To menn er sikta for valdtekt på ei hytte i Hemsedal.
To menn er sikta for valdtekt på ei hytte i Hemsedal.

To menn sikta for valdtekt

To menn er sikta for valdtekt av ei kvinne på ei hytte i Hemsedal.

To menn er sikta for valdtekt på ei hytte i Hemsedal, i følgje TV2. Valdtekta skal ha skjedd natt til laurdag. Dei to mennene er i 30- og 40-åra. Kvinna, som er fornærma i saka, blir undersøkt på valdtektsmottaket i Drammen.

Politiet har gjort fleire avhøyr i saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei to pågripne sit no i avhøyr. No gjer me tekniske undersøkingar av både åstaden og fornærma, seier politiadvokat i Sør-øst politidistrikt, Nina Røed Magnussen til TV2.

Politiet vil førebels ikkje gå vidare inn på kva som skal ha skjedd. Det er ikkje bestemt kor vidt dei to mennene skal fengslast.