F.v. Jørund Li (H), Solveig Vestenfor (Ap), Ole Egil Trintrud (Sp) og Sissel Urke (V).
F.v. Jørund Li (H), Solveig Vestenfor (Ap), Ole Egil Trintrud (Sp) og Sissel Urke (V).

Trintrud (Sp): - Eg er lettare i sjokk her

Dei grøne spådomane gjekk i oppfylling i Ål. Senterpartiet gjorde eit brakval og fekk 34 prosent av stemmene.

Med ein framgang på 12,9 prosent ligg Senterpartiet an til å gå frå fem til ni sete i kommunestyresalen.

– Eg er lettare i sjokk her. Eg hadde ikkje rekna med så god oppslutning, seier Ole Egil Trintrud (Sp). 12,9 prosent framgang er absolutt innanfor, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva skuldast framgangen, trur du?

– Sp har stått fram som eit parti som har tatt skikkeleg standpunkt i fleire saker. Eg vil tru at det betyr ein god del.

Maktbalansen har snudd

Tidleg valkvelden såg det ut til å bli nærast daudt løp mellom Ap og Sp. Då 703 førehandsstemmer var talde, stod Ap med 33,6 prosent av stemmene. Like bak låg Senterpartiet med 32 prosent. Sp låg alt då an til å få størst framgang frå sist val med 10 prosentpoeng. Men då stemmene var talde kunne altså fyrstekandidat for Ål Sp, Ole Egil Trintrud, legge på endå eit par prosentpoeng.

Senterpartiet fram og Venstre tilbake.
Senterpartiet fram og Venstre tilbake.

– Eg er førebels mest sjokkskadd. Men også både stolt og glad for at Sp har gjort eit kjempegodt val. Samstundes er eg veldig overraska over samansetninga i resten av kommunestyret, særleg nedgangen til Venstre, seier Trintrud.

Venstre såg det største nederlaget. Med ein nedgang på 12,8 prosentpoeng ligg partiet an til å gå frå fem til eitt mandat.

– Blir det Senterparti-ordførar i Ål?

– No har ingen av partia reint fleirtal. Men eg føler at me har levert ein brukbar søknad. Så får me ta det derifrå – det er no me skal begynne å forhandle, seier Trintrud. – Eg har førebels ikkje prata med nokon andre i partigruppa, og me må sjå an det endelege resultatet før me kan seie noko om kven me vil samarbeide med, legg han til.

No begynner hestehandelen

Ap vart nest største parti med 33,8 prosent, og ein framgang på 2,4 prosentpoeng frå sist kommuneval. Førebelse tal syner at partiet blir ståande som i dag, med åtte mandat i kommunestyret. Såleis har maktforholdet mellom Sp og Ap no snudd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me hadde venta eit sterkt Sp. Og det innfridde. Samstundes er eg glad for at me har greidd å forbetre resultatet vårt ytterlegare frå sist val, seier sittande ordførar Solveig Vestenfor (Ap).

– Vil Ap støtte ein Sp-ordførar?

– Utgangspunktet vårt er at eg skal få halde fram. Men det står att og sjå etter forhandlingane.

Også Vestenfor er overraska over den kraftige nedgangen til Venstre.

– Det er ei dramatisk endring viss det blir slik. Tysdag blir ein spennande dag. Eg er sjølvsagt veldig glad for resultatet til Ap. Men samstundes er eg ikkje så glad for skeivheita mellom partia. Det gjer at me som blir store får eit kjempeansvar knytt til å få gode politiske diskusjonar der ulike stemmer kjem til ordet, seier ho.

Venstre blir småparti

Fyrstekandidat i Ål Venstre, Sissel Urke, legg ikkje skjul på at ho er skuffa over resultatet slik det ser ut no.

– Det vart kanskje ein litt større skrell enn me hadde trudd. Det må eg ærleg innrømme. Me rekna med å tape noko, men ikkje i den graden me har gjort no.

– Venstre ligg an til å bli eit småparti?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er tragisk. Det er ikkje anna å seie enn det. Å sitte åleine i kommunestyret blir ein stor overgang for oss. Men veljarane har talt, og det tek me sjølvsagt til etterretning.

Kor veljarane har gått er ikkje lett å seie. Somme har truleg gått til Sp, medan andre har vorte freista av comebacket til SV – som med 6,6 prosent oppslutning ligg an til å få to mandat i salen. Med sine 15,2 prosent av stemmene, gjekk Høgre ned 0,6 prosentpoeng. Med det ligg partiet an til å behalde sine fire mandat. Trass nedgang på 1,3 prosentpoeng, ser også Frp ut til å halde på sitt eine mandat med 4,7 prosent oppslutning.