Illustrasjonsbilete

To nye smittetilfelle i Ål - rundt 50 personar er i karantene

Ål fekk måndag eit smittetilfelle som dei enno ikkje heilt har fått avklart. Onsdag fekk dei to nye smitta som har samanheng med måndagens tilfelle.

– Det er eit omfattande sporingsarbeid og mange i karantene, seier kommuneoverlege Geir Strømmen til Hallingdølen onsdag kveld.

Som følgje av smittetilfella denne veka er blant anna ei avdeling i Sundre barnehage sett i karantene, samt ein skuleklasse ved Ål vidaregåande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fleire nye smitta i Gol i dag - er oppe i 20 koronasjuke

Tidlegare onsdag sa Strømmen til Hallingdølen at han venta i spenning på ein del prøvesvar i dag.

– Det er slik når me jobbar med nærkontaktar, noko blir avklart men så kjem det nye moment inn. Det vart tatt mykje prøver i går, som me ventar svar på i dag. Me er spente på om det vil gi ytterlegare spreiing, sa han då.

No er Ål oppe i fem smittetilfelle totalt.

Talet på smitta i Hallingdal og Nore og Uvdal fortset å auke. I heile regionen er det no 39 koronasjuke. Dei fordeler seg slik:

Flå: 3

Nesbyen: 5

Gol: 20

Hemsedal: 3

Artikkelen held fram under annonsen.

Ål: 5

Hol: 2

Nore og Uvdal: 1

Les også
Måtte teste alle tilsette etter smitte: - Blir veldig bekymra når noko slikt skjer