Illustrasjonsbilete.

Trailer køyrde i fjellveggen i Flå

Føraren fekk problem med noko i halsen, og mista deretter kontrollen over køyretøyet.

Det får Hallingdølen opplyst frå operasjonssentralen hjå Politiet Sør-Øst. Dei fekk melding om hendinga klokka 15.51.

Då hadde ein trailer hatt eit ublidt møte med fjellveggen. Føraren skal ha mista kontrollen og hamna av vegen. Traileren skal vidare ha treft fjellveggen, ikkje med fronten, men med sida av køyretøyet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjåføren vart ikkje alvorleg skadd, men traileren er ikkje i god nok stand til at den kan køyrast vidare med.

Hendinga skjedde på ei rettstrekke mellom Flå og Gulsvik. Eitt køyrefelt er sperra, og framkomsten er derfor noko redusert.