Dette biletet er frå ein koronatest i Flå i fjor haust. Det syner Siv Støen og Sigrid Ingeborg Gislerud.

To personar koronasmitta i Flå - kontroll på smittekjelde

Dei to vart testa i Flå, men er no i Oslo.

Begge har bustadadresse i Flå, og vart også testa ved legekontoret i bygda. Sjølv om dei no har reist til hovudstaden, er smittetilfella registrert i Flå.

Dei sit no i isolasjon i Oslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den eine av dei vart testa 3. januar. Vedkommande sat alt i isolasjon, og hadde derfor ingen nærkontaktar. Den andre vart testa 7. januar, og sat alt i karantene.

Ifølgje ordførar Merete Gandrud har den lokale smittejobben vore avgrensa.

– Det er kontroll på smittekjelda for begge to, seier ho.

Les også
Fleire tilfelle av smitte ved innreise - no vil legane ha meir tilsyn
Les også
Smittetalet aukar og vaksinen let vente på seg: – Me er uroleg
Les også
Smitte registrert i skisenteret - ber folk følgje nøye med på symptom