Kommuneoverlege i Ål og Hol Geir Strømmen

To har testa positivt for koronavirus i Hol: — Me får det nært på oss no

Til no er det påvist smitte på fem personar i Hallingdal.

Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen, bekreftar at det er registrert to positive koronaprøver i Hol.

Det er førebels det fjerde og femte kjente tilfellet av viruset i Hallingdal. Tysdag vart ein person i Gol og ein person i Hemsedal bekrefta smitta. Torsdag kom same beskjed frå Nesbyen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Ifølge Strømmen har dei god kontroll på det eine smittetilfellet i Hol. Det er reiserelatert, og kan sporast til Østerrike.

Det andre er meir utfordrande. Der har vedkommande vore i kontakt med mange menneske.

– Det er eit stort arbeid å finne fram til alle desse og følge opp med karantene. Det er me godt i gang med no. Smittegruppa i Hol kommune mobiliserer, men det blir ein stor jobb, seier Strømmen.

Begge dei to som no er smitta sit i heimekarantene og har moderate symptom.

– Rett og slett angst

Strømmen ser at situasjonen no eskalerer.

– Me får dette nært på oss no. Det er veldig mange spørsmål frå folk. Mykje uvisse, og rett og slett angst, seier han.

Pågangen med spørsmål og meldingar til helsetenestene er formidabel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Frå måndag vil me få ein eigen informasjonstelefon for korona for alle hallingkommunane. Inntil det må me berre svare på spørsmål så godt me kan, men me håpar folk er tolmodig, seier Strømmen.

Ingen nye tilfelle

I Flå er det førebels ingen som har testa positivt for smitte. Kommuneoverlege Cecilie Rød Medbøen seier fredag morgon til Hallingdølen at dei har tatt ein test det siste døgnet.

På Gol er det fredag morgon ikkje registrert nye tilfelle av koronasmitte, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam. Det er tatt eit par testar det siste døgnet.

I Ål er det framleis ingen som har fått påvist smitte. I Hemsedal er det heller ikkje registrert fleire enn denne eine, og ingen testar vart gjort i går. I dag er det planlagt minst tre.

Les også
Stenger tre hotell - Geilogruppen permitterer 220 tilsette
Les også
Ein dugnad for framtida!
Les også
Maks femti personar per gravferd