Her sitt Gunn Helness og Lise Blågestad og speler mot eit anna par. Dei må sitte på kvar si side av ein stor plate, sånn at dei ikkje skal kunne kommunisere med kvarandre.
Her sitt Gunn Helness og Lise Blågestad og speler mot eit anna par. Dei må sitte på kvar si side av ein stor plate, sånn at dei ikkje skal kunne kommunisere med kvarandre.

Tradisjon med kortspel i 60 år

Det er ikkje til å stikke under ein stol at gjennomsnittsalderen under NM i bridge på Storefjell denne helga var relativt høg. Likevel var det eit par unge innimellom alle dei «gamle gubbane» som kretsleiar for Buskerud bridgekrets Tor Orsteen omtalte seg sjølv og andre deltakarar.

Det er dei beste av dei beste para som får spele i NM. Det er stor skilnad på det beste og dårlegaste paret som har kvalifisert seg til NM, så for at turneringa skal vere heilt rettferdig, må alle spele mot alle. 

– Det tek omtrent tre dagar, fortel Tor Orsteen, kretsleiar for Buskerud bridgekrets. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er eliten. Det er omtrent 10 000 personar som spelar bridge på konkurransenivå i Norge, så dette er gode spelarar. Ein må vere ordentleg god for å kvalifisere seg, eg klarte det ikkje i år, seier Orsteen. 

Det gjer heldigvis ikkje noko, for dei som ikkje fekk kvalifisert seg til NM, kan spele i Gerd og Andres Nibstad Minneturneringer, som går samstundes med NM. 

– Det er for å heidre foreldra mine, og den bridgetradisjonen som har vore her på Storefjell i 50–60 år, seier dagleg leiar for hotellet, Lars Nibstad. 

Det er mykje ein skal halde styr på når ein spelar bridge. Lise Blågestad seier ho synst bridge er spelet over alle spel og har 20-årsjubileum med kortspelet i år.
Det er mykje ein skal halde styr på når ein spelar bridge. Lise Blågestad seier ho synst bridge er spelet over alle spel og har 20-årsjubileum med kortspelet i år.
Her sitt Ragnhild T. Bråten og Halvor Einar Merødningen og lærar seg bridge. Dei seier det er ein slags komplisert versjon av spelet amerikanar.
Her sitt Ragnhild T. Bråten og Halvor Einar Merødningen og lærar seg bridge. Dei seier det er ein slags komplisert versjon av spelet amerikanar.
108 spelarar var samla i Storesalen på Storefjell hotell i helga. Alle måtte spele mot alle, og turneringa varar difor tre dagar til endes.
108 spelarar var samla i Storesalen på Storefjell hotell i helga. Alle måtte spele mot alle, og turneringa varar difor tre dagar til endes.
Her sitt Tor Orsteen og speler saman med kona si i Gerd og Andres Nibstad Minneturneringer.
Her sitt Tor Orsteen og speler saman med kona si i Gerd og Andres Nibstad Minneturneringer.

Neste generasjon

To av dei unge som hadde funne vegen til Storefjell var Ragnhild T. Bråten og Halvor Einar Merødningen frå Nes. Dei er begge 16 og var på turneringa for å lære seg spelet. 

– Skjønar de noko? 

– Du kan samanlikne det litt med amerikanar, svarar Merødningen. 

– Ja, som ein litt meir komplisert versjon av amerikanar, legg Bråten til.

– Du må rekne ut kor mange poeng du kan få og sånt, seier ho. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei drog til NM med Nils Halvar Bråten, som er leiar for Nesbyen bridgeklubb, og far til Ragnhild. – Eg håpar jo at dei vil begynne å spele fast, eg tenkjer det er ein god alder å starte på. Eg begynte sjølv å spele då eg var 13, seier pappa Bråten.

Dotter Ragnhild seier ho får sjå litt korleis det går i dag. 

Halvor Einar Merødningen seier han synst det var moro å få spele sjølv. 

– Det er folk i familien min som speler bridge, men eg har aldri prøvd før, så det er moro å lære litt, seier han. 

To av ti

Det var heller ikkje så mange kvinner å sjå i havet av grått skjegg og grå hår. Av 54 par og 108 spelarar, var det omtrent ti damer. To av dei som hadde kvalifisert seg til NM var Lise Blågestad og Gunn Helness. Dei har spelt saman i par i fleire år. 

– Me spelar for ein krets i Oslo, og er to av få damer som har kvalifisert seg til NM. Det er diverre eit godt stykke opp til dei beste herrespelarane for dei fleste av damene, seier Lise Blågestad. 

Ho har 20-årsjubileum med bridge i år. 

– Eg begynte å spele i 1999 fordi eg alltid har vore glad i spel. Bridge er toppen av alt, seier Blågestad.