Nok ein test viste seg positiv i Gol denne veka.

Tredje tilfelle av koronasmitte på under ei veke i Gol

Måndag testa ein ny person positivt på koronaviruset i Gol.

– Svaret fekk me i dag. Smittekjelda er ikkje kjent, men basert på informasjon me har er det mistanke om at smitta kjem utanfrå, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam til Hallingdølen tysdag kveld.

Den smitta sit i isolasjon heime, og er meldt å vere i fin form.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skal teste fleire

Dei som jobbar med smittesporing i Gol er no i full gang med arbeidet.

– Akkurat no er éin person i Gol og to i Nesbyen sett i karantene som følgje av dette tilfellet, seier Thurainayagam.

– Me har god oversikt.

– Kan det ende med fleire testar og fleire i karantene?

– Førebels har me god oversikt over nærkontaktane. Me planlegg testing av desse dei kommande dagane.

Fire positive i haust

Tilfellet tysdag er det tredje på under ei veke i Gol. Det første kom torsdag sist veke, deretter fekk legekontoret eit nytt positivt prøvesvar på laurdag.

Les også
Ein person i isolasjon med koronasmitte

Dagens positive tilfelle er det fjerde i kommunen i haust.

– Kva kan du seie om situasjonen generelt, Thurainayagam?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ser ein nasjonal vekst av covid-19, men lokalt har det ikkje vore nokon store utbrot sidan mars/april. Det har vore enkelte tilfelle som me har hatt kontroll over. Det kan skuldast ein kombinasjon av flaks og gode smitteverntiltak, seier han.

– Smittesporing etter tilfella me har hatt har ikkje vist ei lokal smittekjelde. Me er ein turistregion, og det har vore mykje trafikk den siste tida. Det kan vere effekten av haustferie og reiser me ser no. Me må også hugse at me testar langt fleire enn me gjorde i starten av pandemien. Det kan vere ei forklaring.

Les også
Ein person koronasmitta i Gol - alle nærkontaktar er varsla

Thurainayagam meiner det er ein stor fordel at dei no får raskt svar på prøvene.

– Såleis kjem me raskare i gang med smittesporing. På den måten kan me hindre større utbrot, seier han.

Les også
Ein person bekrefta koronasmitta — oppheld seg i utlandet