Mikkel Andreas Trøstheim (til venstre) gjekk på ski frå Gravset i Hemsedal til Turufjell i Flå laurdag. Her i lag med Mats Østdahl.

Turen tek eigentleg fire dagar - Mikkel (23) brukte sju timar og 23 minutt

For å vise fram løypenettet i Hallingdal og gi merksemd til Turufjell gjekk Mikkel Trøstheim 115 kilometer på ski - på éin dag.

– Fyrst og fremst må eg berre rose løypekøyrarane i Hallingdal. Dei løypene me har her i dalen er heilt råe!

Trøstheim er kvalm og sliten, og det er ikkje så rart. Han har nettopp gått gjennom heile dalen på ski. Turen han har gått, som strekker seg frå Hemsedal til Flå, er kjent som Eventyrløypa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mikkel Andreas Trøstheim i godt driv gjennom dalen.

– Eg har fått i meg litt middag no, men eg er framleis litt kvalm etter mykje energi-gele og slikt, fortel han på telefon laurdag kveld.

Starta med ein «kalddusj»

Flåværingen Trøstheim er ein sprek 23-åring. Tidlegare har han sprunge frå Flå til Oslo på rett under 12 timar, og gått femmila på ski.

– Eg er litt på utkikk er utfordringar og slike ting som dette, fortel han.

Då han sprang til Oslo gjorde han det for å vise at det ikkje er langt frå Oslo til Flå. No vil han vere med å vise det store løypenettet som er knytt til Turufjell. Trøstheim er lærarstudent i Oslo, men har tidlegare jobba for fjelldestinasjonen. No i påska skal han køyre skiheisen på Turufjell.

Turen starta friskt laurdag morgon på Gravset i Hemsedal. Klokka 06 tok han dei fyrste stavtaka, i 22 minusgrader.

Ein frisk start på dagen og turen!

– Eg angra greitt den fyrste mila. Det var brutalt med kald og tørr snø og ingen gli, fortel friskusen, som ikkje har gått så mykje på ski tidlegare denne sesongen.

– Totalt har eg nok ikkje gått meir enn 10 mil eingong i år. Så det var seigt.

Men så kom sola

Trass i den tøffe starten blei det etter kvart betre. Med seg hadde han kameraten Mats Østdahl som «hjelpegåar», han var med på enkelte parti og kom med mat og drikke undervegs.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då sola kom så gjorde det susen, fortel Trøstheim.

Les også
– Dette er mykje betre enn Skarverennet om du spør meg!

Langturen fekk gjennomslag hos vêrgudane. Laurdag i palmehelga er førebels kanskje årets finaste dag.

– I dette vêret anbefaler eg alle å kome seg ut på ski i påska, seier han.

For Trøstheim, som ikkje har gått på ski andre stader i Hallingdal enn i Flå, baud turen på nye inntrykk.

– Det var utruleg mange fine utsikter og inntrykk. Over Holtelifjellet såg eg ein flokk med reinsdyr. Det var utruleg fint, fortel han.

Emosjonell berg- og dalbane

Eventyrløypa er ein kupert tur, og dei fleste som legg ut på han vel å gjere det over fleire dagar. Ut.no reknar at ein må bruke fire dagar. Langturen laurdag vart promotert av Turufjell, som arrangerte konkurransar der ein kunne gjette kor lang tid turen ville ta. I effektiv gåing brukte flåværingen sju timar og 23 minutt.

Les også
Golberg med 38 skirenn på 19 veker: – Det er pers for min del

Trass godvêret var det tungt heile vegen for Trøstheim:

– Sjølv om det vart fint vêr så var det tungt. Det var ein emosjonell berg- og dalbane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vurderte du å gje deg nokon gong?

– Nei. Litt av poenget er at når folk følgjer med, og ein går for nokon eller noko, så har ein ikkje noko val. Då må ein berre gjennomføre.

Mikkel Andreas Trøstheim i mål på Turufjell laurdag ettermiddag. Då var det grunn til å feire med ein doggfrisk ein.

Trass i flotte parti med naturopplevingar er det eit desidert høgdepunkt:

– Det var då ein kar som hadde fått med seg konkurransen møtte opp og gav meg to skiver med Nugatti, ein Solo og Kvikk Lunsj. Det skjedde då eg verkeleg trong det og hadde veldig lågt blodsukker. Han kom som ein reddande engel.

– Når blir neste langtur på ski?

– Hehe, akkurat no er det vel større sjanse for at skia mine hamnar på finn.no enn å leggje ut på ein ny tur. Eg må ærleg innrømme at eg no er ganske forsynt med ski, fortel han.