiet opplyser at ingen personar vart skadde etter ulykka. Etter ulykka var det kø forbi staden. Den eine av bilane stod utanfor vegen og den andre delvis i vegbanen, opplyser politiet.