Dette er eit illustrasjonsbilete, frå koronatesting i Ål.

To nye positive på to dagar

I løpet av dei siste to dagane har to personar blitt koronasmitta i Gol. Men ingen av tilfella har fått særleg konsekvensar.

Det første tilfellet kom torsdag. Den smitta var alt i karantene, som følgje av utbrotet i kommunen dei siste par vekene.

Såleis var det venta, og utløyste ingen fleire i karantene eller meir sporing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det andre tilfellet kom fredag. Ein person hadde vore utanfor dalen, og gjorde eit smart grep etter å ha kome heim:

– Personen gjekk i «sjølvvald» karantene, og hadde klart å halde seg heilt i ro, fortel ordførar Heidi Granli.

Det viste seg at nokon som var på same plass som vedkommande hadde testa positivt. Då valde også personen i Gol å teste seg. Prøva kom att med positivt svar.

– Me har god kontroll på denne, sidan personen har hatt såpass avgrensa kontakt med omverda. To personar er sett i karantene mens to er i ventekarantene, seier Granli.

Les også
Kim (30) flytta til Ål og starta firma
Les også
– Det har vore mykje eigeninnsats utan å ta ut løn
Les også
Bråten gir seg på landslaget
Les også
Darling West på museum