Traileren lyfta på vegen att etter utforkøyring på Rv7 på Ustaoset.

Trailer køyrde av vegen - sjåføren til legevakt

Ein trailer køyrde tidleg torsdag morgon av vegen på Rv7 ved Ustaoset.

Heldigvis ser det ut til at det har gått bra med sjåføren.

– Føraren, ein mann i 40-åra er køyrd til legevakta, skriv politiet på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den fyrste meldinga om ulykka kom klokka 05:25.

– Ikkje promille

Politiet meiner ulykka skjedde då hjula kom utanfor vegbanen og førte til velt.

– Det er ikkje mistanke om promillekøyring, poengterer politiet.

Det blir oppretta sak.

Stengt i to timar

Vegen var ikkje stengt på ulykkesstaden i starten, men vart det i vel to timar frå klokka 09:30 då bilberginga pågjekk. Klokka 11:40 melde Statens vegvesen at det er manuell dirigering forbi ulykkesstaden.

Les også
Mari overlevde terroren på Utøya - i dag vel ho å sjå etter dei lyse sidene av livet
Les også
– Då eg kom tilbake til klassen etter sommaren, sa folk at eg var blitt ein annan person
Les også
Mammahjartet
Les også
Død, blod og krutt. No fortel ho alt