Trafikkulykka skjedde på Rv7 mellom Torpomoen og den vestre avkøyringa til Torpo.
Trafikkulykka skjedde på Rv7 mellom Torpomoen og den vestre avkøyringa til Torpo.

Uavklart skadeomfang - riksvegen open att

Politiet kan førebels ikkje seie noko om korleis det har gått med dei involverte etter trafikkulykka ved Torpomoen måndag.

- Fem personar vart floge til Ulllevål. Me har ikkje fått nokon tilbakemelding om tilstanden deira, opplyser Kamilla Einarsdatter ved politiet sør øst tysdag morgon.

På skadestaden vart dei definert som hardt skadde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ni involverte

Det var ni personar involvert i ulykka, og dei fire som vart sendt til Ringerike sjukehus har det gått bra med. Tre av dei er ifølgje politiet behandla for mindre skader. Den fjerde var ikkje skadd.

Front mot front

Det var to bilar som frontkolliderte på Rv7 ved Torpomoen i Ål måndag i 16-tida. I den eine bilen sat ei kvinne og to barn, i den andre to eldre kvinner.

Deretter vart to andre bilar involvert i ulykka. I den eine sat ein mann og to barn, i den siste ein mann.

To av bilane høyrer heime i Hallingdal.

- Det er personane i bilane som fyrst frontkolliderte som vart mest skadd, fortel skadestadsleiar Odd Halvard Seterdal.

Mange hjelpte til

Politiet var på Torpo då alarmen gjekk 18 minutt over klokka 16 måndag. To-tre minutt etterpå var politiet på staden. Etter kvart kom både brannmannskap og ambulansar. Dei fem mest skadde vart frakta til Ullevål i tre luftambulansar.

- Folk kom raskt til etter ulykka, og fleire gjorde ein fantastisk jobb med å ivareta dei skadde og hjelpe til, fortel Seterdal.

Vegen open att

Politiet har i natt gjort seg ferdig med undersøkingar på ulykkesstaden. Men Statens vegvesen si ulykkesgruppe heldt fram med sine undersøkingar tysdag føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved 12.30-tida tysdag vart riksvegen opna att.