To nye smitta: Tre klassar på vidaregåande i karantene

Smittetalet i Ål held fram å auke.

Laurdag fekk kommunen to nye smitta. Det gjer at Ål er oppe i 34 smittetilfelle dei siste vekene.

Men denne gongen kjem smitta frå ein annan kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tre klassar ved Ål vidaregåande er sett i karantene grunna desse to tilfella, og dessutan eitt til, som også er frå ein annan kommune, seier kommuneoverlege Toril Bøyum.

Ål vidaregåande vart råka av smitte også for to veker sidan. No fortel skulen sjølv på sine Facebook-sider at to klassar er i karantene heile den kommande veka. I tillegg er ein klasse i såkalla ventekarantene.

– Utløyser dei siste tilfella meir sporingsjobb for dykk, Bøyum?

– Det er ein del jobb med smittesporing og organisering. Men sjølve testinga blir delt på fleire kommunar, sidan det dreier seg om elevar frå dei fleste kommunane i Hallingdal - og dessutan nokre utanfor dalen.

Les også
Seks smitta på eitt døgn: – Fare for at det spreier seg
Les også
Fullvaksinert fekk bekrefta smitte: – Ingen kjent smitteveg
Les også
Meir smitte på vidaregåande: To elevar testa positivt