To gutar er sikta for å ha valdteke ei jente natt til fredag. Alle tre er under 18 år.
To gutar er sikta for å ha valdteke ei jente natt til fredag. Alle tre er under 18 år.

To sikta for valdtekt

To gutar er sikta for ei valdtekt i Hallingdal.

Valdtekta skal ha skjedd på ein fest natt til laurdag.

– To gutar under 18 år er sikta. Den fornærma er også under 18, seier jourhavande i Sør-Øst politidistrikt, Ann Iren Svane Mathiassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to sikta er avhøyrt og vart sleppt fri laurdag. Etterforskinga held fram måndag.

– Det er gjort innleiande avhøyr, dei som var til stades på festen er avhøyrt og det er sikra bevis, seier Svane Mathiassen.