19. mai og framleis topp skiføre. På Golsfjellet er det køyrd opp 40 km med løyper.

Trudde du skisesongen var over? Då tek du definitivt feil!

Kalde netter og masse snø. Er du skilysten, kan du framleis ha fine opplevingar i fjellet.

Minusgradene har stoppa smeltinga i fjellet. Det betyr at skisesongen på ingen måte er slutt. Iallfall ikkje etter vêret å døme.

Pass på skred

Stort sett kan ein gå kvar ein vil, uavhengig av skiløyper. Men fjellvettreglane gjeld like mykje som før. Sist helg fekk me demonstrert det då det gjekk to snøskred i Hemsedal. To skiløparar vart tekne då dei køyrde ned ei bratt renne i Hestebottfjellet i Hemsedal sist fredag. Til alt hell kom dei frå skredet utan alvorlege skader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
To tatt av snøskred - her blir dei henta ut med helikopter

Seinare på dagen gjekk det eit nytt skred i Hemsedal, på austsida av Svarthetta. Også her var to skiløparar involvert, men ingen vart skadd.

19. mai og framleis topp skiføre. På Golsfjellet er det køyrd opp 40 km med løyper.

40 km løyper

På Golsfjellet er det tysdag framleis flotte skiforhold. Ferske bilete syner at det er køyrd opp 40 kilometer preparerte løyper. Har du ikkje sett vekk skia, er det framleis gode moglegheiter for fine skiturar.

Les også
Våren på sparebluss

Men frå torsdag vil det gradvis endre seg, skal me tru yr.no. Då blir det slutt på nattefrosten. Det betyr ikkje over og ut for skiturar, men med smelting både dag og natt blir forholda vanskelegare.