Nærkontaktane til den smitta vil bli testa torsdag. Her eit bilete frå koronatesting i Ål rett etter nyttår.

Truleg første tilfelle av det muterte viruset i Hallingdal

Ein person testa onsdag positivt for koronaviruset i Hemsedal. Tilfellet blir spora tilbake til ein kommune med kjent utbrot av den britiske mutanten.

Rundt ti personar er sett i karantene som følgje av den positive prøva. Desse vil bli testa torsdag.

– Me håpar me har fått ramma inn dette utan at det får ytterlegare konsekvensar, men om me får fleire positive prøvesvar i morgon så må me setje i verk store tiltak, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire i karantene

Det positive prøvesvaret tikka inn hjå kommunen onsdag ettermiddag. Det vil bli sendt vidare til analyse, men sidan smittetilfellet kan knytast tett opptil eit kjent utbrot av det muterte viruset, er det ifølgje Underland liten tvil om at den smitta er råka av mutanten.

– Vedkommande som testa positivt var sett i karantene sundag, og utvikla symptom tysdag. Vedkommande gjestar Hemsedal, men har bustadskommune i eit område der det er utbreidd smitte av den muterte engelske varianten. På arbeidsplassen til vedkommande har smitta spreidd seg raskt til mange tilsette, det gjer at me trur dette dreier seg om eit mutert virus som smittar raskt. Vår smittesporingsgruppe har vore i dialog med smittesporingsgruppa i vedkommande sin heimkommune, som har bekrefta dette og informert om at dei fleste smittetilfella dei ser i sin kommune no er knytt til den engelske mutanten, seier Underland.

Les også
Smittekaos i nabokommunen: – Me følgjer ekstra spent med

Det har gått nokre veker sidan det første, kraftige utbrotet av den britiske mutanten. Det skjedde i Nordre Follo, og utløyste svært strenge tiltak for Oslo-området. Nyleg fekk også Bergen eit større utbrot, og enkelte kommunar er hardt råka. Aller verst har det vore i vesle Ulvik kommune, der over 100 av dei 1067 innbyggarane er smitta.

Med ein mutant som stadig breier om seg, er det kanskje ikkje så overraskande at den dukkar opp også i Hallingdal.

– Det er på ein måte venta, men absolutt noko å vere var på. Me veit at denne mutanten smittar lettare, som i seg sjølv er urovekkande. Me har sett kor fort det har spreidd seg i andre kommunar. Dette er eit varsku om at når viruset først dukkar opp, er me berre så gode som me har vore den siste veka, seier Underland.

Klar påminning

I det ligg det ei enkel melding: Kor gode me var med smittevernet for ei veke eller to sidan spelar ingen rolle om me har senka skuldrene dei siste dagane. Ingen veit når viruset dukkar opp. Derfor minner Underland om at alle heile vegen må vere på tå hev når det gjeld dei grunnleggande smittevernreglane.

– Avstand, reinhald, sprite hender, bruke munnbind. Me veit at dette ikkje berre smittar ved dropesmitte. Det kan også vere «aerosol smitte», som betyr at små dropepartiklar kan hengje i lufta i mange minutt, til dei landar på overflater. Dette gjeld alle virusvariantar, men dei muterte binder seg lettare og smittar derfor lettare. Avstand og reinhald av hender og overflatar er derfor avgjerande, seier ho.

Torsdag blir ein spennande dag i Hemsedal, til ein ser resultatet frå testinga av nærkontaktar. Når det er snakk om den britiske mutanten, blir det ikkje tatt nokon sjansar. Det er faktisk slik at også familiemedlemmar til kjente nærkontaktar blir sett i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er rekna at denne varianten av viruset er 40-70 prosent meir smittsam, seier Underland.